Rødur fraa Seljor.

  

Bladstyring. – Radikalisme. – Kristianiapolitikk.

 

 

No, daa eg er i Seljor, er det greidt, at eg ikkje kann stella med Bladstyret av Fedraheimen  sameleis, som um eg var i Kristiania. Eg hev ein Mann inne i Kristiania, som greider det daglege Arbeidet i Vinter, men eg hev likevæl Namnet mitt standande paa Bladfoten og er andsvarleg for Bladet, iallfall for Grunndraget i det. Endaa det nok paa den Visi kann koma inn mangt og mykje, som eg kunne ynskja ikkje var innteket og likeins mangt gjort paa andre Maatar, enn eg vilde. Eg held det likevæl ikkje verdt for kvart Blad aa peika paa sovoret, daa eg trur aa kjenna mine Lesarar for væl til, at dei skulde vanta Kritikk og Dom sjølve til aa velja og vanda millom ymse Meiningar og Synstadar. Dei hev lotet vant seg til ein Ting, som eg ogso maa krevja av alle, som ynskjer Maalbladet Framgang: dette at alle Meiningar fær fritt Spilrom, at Bladet er so liberalt imot alle, som det er mogelegt; samstundes med at Bladstyret hevdar eit fast og greidt Standpunkt sjølv.

 

 

Eg veit det, at sume no tykkjer, at Bladstyret vert hosta radikalt.

 

Grunnen til, at eg gjeng denne Vegen, er ikkje berre den, at det politiske Grunnsynet mitt er noko radikalt; nei det som eg fyrst og fremst tenkjer paa, er korleis Maalbladet best kann greida Uppgaava si. Um eg saag, at det var nyttelegare aa hava eit meir lempelegt og radikalt Maalblad, so skulde eg gjerne styra det den Vegen, endaa det vøre ikkje so hugsamt, som naar eg fekk fara etter mine eigne Meiningar all Vegen.

 

Eg hev gjort Røynslur den Tid, eg hev voret Bladstyrar.

 

I Fyrstningi lagde eg Bladet so, at det ikkje skulde hava nokor Serstelling i Politikk elder andre vigtuge Spursmaal, men berre freista aa samla Maalmansflokken. Men eg fekk sjaa, at denne Flokken var so lite samfengd, at han vilde ikkje ganga saman under eit merkje. Det, som samladdei, var mindre enn det, som skildedei. Den eine klagad paa Bladet, at det var for agalaust og radikalt, den andre klagad for, at det foor for stilt og lempelegt fram, so det var ingen Mun i det.

 

Eg lærde det, at skulde ein faa Framgang, so maatte ein hava anna aa bera fram enn berre Samlingstanken.

 

Daa so Tvidraget i Vinstreflokken kom, vart det eit Lag, som likad aa kalla seg det nasjonale og det kristelege. Eg tenkte meg daa, at desse rimelegvis maatte hava ein varm Samhug for noko slikt som eit Maalblad, allvist naar dette nett bygde Arbeidet sitt paa eit slikt nasjonal-kristelegt Grunnlag  meir enn andre Blad i Landet. Eg kunne ikkje vera einig med dei i Maaten aa arbeida dette fram paa, men Maalet skulde væl vera det same. Hadde dette Partiet viljat samlat seg um Arbeidet for Maalbladet, hadde dei gjerne maatt faa raada Fedrah. Naar ein ser paa Saki med Maalmansaugo, vert det nemleg det same, kven som driv Verket, berre det vert drevet, so det munar.

 

Eg vende meg til nokre av dei fremste og megtugste Menner i dette Partiet og gav dei Høve til aa stydja Arbeidet.

 

Daa fekk eg sjaa, at den Interessa, som fanst der, den var liti elder ingi aa kalla for. Dei Menner av det Partiet, som vilde vera noko vidare med, det var berre slike, som meir var Maalmenner enn Politikussar. Etter den Tidi tykkjest eg, at eg hugheilt kann segja um det Partiet, at naar det talar so mykje um det nasjonale og kristelege, so er dette meir ein Talemaate til aa hildra Aalmugen med enn det er ærleg Vilje til aa leggja seg frami Arbeidet, der det gjeldst um det.

 

Nei Saki er nok den, at dei som hev hjelpt meg mest i mitt Bladarbeid (for ein kristeleg  og nasjonal  Politikk), det er dei som ein vanleg kallar for Fritenkjarar  og Europæarar.

 

Eg kann ikkje anna segja for min Del, enn at eg hadde tenkt, at det helder var dei, som bar dei andre Namni.

 

Men Sanningi skal fram. Og Namnet skjemmer ingen, men Meistaren prisar Gjerningarne.

 

Det er mi faste Tru, at ein Politikk, som skal høva for eit Maalblad, han maa vera litevetta meir radikal enn den vanlege. Eit Blad paa Norsk kann ikkje rekna paa aa faa med seg nokon stor Slump av dei gamle, kor som er, utanum dei som er gode Maalmenner ifraa gamal Tid; desse vil halda Maalbladet for Maalsaki si Skuld, anten det er høgre elder vinstre.

 

Ein ny Maalbunad for gamle Tankar, det duger ikkje, nei med det nye Maalet maa det koma ei ny Tid. Daa fyrst er det rett Samhøve. Det vilde ikkje vera meir enn naturleg, um Maalbaldet var ein Mun meir frilynd og hugheilt enn dei andre Bladi.

 

 

Dei talar so mykje um Kristianiapolitikk  no i ymse Blad, kor ille den er. Dette hev eg kjent lenge, kor ille det er for ein Bladstyrar, som vil arbeida for ein nasjonal Politikk, aa vera bunden til Kristiania heile Vinteren. Difor totte eg forvitnelegt aa vera i ei god Bygd ein Vinter. Eg kjenner no, korleis Kristianiapolitikken hev bitet seg inn i meg; ein luftar den ut, naar ein er paa Landet.

 

Merkjet for Kristianiapolitikken trur eg maa vera: Hugløyse og Likesæle, Misvon og Vantru, Millomvegsfaring og Staning paa Halvvegen, ei nervøs Rædsle for alt som er djervt og heilreint, halv Fridom, halvt paa alle Leider.

 

Eg tykkjer alt, at vaar gode Regjering held paa aa faa ein Snev av Kristianiapolitikken, endaa ein hev ikkje so stor Rett til aa saka dei, naar ein veit, at ein av dei megtugste Mennerne der, Jakob Sverdrup, er uppalen paa den reinaste Kristianiaskulen, som hev voret.

 

Naar ein held seg paa Landet, so trur eg, at ein anten vert radikal elder so ingen Ting. Det maa vera eit av tvo med Bonden: anten noko, som det er Mun i, elder so ingen Ting, berre tom Kritikk.

 

 

So er det daa med Seljoringen til Vissa. Anten so radikal Politikk elder so Kritikken og Likesæla med all Ting.

 

Eg kann melda Døme paa baae Slagi.

 

Bondevenforeiningi hadde Møte um Røysteretten, innleid av Olav Sveinsson. Dei vedtok samrøystes:

 

Seljors Bondevenforeining hevdar, at Kravet um aalmen Røysterett bør standa fremst paa Vinstres Valprogram.

 

Me trur, at denne Saki vil vera det beste Samlingsmerkje for Vinstreflokken i Landet.

 

Formannskapet vedtok for ei Stund sidan, at Ordføraren skulde faa bruka Norsk i Protokollarne sine. Dette var gildt¹).

 

Dette same Formannskapet gjorde sidan noko, som var vesalt gjort.

 

Avhaldssamlaget hev havt fritt Hus paa Komunesalen. No søkte det um aa faa bruka Salen til Fest 4 Gonger um Aaret, dei vilde daa faa mora seg og leika som det høvde seg, men dei kom ikkje til aa hava anten Fele elder anna Spil.

 

Um denne Saki vart det ordskift i mange Timar, Endskapen var, at berre 3-4 sagde ja til Søknaden, som daa vart negtad. Det totte dei vise Bønder var for fælt, at Ungdom, som ikkje drakk, skulde faa Lov aa leika seg paa det heilage Golvet, der dei sjølve sat og røkte, skraadde og sputtad og talad um aalvorlege Ting. Kanskje og einkvar fælte for, at det kunne fylgja noko nyt og heiltupp ”europæiskt” med slike nye Paafund som Avhaldsforeiningar. Ein kunne ikkje vita, kva Folk kunne finna paa der; naar dei ikkje drakk og vart fulle, kunne det gaa an aa mora seg paa ein høveleg Maate daa og tru?

 

Nei daa var det anna Slag i Uppvokstren deira, meinte væl dei vise Fedrar, for daa korkje dansad dei Reinlender elder talad um Politikk, men drakk og slost, bannad og styrde, so det var Mun i. Kanskje ein og annan av dei sjølve kunne hava eitkvart sælt Minne ifraa den Tidi, som støkte dei ifraa alle desse nye Paafund.

 

Med hugheilt og lett Hjarta sagde dei difor nei til slik ein fæl Søknad.

 

 

Bjørnson skreiv nyleg, at Telerne var det gildaste Folket, naar ein saag etter det nasjonale.

 

Dette er sant. Det vantar dei berre ein ørliten Ting, at dei var likso gode i Gjerningarne, som dei er i Ordi.

 

Vedtak um Røysterett og Maalsak_9_10 stakars Fedrah. i heile gilde Seljorsbygdi.

 

 

So lite Grande attpaa. Eg likar ikkje det, L. Stavnheim skreiv, um at Ullmann og slike burde tala Norsk. Det fær vera fritt, tenkjer eg; kvar fær tala, som det fell seg naturlegst for han. Og det plar ikkje vera høvelegt, naar Byguten tek til aa knota Norsk elder Bondeguten Dansk, utan dei daa hev umframs Maalevne. Dei vilde helder skada enn gagna Utviklingi av Maalet.

 

Lysingarne um Lækjeraader og Lutspil med Pengar skulde ikkje voret inntekne.

 

Igaar plukkad eg friske Blomar i Skogen langt uppi Skorve.

 

Utgarden, 27_11_86.

 

 

IvarMortenson.

 

¹) Etter det skulde ein tru, at Seljor stod overlag høgt og var med i Maalarbeidet paa alle Maatar. Men Bygdi stend i mange delar attum andre Bygder; soleis er det mange Stader paa Austlandet jamvæl fleire Numer av Fedrah. Hit kjem i alt berre – 10 Fedrah. Og det finst fleire av dei likaste Gutar og Gjentur, som endaa driv paa og skriv Dansk. Seljor stend langt attende for Vinje i so Maate.

 

 


Frå Fedraheimen 01.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum