Ymist.

 

 

Møte um Maalsaki  skal haldast Torsdag Kvelden Kl. 9 i ”den frisindede Studenterforening”. Liestøl, Ullmann og andre gilde Maalmenn kjem til aa vera med.

 

 

Erik Vullum  heldt Fredag var i Arbeidarsamfundet eit greidt Fyredrag um dei diplomatiske Saker. Talaren vart Gong paa Gong avbroten med Fagnadrop.

 

 

Eit stort Møte um Sedugskapen og Komunevali vart haldet no Sundag var her i Byen. Ordstyrarne, Skulestyrar Sørensen, framheldt fyrst, at dette Møtet var komet ihop for aa koma til Einskap um aa velja Folk inn i Komunestyret, som vilde gjera Aalvor av aa faa burt det offentlege Horestellet. Anten dei var Høgre elder Vinstre, det var det same.

 

Desse tvo Framleggi vart vedtekne:

 

I. ”Forsamlingen forlanger, at de bestaaende Sedelighedslove ændres og

henstiller til Kommunebestyrelsen, at de i denne Henseende nødvendige Skridt foretages”.

 

II. ”I Anledning af det forestaaende Kommunevalg overlades det Indbyderne eller en af Indbyderne valgt Komite at foreslaa Kandidater”.

 

2-3000 Mannfolk var tilstades. Kvinnfolk fekk ikkje koma inn.

 

 

Brand av Ibsen er komet ut i 10 Upplag.

 

 

Forbodet  mot aa utskipa Kretur til Danmark er det no slutt med.

 

 

Det eldste Huset i Noreg  skal vera eit Stabur paa garden Barsgaar, Skafse, Telemarken. Det er fraa Aaret 1053.

 

 

Johan Ljøterud, som drap Sluttaren ved Fengslet i Hougsund, er av Høgsterett dømt til Straffarbeid paa Livstid.

 

 

Adjunkt  Wenneberg  hev Prosteretten i Stavanger frikjent. Han vart klandrat for den stygge Skrivingi si mot Rektor Steen.

 

 

Det er faarlegt aa drikka Lut. Ei Gjente her i Byen kom her ein Dagen til aa drikka Lut istadenfor Vatn. Ho datt ned paa Golvet samstundes og det skal spøkja for Livet hennar.

 

 

24 harde Timar. Ein gamall Fiskar, Ole Kristoffersen i Langesund rodde her ein Dagen ut for aa fiska. Han vart burte heile Dagen, so dei trudde det maatte hendt han noko galet. Andre Morgonen rodde nokre ut for aa sjaa etter han. Dei fann han. Han sat paa ein Fjellknatte ved Sjøen og var ikkje Kar til aa koma seg nokon Stad av. Han hadde gjenget iland for aa hogga seg ein Ile. Daa han gjekk attende til Baaten, hadde han duttet og sleget seg. Dei førde han heim og Doktaren fann daa, at eine Skuldri var or Leden og at han hadde skamferat den eine Sida si. I dette Tilstandet hadde han setet paa Fjellet i Regn og Styggever og utan Von um Berging.

  

 

Stortinget i Italia  byrjad 23de November. Trontalen inneheldt Klagemaal yver det russiske Ustellet i Bulgaria. Italia heldt saman med dei andre Stormagter og vilde gjera alt for aa halda Freden vedlike i Europa.

 

 

Arbeidaruroi i Belgia  held paa. Verst er det i Gent. Dei held paa og legg ned Arbeidet paa den eine Verkstaden etter den andre. Politiet hev vondt for aa klara seg mot dei. I andre Fabrikbyar er det likeins.

 

 

Det tyske Stortinget  byrjad 25de Novbr.

 

 

Kristina  Nilssen  hev vorti so sjuk i Halsen, at det er Tvilsmaal um ho nokor Tid kjem til aa syngja meir.

 

 

Fleire Kvende  enn Menn. I Europa er det no 4,569,000 fleire Kvende enn Menn.

 

 

Ein Blom, som skiftar Farge. Paa Forbjerget Tehuantespec i Amerika hev dei nyleg funnet ein Blom, som skiftar Lit tri Gonger um Dagen. Han er kvit um Morgonen, raud ikring Middag og blaae um Kvelden. Ved Middagsleite er det god Ange av han.

 

 

Ein Tosk kann spyrja um meir  enn tie vise kann svara paa. Eit engelsk Blad hadde uppmanat Lesaranne sine aa koma med Spursmaal til Bladstyret. Det kom i mengdevis og mange var soleis, at det ikkje var greidt aa svara paa dei med det same. T. D.: Kor mange Tre hev Gladstone hogget? Kva heiter den eldste Innbyggaren i Peking? Kor mange Gatesteinar er det i London? Kva heitte fyrste Skomakaren hans William ”Erobrer”. Naar vert det Ende paa Verdi? Kor mykje veg Dronning Victoria?

 

 

Humbug, dette namngjetne Ordet, skal koma av Namnet Hamburg. Det heng soleis i hop: Eingong det var Ufred paa Fastlandet, kom det ein Mengde usanne Krigsforteljingar fraa Hamburg til England, og naar nokon seinare kom med ei utruleg Skrøne, vart det svarat: ”Det er nok fraa Hamburg!” elder: ”Det er nok Hamburg!” Folk som ingi Greide hadde paa kor Ordet var komet fraa, skreiv det daa like etter Uttalen, som i England fell saman med Uttalen av Humbug.

 

 


Frå Fedraheimen 01.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum