[Kristiania, den 7de Desbr.] Um Reform i det høgare Skulestellet

 

 

inneheld Dagbl. for Laurdag ein gild Artikel. Det tek Ordet for, at Latinen og Gresken bør jagast burt or Skularne, daa det ikkje finst Gagn i desse daude Maali i Forhold til den Tidi, som gjeng med for aa læra dei. Derimot kann me ikkje vera med paa aa kasta Gamallnorsken, som Dagbl. helst er hugat paa. For det fyrste, so skal det no ikkje so rett lang Tid til for aa læra somykje Gamallnorsk, at ein klarar aa lesa dei gamle Sogur paa han og dessutan so kann det ikkje vera Tvil um, at det aa kasta Gamallnorsken, vilde vera aa slaa eit Slag i Andlitet paa Maalstrævet vaart. Dagbladet  hev helder ikkje voret blind for, at dette kunne veta Tilfellet. Det skriv:

 

Til Støtte for Oldnorsken kunde anføres, at dens Bibeholdelse i vore høiere Almenskoler vilde være til Styrkelse for vor sproglige Udvikling i national Retning, og hvis vi kan blive overbeviste om, at vi paa dette Punkt vilde lide et Tab ved at sløife Oldnorsken, da vilde vi ubetinget holde paa den”.

 

Det er nettupp det me trur og me skal segja kvifor.

 

Kvar ein, som hev noko Kjennskap til Gamallnorsken og Nynorsken, veit, at dei tvo Maal i grunnen er eit. Det finst dei same Ord, dei same Bøiningar og Ordfellingar i baae. Skilnaden millom dei er, at Gamallnorsken er so mykje fastare format, etterdi han hadde utviklat seg til eit Kulturmaal og etterdi Landsmaalet enno ikkje hev vunnet so langt fram, at Formar og Ordfellingar hev fenget festnat seg soleis som dei maa vera i eit brukelegt Kulturmaal.

 

Maalsaki er Barn endaa, maavita, og treng difor til Styttur og ei sovoren Stytte hev me i Gamallnorsken og i dei ymse Dialektar. Gamallnorsken er Faren han og han lyt halda Auga med Barnet sitt, at det ikkje skal lida Skade paa nokor Leid. Han maa vakta det, at det ber seg samelegt aat og at det veks upp og vert fullgod Kar av det.

 

Det er ikkje Meiningi vaar, at Barnet skal likna Faren i alt og det vilde vera raadlaust og. Det skal utvikla seg og fylgja med Tidi, men samstundes skal det halda seg i Faren sitt Fotefar so mykje som mogelegt.

 

Me ser likso gjerne som nokon, at Skuletidi vert brukat til aa faa meir praktiske Kunnskaper inn i Ungdomen. Tidi krev noko heilt anna no enn Kjennskap til Latin og Gresk. Men samstundes lyt me hugsa paa, at det gjeld aa festna Nasjonalkjensla vaar, soframt me skal faa full Innverknad millom dei andre Folki. Dertil krevst det, at Maalsaki vinn fram og Maalsaki treng Stytte av Gamallnorsken.

 

Det er ikkje nok berre aa lesa Landsmaalsbokavlen. Han vil sjølvsagt vera til stor Hjelp han og, men han kann ikkje treda istaden for Gamallnorsken, av Grunnar me fyrr hev utviklat.

 

Naar det norske Maalet eingong hev vunnet so langt, at det hev innteket den Plassen millom andre Maal, som det bør inntaka, naar Formarne hev festnat seg og Maalet i det heile hev utviklat seg, daa, og fyrst daa, kann me slutta aa lesa Gamallnorsk i Skularne vaare. Men til den Tid trengst det.

 

 


Frå Fedraheimen 08.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum