[Ymist.] Skal det bli Krig i Europa!

 

 

Det er ikkje berre her heime i Norig, at Folk, som hev noko djupare Moral enn vanleg, arbeider for aa faa Krigen burt. Motstandaranne vaare vil so gjerne faa oss til aa tru, at det berre er tome Draumar det me fær med; dei peikar paa Europa, som stend der med Millionar Soldatar, peikar paa, korleis Herarne veks og veks for kvart Aar, korleis mest kvar einaste Stat hev gjort etter det, som Bismarck byrjad med; og det ser fælt ut; ein blir ikkje varm um Hjartat naar ein tenkjer paa, at Menneskjeslegti enno ikkje er komet lenger enn til aa tru, at alle Folkeslag i Grunnen er Fiendar; i tvo tusund Aar hev Europa kallat seg kristent, og arbeidet mot Heidningarne; og so hev dei gløymt det fyrste av alle Kristi fagre Lærdomar: Kjærleiken, ”det som i vil, at andre skal gjøre mod Eder, det gjøre og i mod dem”.

 

Men det gjeng ein Straum gjenom Verdi no; ein sterk Straum; og den hev sett upp Brorkjærleiken som Slagord; det er Sosialismen, og Sosialismen vil gjera det, som Kristendomen ikkje hev rødd med; den vil læra Folki aa kjenna seg som eit; Sosialismen vil læra dei, at det eine Folket blir ikkje lukkelegt ved aa slaa det andre; Sosialismen vil ta Krigen burt, denne hatefulle, raae, fæle Arven fraa Fortidi.

 

Under den siste Krigen millom Tyskland og Frankrike 1870 sendte Socialistarne varme Broderhelsingar til kvarandre: dei var Brødre lell, meinte dei, um so det tyske og franske bourgeoisi slogst aldri so mykje; dei fekk høyra mykje vondt for dette; Folk meinte at dei ikkje kunne elska Fedralandet sit so høgt; og so hev Sosialismen fengje Ordet for aa vera antinasjonal; og det er sant; skal Fedralandskjærleiken bestaa i aa hata dei som talar eit anna Maal, so er Sosialistarne antinasjonale; men um ein trur, at deier mest nasjonale, som vil, at kvart Land skal faa utvikla seg frit etter det som best passar for det, daa tenkjer eg, at Sosialistarne er meir nasjonale, enn alle dei, som gjeng og skrik og skrik paa det nasjonale, og dermed eggar upp det, som er vondt og kalt i den menneskjelege Naturen.

 

Korleis det vil gaa i Europa no, er vel ikkje so greit aa segja, men det ser ut til, at me anten fær Revolusjon, elder ein stor Krig. Den namngjetne tyske Sosialisten Friedrich Engels hev nyleg skrivet eit Interessangtarbrev um dette til det franske Bladet Socialisten.

 

Han meiner, at Russland maa gaa eit Steg fram mot Konstantinopel, um det vil sleppa for Revolusjon heime; Folket maa ha noko aa tenkja paa; men um Rusland gjer det og tek Bulgaria, so kjem det i Krig med Østerrike, og daa blir det ikkje Raad for anna; daa blir det Krig yver heile Europa. Det er ikkje godt aa vita korleis Tyskland vil stella seg, anten det gjeng med Rusland elder Østerrike. Men Revolusjon i Rusland vil Tyskland ikkje ha; for same Dagen, Revolusjonen bryt ut i Rusland, gjeng det i Knas i Tyskland med. Engels trur elles, at Tyskland kjem til aa hjelpa Østerrike for at Rusland ikkje skal tyna det reint.

 

Men Frankrike? ja, ein skulle tru, at Hatet etter den siste tysk-franske Krigen daa ville brjota ut i ljos Laage, og at Frankrike soleis kom til aa slaa saman med Rusland; men ei Semja millom Republiken Frankrike og Einvaldstyret i Rusland – det gjeng ikkje, difor vil Monarkistarne i Frankrik faa Hjelp av Russarne, og so blir det Borgarkrig i Frankrike.

 

Korleis det no gjeng, so vil Frankrike tapa paa det; og Engels vender seg tilslut til dei franske Sosialistarne, det er dei fatike, som kjem til aa bitala Krigen, meiner han, og so vil alt Arbeidet deira i dei siste Aari bli gjort til inkjes. Han sluttar med ei sterk Uppmaning til Arbeidaranne, at dei vil gjera sit for at Freden millom Tyskland og Frankrike kann koma til aa staa til evelege Tider.

 

Rolv.

 

 


Frå Fedraheimen 08.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum