”Vestlandsposten”

 

 

(Innsendt).

 

er Tuktemeistar. Han tuktar Dagbladet, V. G.og Fedraheimen  fyrst og framst.

 

Aa Herregud, kor galet dei ber seg aat! ”Fedraheimen  hev svikat Programmet sitt”, ”Vinstres gamle Hovding vert framstillat som Svikar mot seg sjølv og Fedralandet sitt.

 

Statsraad Jakob Sverdrup vert utskjelt for ”Satans Yppersteprest”.

 

Ja, det var ein uppbyggjeleg Sundagslesnad, som Vp. kom med no Laurdag var. Det maatte gaa til Merg og Bein paa dei arme Europæarbladi.

 

Finst det berre eit Grand Samvit i dei, so gjekk dei til Presten straks. Men dei er so agalause, at dei bryd seg korkje um Prest elder Klokkar.

 

Dei trøyster seg endaa kanskje med det, at Vp. fær ikkje eta Mjølkesupa etter han er daaen, han meir enn andre daa.

 

 


Frå Fedraheimen 08.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum