Eg fekk

 

(Innsendt).

 

vonlaust til meg Vestlandsp. fraa Laurdag var.

 

Helst so plagar eg no kaupa Vikingen  kvar Laurdag, men daa eg tok til lesa Vp. let eg Vikingen  vera ukaupt. Det vantar berre, at Vp. ikkje hev Bilæte. Av Lesnaden kann ein faa seg ein likso god Laatt som av Vikingen. Morosam er han, det er visst. Dei fortel um Reven, at naar han vert skræmt, so stikk han Nosi i Gloret. Naar han fær gøymt Augo sine, so trur han seg bergat. Naar Vp. held paa aa rosa seg og sine, so maa han meina, at andre kann ikkje sjaa inn i Gloret, der Smaarevarne ligg so fint. Reven er aalkjent det sløgaste Dyret, som vert jagat, det veit alle dei, som han hev trøytat ut, og var det ikkje for Skam Skuld, so let dei han gjerne vera. Men det er ikkje heile Aaret Revaskindet er til Gagns, kanskje det finst Rev – Kvitrev daa – med Skind, som ikkje er Gagn i Aaret rundt. -

 

Jau daa, Reven vert jagat, avdi han drep Smale og Høns. Vert det reint forgalet med Drepingi, so hev det hendt, at dei laut ut. Mannen maa or Huset for aa driva Styggingen or Bygdi.

 

Det er ikkje sagt, at han tek til aa ryma burt nettupp daa, men han luskar daa av nokre Dagar seinare.

 

Eit er visst: Revagjerd fær Revaløn.

 

 


Frå Fedraheimen 08.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum