Henrik Ibsen: ”Rosmersholm”. Skuespil i fire Akter.

 

(Del 1 av 4.)

 

I.

 

Det er ei Tullbok, segjer Høgreblad, og det meiner mange andre, um dei ikkje segjer det. At det daa er ei fæl Bok, og at det er vandt aa verta klok paa ho, det er væl dei fleste einige um.

 

Det hev seg soleis med mange av Bøkerne hans Ibsen, at fyrstundes dei vert lesne, so gjer ikkje Folk anna enn sviva hit og dit i ei Bisning yver, kva han meiner. Daa soleis Vildanden  kom ut, var det mange, som aldri saag Dusti av Meining i ho. Men litt um Senn klaarnad det upp, med Gengangere  var det likeins, men etter ei Tid kom Umslaget, so at den Boki no hev hevdat seg eit makalaust Ry.

 

Ibsens Bøker er so tanketunge og so orginale, og dei kjem so paa tvers med alt det gamle, at ein vert berre klumsad og kann ikkje straks forstanda dei Menneskjeliv, som vert skildrad for oss. Dei tykkjest væl hava ei Side, som er kjensleg for oss, men dei tykkjest ogso hava ei Side, som er villframand for oss. Dei liksom liver i ei onnor aandeleg Luft, hev sine Livsvilkor annleis bygde enn me Folk flest. Og so hev me alle den Gjerdi, at me er ikkje hugad til aa sleppa dette nye inn paa oss. Me gjeng og held det oss fraa Livet og segjer, at det er berre nokre Syner, som Ibsen ser med sine myrke Brillur, me andre merkar ikkje til alle desse Gjengangarar, Villender elder ”kvite Hestar”, som Ibsen ser for seg; me vil tru, at det er me, som ser det verkelege, og at det er Ibsen som ser Spøkri paa ljose Dagen.

 

Men det hjelper ikkje, kor mykje me vil bjoda av, Ibsen hev ei argande Magt til aa tvinga oss til aa sysla med dei Menneskjeliv og dei Livsvilkaar, som han set fram for oss, dei vert sitjande i Hugen, me kann ikkje verta kvitt dei, dei liver seg inn i heile Aandslivet vaart, og Tankarne vert paa Slutten like so kjenslege for oss, som um dei var framborne av dei, som hadde voret Umgangsvenerne vaare i lange Tider, og dei røter seg so fast i oss, at me paa Slutten trur, at med slike Tankar hev me livt i all vaar Tid. Sjaa no soleis dei Ordi av Stockmann i En  Folkefiende, at vanlege Tankar berre vert ein Mannsalder gamle, no er det for mange av oss, som um me var uppfødde med den Læra, me hev mest gløymt, kor radikale dei vart halde for, fyrstundes dei kom fram.

 

Difor bør ein ikkje vera for braa til aa døma Ibsens Bøker som noko Tull, um dei enn tykkjest noko dimme for ein i Fyrstningi. I Staden for straks aa døma Ibsen som ein Styving, som ikkje hev Grunn for seg, burde me helder tenkja paa, um det ikkje fyrr kunne vera me sjølve, som ligg noko att i Vegen.

 

Ved kvar ei av Ibsens Bøker er det jamt noko uventat nytt, ei Braavending av Tankar og Hendingar til ein Kant, som me ikkje hadde tenkt det. Ved Bjørnson er det ikkje so, der hev me lettare for aa fylgja med, alt sviv der innafor Tankeringar, som er kjenslege for oss.

 

Kva kjem dette av, at det er so lagat med Ibsens Bøker? Er det fordi han skifter Synstad so ofte, at ein ny Synstad kjem, fyrr me rett hev vortet kjende med den eldre Synstaden?

 

Nei, det er ikkje tenkjelegt. Men det kjem av det, at Ibsen gjeng ikkje etter dei vanlege Tankevegjerne elder held seg til nokre visse Parti i Politikk elder anna, soleis som me daa hev dei her heime. Synstaden hans ligg langt utum det som me daglegdags kavar med. Og fyrst naar ein heilt kjende det, kunne ein heilt forstanda meiningi med Bøkerne hans, som no berre gjev ein Glytt innpaa Livssynet hans.

 

Dette Livssynet maa daa liggja ved Utgrensurne av dei vanlege Parti, anten lenger til Høgre elder lenger til Vinstre. Det er daa mest Von til aa finna det lengst til Vinstre, so at ein kann segja, at han er annleis enn dei andre, fordi han er meir radikal  enn dei andre.

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 08.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum