Kristiania, den 7de Desbr.

 

 

Dagbladet fær no um Dagarne høyra Vondord av Vestlandsposten, som no støtt liknar den store Meistaren sin i Stavanger i det, at han ingen Yvermann torer. Sjølv vil han vera den fyrste av alle. Vp. finn, at Dagbl. hev vortet daarlegare paa det siste, ja so daarlegt, at Folk med Vyrdnad for seg sjølv ikkje bør stydja det. Serleg raadar det Rektor Steen til aa gaa utor Styret for det, daa han ellest skjemmer seg ut.

 

Me skynar ikkje dette. Me tykkjer, at Dagbl. aldri  hev voret styrt betre enn no nokor Tid. Det inneheld so mykje godt fraa alle Leider, at det er ein Hugnad aa lesa det. Alle Spursmaal greider det ut saklegt, som det sømer seg for Folk. Det er stutt sagt, Landets best styrde Blad i alle Maatar.

 

 

Fridomen i Noreg. Dissentarloven vaar forbyd Folk aa melda seg utor Statskyrkja, fyrr ein er 19 Aar gamall. Det er raadlaust aa koma ut fyrr, sjølv um ein ynskjer det aldri so mykje.

 

Her er eit Døme:

 

Baptistmissjonær Tønnæs i Langesund tok upp nokre Personar under 19 Aar i Samfundet sitt.

 

Han vart sett under Tiltale, dømt, sett i Fengsel og maatte i 7 Dagar sitja paa Vatn og Braud.

 

Straks fyrr han kom i Fengsel, hadde han havt Blodstyrting og var endaa sjuk. Kona hadde samstundes fenget Barn.

 

Og alt dette fekk han berre avdi han hadde teket upp Folk under 19 Aar i Samfundet, - Folk, som ikkje hadde Samvit til aa verta standande i Statskyrkja!

 

Og endaa kallar me Norge eit fritt land, eit av dei friaste i Verdi.

 

 


Frå Fedraheimen 08.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum