Maalskulen paa Hylla.

 

 

I September vart det haldet Maalskule for Lærarar og Lærarinnur paa Namdals Høgskule ved Namsos. H. Hægstad var Lærar aaleine. Me vart rettleidde i aa skriva og lesa Landsmaal. Det vart og haldne nokre Fyredrag yver vaart gamle Bokrike og yver Landsmaalsbokriket. Det vigtugaste av Formlæra i Oldnorsken vart og fyredreget.

 

Me hadde Skule 4 ½ Time dagleg. Det vart drivet sterkt paa, og me fekk eit godt Grunnlag, so dei, som vil arbeida sjølv, kann verta dugelege i norsk. Alle var einige i, at Hægstad er framifraa godt lagad til dette Arbeidet. Ivar Aasens Form vart halden som Mynsterform; og me fekk ei sterk Kjensla av Samklangen og Fagerleiken i Maalformi hans. Paa Slutten i Skulen vart Stykker umskrivne fraa ymse Bygdemaal til Landsmaal. Dette var ei god Øving, daa me ved dette lærde Skilnaden millom dei ymse Bygdemaal og Landsmaalet.

 

Tri Gong i Vika hadde me Samtalemøte; og det vart soleis samtalad um mange Spursmaal. Under desse Møti visste det seg, at den Flokk, som hadde samlad seg for aa læra Landsmaal, ogso var heilt frihugad og greide Menn og Kvinnur. Dei fleste, ja kannhenda alle og høyrde til det ”reine Vinstre”. Her i Trøndelagen er no visst dei fleste Maalmenn”reine Vinstremenn”. Alle som var paa Skulen paa Hylla likad seg heilt godt der; og dei var takksame baade mot Regjering og Storting for desse Maalskular. Dei er til stor Hjelp i Maalreisningi, daa Lærarar og Lærarinnur ved desse Møti vert uppglødde for Saki og meir dugande til aa hjelpa til med dette Arbeidet. Og det er ingen annan Veg til Bondemaalets Reisning enn gjenom Folkeskulen. Naar me kjem so langt, at Fleirtalet av dei, som arbeidar i Folkeskulen, kann Landsmaalet godt, so hev Maalsaki vunnet.

 

Det var ein Ting til, som eg hadde Hug paa aa segja nokre Ord um. Alle maalvenlege Lærarar, som eg hev talat med um dette, undrast paa, kva det kann koma av, at det ved sume Maalskular, skal krevjast Attest for, at ein er uformuande, for ein kann faa full Hjelp. Det fyrste som daa maa avgjerast er:

 

Kva skal ein kalla Formu? Sovidt eg kjenner Lærarar og Lærarinnur, so er dei fatike alle. Dei som hev noko Pengar, tek ikkje til med eit so slitande Arbeid, som det er aa vera Lærar i Folkeskulen. Og um det skulde vera ein elder annan, som hev spinkat og sparat, so han hev nokre Kronur, so skulde han ikkje vera verdug til Hjelp han? Ein skulde tru, at alle, um dei hev ei elder mange Kronur til gode, skulde faa Hjelp til aa læra Landsmaal, naar dei er Lærarar elder Lærarinnur. Det krevst ikkje Attest for, at ein er uformuande, naar ein skal søkja um ”Stipendium” for aa setja seg inn i Skulestellet i Stockholm, Kristiania elder andre Stader helder, og dei som fær Hjelp til slike Reisur, er visst likeso rike paa Pengar, som Maalmennerne millom Lærarom. Den einaste Skilnad, som kann gjerast ved Utdelingi av Statshjelp, er den, at dei fær mest, som hev lengste Vegen. Undervisningsstyret skulde stella det so, at det ikkje vert Aaføre til aa setja slike Vilkor ved Utdelingi av Pengarne, Staten gjev til Maalskular.

 

Trøndelag 27. 11. 86.

 

A. N... k.

 

 


Frå Fedraheimen 08.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum