Ovtilverknad.

 

(Del 2 av 3. Fyrste delen.)


(Henry  George).

 

(Framhald fraa fyrre No.)

 

Medan altso det, som gjer, at ei Vara vert upplagd elder etterspurt, er det, at Upplaget av denne Vara vert aukat elder Upplaget av ei onnor minkat, so vil dette i fyrste Tilfellet gjera, at Handelen kjem upp, for daa vert det større Upplag av andre Varur og Etterspyrjingi vert større i det heile, men i det andre Tilfellet vert Handelen nedkugat og Upplaget kjem til aa minka.

 

Forholdet millom Jordbruksvarur og Fabrikkvarur, som vert bjodet fram elder etterspurde, kjem soleis til aa verta umsnutt i same Leid og Lengde, anten det vert ein gild Haust elder Jordbruket vert betre stelt, for Prisarne paa det, som Landmannen haustar, jamnført med Fabrikkvarurne, kjem til aa falla. Men ved aa minka Tilvreknaden av Fabrikkvarur, vil Prisen paa desse stige jamnført med Jordbruksvarurne daa.

 

Men i fyrste Tilfellet vilde heile Tilverknaden i Samfundet auka. Det vart ikkje berre ei Auking av Jordbruksgreidur; men det vart meir Spurlag etter anna og. Fabrikktilverknaden vart større og kom til aa bløma og soleis kom Fabrikkarbeidaranne til aa faa betre Raad aa kaupa seg Matvarur. Dette vilde sjølvsagt gagna Jordbruket. Men i siste Tilfellet vart heile Tilverknaden i seg sjølv mindre. Bonden kom til aa kaupa mindre Fabrikkvarur, daa dei vart dyrare, og daa vilde Fabrikkarbeidaranne faa mindre aa kaupa Matvarur for. Soleis vilde Handelen koma til aa lida og Tilverknaden vart mindre paa alle Leider. At det vart soleis, kann ein sjaa av det, ein god elder ein skral Haust gjer, endaa høge Prisar kann vega jamt med ein skral Haust for den einskilde Bonden.

 

Me tek det uppatt: Ovtilverknad etter Maaten kann koma av Auking elder Minking i Tilverknaden. Veks Tilverknaden av ei Vara, so veks Tilverknaden av andre Varur og, Handelen kjem seg og alle Liveveger vert meir lønsame. Men minkar Tilverknaden av ei Vara, so vert det tilverkat mindre av dei andre og; Handelen vert kugat og det vert skreinare og skreinare paa alle Leider.

 

Kvar ein, som vil sjaa paa det, som Ovtilverknaden fær Skuldi for, han kann ikkje vera i Tvilsmaal um, at det anten kjem ifraa Auking elder Minking i Tilverknaden.

 

Det er mangt og mykje hjaa oss, som kugar ned Tilverknaden baade endeframt og ellest, for ein lyt hugsa paa, at i Tilverknaden av ei Vara ligg det ikkje berre Tillagingi men Utskipingi og Umbytingi av ho og.

 

Og det, som hindrar elder upphjelper Handelen, kann vera likso kugande for Tilverknaden, som alle Hindringar for Jordbruk og Handverk.

 

Den Toll-lista, som me held fast ved og som me hev for aa kuga Utanrikshandelen vaar og minka Innføringi fraa andre Land, er ei likefram Hindring for Tilverknaden. Likeins er det med dei Serretter, som me hev gjevet elder som hev fenget Lov til aa veksa seg upp. Dei tek Toll av den utanrikske Handelen, minkar Tilføringi ved Fantespik og Samlag og dei fær soleis Prisarne til aa stiga paa ein unaturleg Maate. Og dei Skattar, som vert lagde paa dei ymse Handverk, kugar beintfram Tilverknaden ned¹).

 

Likeins vert Tilverknaden kugat ned verd dei Umvegsskattarne, som vert kravde inn av Statarne vaare, av Grevskapi og Bystyri og som ihoplagde vert meir enn heile Skatten til Samlags-regjeringi.

Desse Skattarne legg me aalment paa all Eigedom, fast og laus, og i det same Forhold, og dei fell for ein Del paa Jordi, som ikkje hev komi i stand ved Tilverknad og for ein Del paa Ting, som Menneskjurne hev arbeidat. Men medan soleis ikkje Bygningar og Umvølingar berre vert skattlagde, men ogso den paabygde og uppdyrkad Jordi mange Tider vert skattelagd høgare, - som oftast, etter Maaten daa, mykje høgare enn udyrkat Jord av same Slaget²), so hjelper dei Skattar, som fell paa Jordprisen, til aa minka Tilverknaden.

 

Ein maa soleis betala fordi ein arbeider og vøler. Den Mannen, som arbeider og legg seg litt til, han vert altso medfarne, som um han gjorde noko reint galet. Naar det vert bygt eit Hus, ein Dampar elder ein Fabrikk, so kjem straks Skattefuten og mulkterar den, som hev gjort det. Naar ein Jordbrukar tek til aa brjota upp ein Skrabbeteig, som ikkje er enoko verd, fær ein Skjøte paa Jordlappen og saar og haustar, kauper seg Kretur og hevdar den magre Jordi, so tek me Betaling av han fordi han hev aukat den aalmenne Medelen, og for aa skræma andre fara aa gjera likeins, legg me mykje meir Skatt paa Jordi hans, enn paa den steinutte og mosgrodde Øydemarki.

 

Soleis fer Skatteupprkevjaranne vaare aat med den, som vil spara og leggja seg noko upp. Han fær Juling for det.

 

Paa same Maaten vert Tilverknaden hemjat paa alle Leider.

 

(Sluttar.)

 

 

¹) Det kjem ikkje oss ved, um det er rett aa leggja Skatt paa Tobak og Brennevin, naar ein ser Saki fraa andre Synsleider. Men det kann vera verdt aa høyra, kva Adam Smith segjer um dette: Det hev alltid synt seg, at ein laag Vinpris gjer Folk til Maatehaldsmenn og ikkje til Ovdrikkarar. Folket, som bur i Vinlandi, er aalment dei mest maatehaldne Drikkaranne i heile Europa, t. D. Spaniarane, Italiamennerne og Folket i Sud-Frankrik. Folk forét seg ikkje paa Kvardagsmaten sin, og ingen tykkjer han er Kar, avdi han byd Folk paa heimebryggat Øl. Men i dei Landi, der det anten er so kalt elder so varmt, at Vindruarne ikkje veks, og der Vinen difor er dyr og sjeldfengd, der er Ovdrikkingi ein aalmenn Last. Soleis er ho aalmenn hjaa Nordfolki og dei, som bur millom Solvendurne, t. D. Negrarne paa Guinea Kysten. Naar franske Soldatar kjem fraa Nordfrankrik, der Vinen er dyr, til Sudfrankrik, der han er billeg, so drikk dei ovmykje i Fyrstningi, daa det er so lett aa faa Tak i god og billeg Vin; men naar dei hev voret der ei Rid, so vert dei likso maatehaldne dei, som Hitfolket. Soframt Øl og Vin med ein Gong vart tollfrie, so vilde Millom- og Underklassen i England taka til aa sidrikka eit Bil, men det vilde ikkje vara lenge, fyrr dei vart Maatehaldsmenner, tenkjer eg. No for Tidi er Ovdrikkingi ingen stor Last hjaa Storfolket i England, for dei hev Raad aa kaupa dyr Vin. Ein Storkar, som hev voret full av Øl, hev ein knapt set hjaa oss. Bandet paa Vinhandelen i England ser det ikkje ut for er gjort somykje for aa halda Folk burte fraa Ølstovurne, som for aa halda dei brute fraa dei Plassar, der dei kunne faa kaupa god og billeg Vin. (”Wealt of nations, Bok IV, Kap. 3).

²) Dette kjem av den aalmenne men reint meiningslause Tanken, at Eigedom berre bør betala Skatt av dei Innkomur, han gjev av seg. I England er det eit so reint galet Stell paa dette, at all udyrkat Jord er skattefri, kor stor Verde ho enn hev.

 

 


Frå Fedraheimen 08.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum