Ymist.

 

Formannskapsvalet i Kristiania vart ein Høgresiger.I Bergen sigrad Vinstre, i Kristianssand vart det valt baade Høgre og Vinstre og likeins vil dei gjera i Skien. I Trondheim sigrad Høgre, men Vinstre fekk ein av sine gjenom (Bomhoff).

 

 

Innkomurneved Vossebanen held paa aa auka. Soleis hev han fraa Oktober 1886 tent 3000 Kr. meir enn fyrre Aaret.

 

 

Fædrelandsvennen i Kristianssand hev bytat Bladstyrar. Bladet hev hittil voret helder oftedølsk, men no vert det fullt vinstre.

 

 

Med Sildefisket i Finmarken gjeng det godt, vert det telegraferat fraa Amtmannen 1ste Des. Men det vantar Kauparar.

 

 

Ein ung Mann  her i Byen kom seint heim her um Kvelden. Morgonen etter fann dei han daaen. Drykk skal vera Orsaken.

 

 

Drapsmannen  paa Stray, Fredrik Diesen, hev fenget 6 ½ Aars Strafarbeid.

 

 

Ei ny Kyrkja vart innvigd i Stokke (Jarlsberg) fyrre Sundagen. Ho er bygd av Murstein og kostar 52,000 Kronur.

 

 

Brand. 30te Nov. brann Huset og alt, som i det var, upp for Arbeidsmann Gollerders i Hitterdal. Mannen var i Skogen, men Kona og Borni var heime. Ingenting var assurerat, so dei misste alt, dei eigde. Det er galet det, at Folk ikkje eingong kann faa Augo upp for, kor meiningslaust og slarvet det er ikkje aa assurera Eigedomarne sine, serleg no, daa det er so godt Høve til det. Det kostar berre 40 øre Aaret for 100 Kronur og det maa nokon kvar kunna klara.

 

 

50 Aarsfest som Prest  heldt Soknepr. Lampe i Langesund fyrre Sundagen. Han er 76 Aar gamall.

 

 

Ein naken Mann  heldt her ein Kveld svært Staak i eit Vertshus i Trondheim. Han hadde voret svensk Soldat og det vilde han syna ved aa bruka Kniven mot Sengkameraten sin. Det vart ikkje noko av det med denne, men derimot gjekk han heilt naken til Verten i fyrste Høgdi og vilde sleppa ut paa Gata. Verten stod upp og opnad Døri, men daa tok Karen til aa bruka Kniven mot han. Denne vart rædd (han er ein gamall Mann) og ropad paa Tenestgjenta, som straks kom; men daa ho saag Karen sette ho i og skreik. Endeleg kom han ut paa Gata, men vart straks sett i Fengsel. (Dagsp.)

 

 

Frankrik. Fredag vedtok Stortinget eit Forslag um aa uppheva alle Præfektembæte i Landet. Regjeringi var imot og arbeidad det, ho kunne for aa hindra at Framlegget vart vedteket. Straks etter heldt ho møte hjaa Freycinet, og der vart Statsraadarne einige um aa taka Avskil. Søknaden um denne vart sendt til Grevy same Kvelden. Han negtad aa gjeva dei Avskil, men Freycinet heldt paa sitt. Korleis det kjem til aa ganga, veit ein ikkje, men det er Von um, at Tinget bøyger seg, daa det er vant aa faa ein so dugande Statsraad som Freycinet.

 

 

Irland. Det vert verre og verre for Høgrestyret i England aa halda Styr paa Irarne. Dei vil ikkje vita av denne Trælkingi, kann ein vita, og det syner dei so ofte dei kann. Sundagkvelden vart det haldet eit møte paa open gate i Cork, der O’Brien talad. Politiet kom tilstades, men Folk tok til aa steinsetja dei, so at dei maatte bruka Bajonetten. 23 vart saarat og mange av Politiet gjekk det og galet med.

 

 

Slaveutskipingi  i Brasilien gjeng det fort med. Det finst no i alt 1100,000 Slavar, men det er Von um, at um 10 Aar skal det ingen vera. Regjeringi gjer alt, ho kann for aa hjelpa til med dette.

 

 

Hausten  i Sverik hev helder voret rik iaar. Utpaa Sumaren saag det stakarslegt ut, men det vart likare seinare. Heile Hausten er verd paalag 350 Mill. Kr.

 

 

Johannes Scherr, den namngjetne tyske Sogeskrivaren, døydde i Zürich 22de Nov. 69 Aar gamall.

 

 

Bihourd  heiter Etterfylgjaren hans Paul Bert i Tonkin. Han hev fyrr voret med i Utanriksministeriet og skal vera ein dugande Kar.

 

 

Framåt, Göteborgs Kvinnoförenings Tidsskrift er utkomet med det 23de Hefte og inneheld:

 

J. W. Å: Om djurskyddet, sedt från vegetarisk ståndpunkt och om vivisektionen. – E L.: Et stykke griseliv. – Alma Åkermark: Till Göteborgs Handelstidning. Göteborgsposten, Dagny och allmenhäten. – Alfhild Agrell: Till red af ”Framåt”. – Stella Kleve: Till alla dem, som i ”Framåt” skrifvit om ”Pyrrhussegrar”. – När och Fjärran.

 

 


Frå Fedraheimen 08.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum