[Ymist.] Likdansen

 

 

(Ei Segn fraa Bø, Telemork). Det vert fortalt, at for ikr. 300 Aar sidan, var det aalmenn Skikk i Bø, at naar nokon døydde, vart han ikkje lagt i Kista, fyrr alt var buet til Likferdi. Slegt og Vener kom aalment saman Kvelden fyrr. Liket vart daa lagt i Kista, so Likfylgjet saag paa det og deretter vart Kista sett opi paa Langbordet. Etter dette vart det etet og drukket heimebryggjad Øl. Brennevin og Bayerøl visste ikkje Folk av daa.

 

Folk var ikkje endaa komet solangt, at dei ordskiftad um Politikk (?) og difor gjekk Drøset helst ut paa Ver og Vind. Det vart talat eit og anna um den daude og. Ølet tok etter kvart til aa verka og daa dei hadde gjenget fraa Bordet, byrjad serleg Ungdomen aa verta høgmælt. Ein av dei, som var Kar til aa spila paa Langeleik elder Harpa, maatte daa fram og syna Dugleiken sin og so vart det Dans av det. Unge og gamle heldt paa aa svinga seg rundt paa Golvet og Ljoset deira var digre Tyristikkur.

 

Galosjer og maalad Golv brukad dei ikkje i den Tidi. Istadenfor dei Lampar, dei no brukar, hadde dei eit Slags opne Talglampar, som osad so sterkt, at naar det var eit elder anna tess, so brukad dei helder Tyrifaklar og Talgljos. Medan Ølet gjekk ikring (Kaffi var helder ikkje i Bruk endaa) gjekk Tidi med Song og Dans til langt utpaa Natti. Kjøgemeistaren maatte daa treda fram og segja, at Likdansen var til ende.

 

So byrjad andre Akti.

 

Loket vart lagt paa Kista, medan Slegtningar og Vener stod ikring gret. So vart det lagt Likdekke paa ho og ho vart standande paa Bordet til andre Dagen, daa ho vart bori til Gravi.

 

Den siste Likdansen i Bø vart halden paa Garden Folkested. Grunnen til, at han vart den siste, skal vera denne:

 

Medan dei heldt paa aa morra seg paa det beste med Sang og Dans, visste dei ikkje Ordet av, fyrr den Daude reiste seg i Kista, som stod paa Langbordet. Ein kann tenkja seg, kor rædde Folk vart, daa den Daude sat i Kista og leet dei aalvorlege Augo sine gaa rundt i Stova til alle saman, der dei sat samanbøygde av Rædsla. Deretter lagde Liket seg i Kista og var med eingong kalt og stivt som fyrr. Folket sat der tagalle og skræmde, til dei andre Dagen fekk Kista i Jordi.

 

Daa dette Tilfellet straks vart spurt yveralt, og Folket trudde, det var ei Varing um, at det no var paa Tidi aa slutta med denne gudlause og stygge Skikken, so fortel Segni, at dette vart den siste Likdansen i Bø.

 

 

(Etter Fremskridt).

 

 


Frå Fedraheimen 18.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum