Arne Garborg: ”Mannfolk”.

 

 

Det er inkje Diktarverk, som Folk hev ventat somykje paa no iaar, som ”Mannfolk”. Det var sagt, at ho skulde umhandla same Emnet som ”Ungdom” i ”Forteljingar og Sogur”, Forholdet millom dei tvo Kyn, og dette var noko, Folk gjerne vilde sjaa.

 

Endeleg er ho komi.

 

Um ein tek og les ho for aa faa Greide paa, korleis det rette Forholdet millom Mann og Kvende -- etter Garborg si Meining – bør vera, so finn ein ikkje mykje Lærdom.

 

Garborg meiner nemleg, at soleis som Samfundslagnaden no er, er Spursmaalet um dette meiningslaust. Det gjeng ikkje an aa liva, som ein bør, som det no er lagat. Det det difor gjeld um, er aa arbeida for ein annan Samfundslagnad. Naar den er komen, so vil det andre retta seg det og. Det er denne nye Samfundslagnaden, Georg Jonathan meiner, naar det heiter:

 

Ho (Julie Lindner) høyrde paa hans Visdom med heilag Tru; det, han sagde, var so klaart, at alle maatte forstaa det. Det kunne ikkje vara lengje, fyrr me fekk sjaa den nye Verdi, han spaadde um, den underlege Verdi, daa alle skulde arbeida og alle vera like, so ingen fekk Raad aa kjøpa den andre og ingen hadde Naud paa aa selja seg. Og alle skulde ha Upplysning og alle skulde vita, at Kjærleik høyrde med til Livet so væl som Mat og at Kjærleiken hadde si rette Tid i dei Aari, som no vart burtøyde i Sedløysa og Sut, fordi Folk ikkje hadde Raad til aa gifta seg”.

 

Fraa alle Land høyrer ein no Klagemaal yver, kor galet det er stelt med flestalle Folk i Pengevegen. Den armaste og mest skrikande Fatikdomen bur Hus um Hus med den største Rikdomen. I det eine Hus held Folk paa og svelt i hel, i det andre veit dei knapt alt det gode, dei skal finna ut for aa fylla seg med. Arbeidaren og Bonden slit og slæpar fraa Morgon til Kveld for aa halda Liv i seg og sine, medan ei Her av Kapitalistar og Embætsmenn liver av aa suga dei ut. Prestar og andre vise Menn sagde, at denne Ordningi var etter Guds Vilje og at ein difor laut finna seg i ho. Naar den fatike leid og svalt, so var dette noko, Gud so vilde og som ein skulde takka for. Fatikdomen var ein god Veg til Gud, daa den, som kjende seg mest arm, hadde større Trong til aa finna han, enn den rike.

 

Denne Tankegangen held no paa aa svinda burt. Dugande Menner hev granskat Samfundsskipnaden og funnet, at Grunnlaget for han er urettvist. Gud hev skapt alle Menneskjur like, men etter som Lagnaden no er, so er Likskapen ikkje til. Den fatike og den rike stend ikkje paa like Fot. Pengarne hev vortet ei Samfundsmagt, so at den, som hev dei, kann stella seg mest som han vil. Dei ytre Formerne for Slaveriet hev vortet avskaffat, men Slaveriet stend like fullt ved Magt den Dag i Dag.

 

Klaart og greidt hev det vist seg for dei, at skal det verta betre i Samfundet, so maa det byggjast paa ein sunnare og betre Grunnvoll: det maa verta Umstøytt av det.

 

Det er dette, Garborg tolkar i ”Mannfolk”. Han trur ikkje, at dei fær burt Sedløysa og Ukjurskapen ved aa arbeida mot han med Lovar. Lat oss faa ein rettvisare Samfundsskipnad og ingen vil trengja korkje den offentlege elder løynde Prostitusjonen.

 

I ”Mannfolk” raakar me uti gamle Kjenningar, Bondestudentarne. Daniel Braut er no teol. Kand. og Lærar paa ein Privatskule. Markus Olivarius Markussen hev vortet Kopist i Departementet. Han er gift no og Egteskapet hans er fullt ut parlamentarisk. Han er Folket, Helga, Kona hans, Regjeringi. Han er den same glade Sjæli, me fær eit so livande Bilæte av i ”Bondestudentar”:

 

Helten” i Boki er Georg Jonathan. Han er uægte Son til ein engelsk Orlogsmann og ei Dame fraa Kristianssand. Han er Jurist og hev Plass paa Kantoret hjaa Storhandlar Storr. Det er angelsaksisk Blod i han. Egteskapet, stiftat av Presten, vil han ikkje vita noko av. Etter mykje Stræv fær han endeleg Tak i ei Dame, som er viljug aa liva saman med han utan Vigjing. Det er Julie Lindner, Dotter av ein Holteleigar i ein austlandsk Smaaby. Han fær Plass til ho paa same Kantoret, han sjølv er og det gjeng godt lenge. Endeleg vert dei gifte, daa ho ikkje er i stand lenger til aa bera all den Vanvyrdingi, ho vert utsett for av Veninnurne sine. Ein annan Kar, som upptek mykje Plass i Boki, er Laurits Kruse, filologisk Student, reint ein stakkars Ting. Maalaren Bjølsvik er ypperlegt skildrat og Forfattaren fær her Høve til aa koma med ei elder onnor Sanning um, korleis Kunstnaranne vaare vert medfarne av Staten. M. a. segjer Bjølsvik: ”Den norske Kunst?” den kunde dei ikkje ”tae noe Hensyn til”. Det var ingen, som hadde Bruk for den. Staten gav somykje til norsk Kunst, som der gjekk i Pensjon til ein Bisp, og enda totte Bønderne det var fælt mykje”.

 

Mannfolk” er ei aalvorleg Bok, som er verd aa lesa. Det er sjeldan aa faa ei Bok, som gjev ein somykje aa tenkja paa. Og det Spursmaalet ho tek fat paa, er eit av dei vigtugaste i Tidi vaar, eit Spursmaal, som er paa Tale mest kor ein kjem. Sjølv um ein ikkje er einig med Garborg um Løysingi, so maa ein daa tilstaa, at her hev ein ein Mann fyre seg, som hev set paa Livet djupare enn vanlegt og som med si heile Magt arbeidar paa aa lyfta Samfundet upp fraa alt det stygge og fælslege, som no finst der, so det kann verta betre Menneskje av det. Han er radikal. Han nøgjer seg ikkje med Lapping og Bøting. Det er mykje, som talar for, at han hev Rett.

 

At Boki er framifraa godt skrivi, det trengst ikkje aa segjast, naar Garborg er Forfattaren.

 

L. St.

 

 


Frå Fedraheimen 18.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum