Eldstrygd.

 

Det var i vaar Tid so aalment aa trygda seg mot Eldebrand, at ein ikkje tarv prova, kor naudturvelegt det er.

 

Skulde ein likevæl gjera det, so maatte det vera for aa minna dei fatike um det, so at dei i staden for aa segja: ”Eg hev ikkje Raad til det”, kom til aa segja: ”Eg hev ikkje Raad til ikkje aa gjera det, so eg kom til aa utsetja meg sjølv og Huslyden min for aa tapa heile Eigedomen vaar.

 

Det kann vera forvitnelegt aa sjaa, kva Brandkassa i Landet i dei siste 20 Aar hev betalat for Brandskade i Byarne.

 

I ein tettbygd Treby er det paalag visst, at Elden vil spreida seg, trass det, at ein kann møta han med eit godt Vatnverk. Soframt han ikkje vert sløkkt med det same, so er det so mykje, som hjelper til aa spreida han, at det inkje vert gjort, fyrr han alt hev gjort stor Skade.

 

Naar Brandfolket hev arbeidet 4-5 Timar, so vert det trøytt, Sprøiterne er i Ulag og alt hindrar ei snøgg Sløkking.

 

Soleis hev det gjenget og soleis vil det gaa, um ikkje Elden vert sløkkt med det same, han bryt ut. Men likevæl gløymer Folk dette av, straks Branden er yver og alt er komet i Ordning att. Dei gløymer, at dei Trehus Byen er samansett av, nettupp er den beste Maten for Elden og at i dei siste 20 Aar hev mange av Trebyarne vaare brunnet upp meir elder mindre. Det kann vera forvitnelegt aa hugsa paa desse og difor skal me her taka dei med.

 

Større Brand

i Byarne

Avslag i Brandkontingenten

med Umsyn til Vatnværk.

Vatnværk bygt

Aar.

Større Brand Aar.

Erstatning utbetalt av ”Landets almindelige Brandkasse”.

Drammen

Tidlegare 25 %. No 22 ½ %

1864

1866

Kr. 4,117,000

Arendal

Tidlegare 16 3/3 %. No 20 %

1860

1868

926,000

Drammen

Se ovenfor

1864

1880

134,520

Kristianssand

Tidlegare 20 %. No 30 %

1868

1880

280,044

Moss

Tidlegare 25 %. No 27 ½ %

1876

1881

481,587

Bergen

Tidlegare 25 %. No. 30 %

1855

1882

32,055¹)

Holmestrand

25 %

1882

1884

422,450

Larvik

Tidlegare 25 %. No 27 ½ %

1870

1884

956,796

Kraakerøy

Tidlegare 16 2/3% No 15 %

1871

1886

617,000

Skien

Tidlegare 12 ½ %. No 8 ½ %

1863

1886

Ca. Kr. 2,400,000

 

¹) Av eit utanlandsk Selskap i Bergen var det dessutan skrivet 30,000 Kronur paa 2 Huspoliser. Det vart utbetalat 29,000 Kr.

 

 

Ein høyrer ofte, Folk segjer, at Husbunad er det lett aa berga, naar det er Brand. Dette hev synt seg ikkje aa vera sant. Ved ein Brand i Bergen i 1882 brann det upp for 100,000 Kr. i Husbunad. I Kraakerøybranden iaar brann det upp for 100,000 Kr. i Husbunad, som var assurerat og endaa meir, som ikkje var det. I Skien var paalag det same Tilfellet.

 

 

(Berg. Tid.)

 

 


Frå Fedraheimen 18.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum