Ikornet.

 

(Del 5 av 5. Fyrste delen.)


(Forteljing av André Theuriet, umsett fraa Fransk av O. H. S.)

 

(Framhald fraa fyrre No.)

 

 

Eit av dei mange Tilræde hans Bastian var, at naar me gjekk paa ein Fotstig, laut han trottug fylgja den ”for aa sjaa Enden”, sagde han. Dette førde oss sumtid svært langt burt.

 

Ein Juni-kveld var me soleis mest komet so langt, at me kunne augna Landsbyen la Chalade, daa me paa ein Krossveg saag tvo smaae Bondegutar ved Foten av eit Boketre, svært upptekne med aa glaapa paa eitkvart. Daa me gjekk burtaat, saag me tri Ikorn, berre smaae endaa, som ein av Gutarne hadde voret stad og teket or Reiret i ei Kluft av Boketreet. Dei var snaudt aatte Dagar gamle; tvo var samraude, det tridje var noko svartdroglutt.

 

- Aa, Frende Bastian, - sagde eg forhippen, - det er Ikorn, kom og sjaa!

 

Frende byrjad aa skjelva med det same, derpaa talad han til dei tvo Gutarne i eit aalvorlegt Mæle:

 

Dykkar Sluskar, - sagde han, - kvifor hev de teket desse stakkars smaae Krek utor Reiret?

 

Borni stokk litt, men gjorde ’kje anna enn einstira paa oss og klaa seg i Hovudet utan aa svara.

 

Synest de, at de hev det betre, - tok Frende i att, - naar de hev fenget svelt dei i hel, for de kann visst ikkje næra dei?

 

Vi’ dere kjøpe dom? – spurde den framberelegaste av desse Slarvarne paa sitt Herkemaal, medan han plirde med Augo paa ein uvyrdeleg Maate.

 

Dette Forslag hadde reint gjort meg ør. Eg trivlad nedi Lumma mi og fann ein 25-Øring millom Kjeksekulurne mine; so snudde eg meg mot Felagen min og sagde med Augo fulle av Lyst: - Aa Frende, lat oss kaupa dei; eg skal temja dei upp. Sjaa her hev eg Pengar!

 

Men Hr. Bastian riste paa Hovudet som Teikn paa Nei. – Kva skal slikt vera til? – mullad han, du vil ikkje meir kunna næra dei; dei syg enno, og eingong komet inn i Hus vil dei døy av Svolt elder Frost.

 

- Nei, nei, eg skal syta so væl for dei, skal De sjaa... eg skal sjølv gjeva dei

Mjølkdrikke.

 

Eg yvertalad Frende ved Trass og Bøner og fekk Vilji mi fram. Han tenkte utan Tvil paa, at Ikorni vilde vera endaa verre stillad i Hendarne paa dei tvo Slarvar enn i mine, og denne fine Tanken var Grunnen til, at han gav upp sin Mothug. Handelen vart avsluttat. Hr. Bastian gav grætten ei halv Krona til desse smaae Bondegutar, som risne gjekk sin Veg. –

 

Eg tok Hovudtyet av meg og lagde dei tri smaae Ikorn nedi Luva mi, etter at eg fyrst hadde reidt upp ei blaut Mosaseng for dei.

 

Me gjekk attende til Varennes. Hr. Bastian gjekk høgelegt og sukkad, medan eg traskad like i Hælarne paa han og heldt med stor varsemd Luva mi i baae Hender. Eg kjende meg so lukkeleg ved min Fund, at eg mestum var støytt yver Frendes Maalløyse. Han delad paa ingen Maaate min Eldhug; tvertum tottest han vera tankemyken, og ein tjuge Stig lenger framme stansad han raadvill, mullande:

 

- Eg hev gjort galet i aa lata deg taka desse Kreki... Dersom eg var spræk nok til aa kliva upp i Treet, so vilde eg einslistes snu um att og leggja dei tilbake i sitt gamle Reir.

 

-Aa, Frende! ropad eg andpusten og harm.

 

- Eg likar ikkje at dei stengjer Dyri inne for aa temja dei upp... Ja, eg tregar, at eg hev teket desse Ikorni; det vil ikkje fylgja noko godt med dei, skal du sjaa... Ikornet er eit Dyr, som ikkje ber Lukke til Huset.

 

- Kvifor det?

 

Han svarad ikkje, men gav seg til ganga att med Henderne bakunder dei brunmusutte Frakkeblokur, krokut i Ryggen og med Nosi mot Jordi. Kjakarne ledad seg, som naar ei Kanine jortar; han gav ifraa seg ein ny Sukk og mullad som um han talad med seg sjølv.

 

- Eg hev kjent ein, som fekk blodugt lida, av di han hadde eit Ikorn heime hjaa seg.

 

Tonen hadde vortet klagande. Eg gjekk nærare innaat han, med di eg liksom fekk Teften av ei Soge og eg ruslad no jamsides han paa den trogen Fotstigen, kantat med viltvaksande Jordber. Eg likad so godt Sogurne hans, dei var allstødt morosame; han fortalde dei med slikt eit godsklegt og trulegt Tonefall, at det var lett aa skyna, dei var sanne. Men naar han var i god Forteljing, maatte ein vakta seg vel for aa ganga inn paa han med nærsøkne Spursmaal, for daa stansad han snupt og fall tilbake i Maalløyse. Ein hadde berre aa halda seg roleg og høyra han drøyma høgt.

 

- Ja, sagde han, - han som eg talar um, hadde i lang Tid havt eit Ikorn; sidan, daa Dyret var daudt, hadde dei fenget stappat det ut, og det prydde eit av Smaabordi i Matsalen.

 

- Husbonden hadde ein Son, ein vakker Gut paa syttan Aar, kvik og lentug som du Josef...

 

- Kva heite han?

 

- Han heite Noravinden... Det var eit Tilnamn, dei hadde gjevet han. I Frivikurne, naar han kom heimatt fraa Skulen, vart huset hugnadlegt og livande. Kameratarne hans Noravinden kom for aa vitja han, og dei gjekk daa i Veideskog saman. Faderen fylgde dei unge og veidad med dei. Veiding var hans største Lyst, - ei usalig Lyst, for han var ein daarleg Skyttar, skaut bom, og vende heimatt like snaud, so han vart til Laatt og Løgje for Ungdomen, som allstødt er so hugad aa læ aat dei Gamle. – Ein Dag, som dei skulde i Veideskog like etter Dogurden, gaadde Noravinden, daa han gjekk ut, Ikornet paa Bordet. Ein roteleg Tanke skaut upp i han; han tok det utstappade Dyr ned av Pinnen, stakk det i taska si, og medan dei hine Veidararne snudde Ryggen til, kleiv han like upp til ei av Stogreinerne i eit Boketre, som stod i Utkanten av Smaaskogen, og krøkte Ikornet fast der med ein Staaltraad...

 

Dei glamrad og skaut heile Ettermiddagen og felde kvar sin Jase, so nær som Faderen, som aldri fekk løyst eit Skot, slik han var van um Kvelden. Dei gav seg alle paa Heimvegen. Dei unge kaate og glade, han helder dap, daa med eit i Utkanten av Skogen Noravinden byrjad aa smaadraga i Frakkebloka paa Faderen.

 

- Far, kviskrad han, - eit Ikorn, der, uppe i Boketreet!

- Ja, eg ser det, mullad hin, ... lat meg um det! Kameratarne mine, eg skal snart gjera av med det!

 

Derpaa lagde han Byrsa mot Herdi, medan Smaagutarne stelde seg rundt ikring han,

siktad lenge og brende so av baae Ladi sine paa Ikornet, som fekk heile Supa i seg, so det skvatt.

 

- Raakat! ropad han. Daa Røyken var burte, saag han, at Dyret hadde glidet kringum Greini og heldt seg der med Hovudet nedetter.

 

- Aa, du krøkjer deg fast att, mullad han, vant berre! ... Han ladde forhippen baae Pipurne i Byrsa si og brende av det eine Skotet, likso det lufsad i Haari paa Dyret. Men det vilde slettes ikkje falla ned; det var daa undarlegt! – So vende han seg daa til ein, som hadde voret med som Klappar, og tilsagde han aa stiga upp i Treet og henta ned Ikornet. Denne laut til; det vart stilt ei liti Stund, - so ropad Barnet ned fraa Høgdi med eit skjemtande Mæle:

 

- Ikornet er krøkt fast!

- Kvafor noko, krøkt fast?

- Som eg segjer; det er utstappat ... Vent! der kann du sjaa.

 

Og Dyret datt ned for Føterne aat Faderen, som kjende att Ikornet fraa Matsalen. No kunne eg ikkje halda meg for aa læja. Hr. Bastian sende meg eit sorgsamt Augnekast.

 

- Du finn detta løglegt, er det ’kje so? tok han i att, - dei andre lo au, so dei heldt seg for Magen... Men han, som dei heldt for Narr, han lo ikkje, han... Han hadde eit vondt Huglynde og var helder hastig av seg. Han vart sinnad, og daa han saag Son sin, som lo mest, ropad han:

 

- Aa, din Slarv! eg skal læra deg aa halda Narr av meg! – Han kunne ikkje styra seg lenger, men sprang burtaat Noravinden; men denne, som var sprækare, veik undan, medan han heile Tidi greiste og heldt Narr aat han og smuttad bakum Buskarne. Men hin, som var blind av Sinne, svirrad hit og dit med Byrsa, som enno var ladd i det eine Laupet. Han kastad seg tvers igjenom tvo Haslerunnar for soleis aa faa fat i Spottegauken; med det same krøkte Byrsa seg fast, Skotet gjekk av, og Noravinden gav fraa seg eit skjerande Skrik.

 

Aa, Gud Fader, ropad eg, vart han særd?

 

- Han fekk heile Ladet like i Lungurne so han døydde andre Dagen, svarad Hr. Bastian med ei mørk Augnebragd.

 

Han rette seg i Kroppen; Andlitet hans hadde dette sorgsame Laget, som eg hadde lagt Merkje til hin Kvelden, daa han kom til oss. Millom Trei glodde alt Soli, og paa den raudlege Himil teiknad Godmennets Andlitsline seg greidt av.

 

Av og til lyfte han dei lange Armarne upp og let dei falla nedatt mot Kroppen.

 

Det hadde vortet stilt. Det grøtelege Laget hans, den blodraude Himilen, den syrgjelege Enden paa Forteljigi hans, alt det hadde gjort meg rædd. Eg klembde Luva med Ikorni i mot Bringa, og daa eg saag, at han var djupt rørt, sagde eg ikkje Ordet.

 

Me gjekk tagalle, like til me kom heim til Huset.

 

 


Frå Fedraheimen 18.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum