Johannes Døypar og Jesus, som Johannes Evangeliet skriv om deim i Evang. I, 19-52; III, 22-36.

 

 

Og detta er Vitnemaalet til Johannes, daa Jødarne sende Prestar og Levitar fraa Jerusalem fyr di, at dei skulde spyrja honom: ”kven er du?” Og han tilstod og neittad ikkje og tilstod: ”eg er ikkje Kristus”. Og dei spurde honom: ”kva er du daa? er du Elias?” og han segjer: ”nei, eg er ikkje”. ”Er du daa Profeten?” og han svarad ”nei”. Dei sagde daa til honom: ”Kven er du daa? me skulde gjeva Svar til deim, som sende oss; kva segjer du om sjølve deg?” Han sagde: ”eg er ei Røyst aat ein, som ropad i Øydemarki: ”jamne Vegen Herrens”, som han sagde Esaias Profeten. Og dei, som var sende, var av Farisearom. Og dei spurde honom og sagde til honom: ”kvi døyper du daa, naar du ikkje er Kristus og ikkje Elias og ikkje Profeten?” Johannes svarad deim og sagde: ”eg døyper med Vatn: midt imillom dykker stend den, de ikkje kjenna, han som kjem etter meg som eg ikkje er verd aa løysa Skotvengen paa. Detta gjekk fyr seg i Betania paa hi Sida Jordan, der som Johannes heldt paa med Døypingi.

 

Dagen etter ser han Jesus koma fram aat seg, og segjer: ”Sjaa der er Guds-Lambet, som ber paa Syndi til Verdi. Det er han, som eg sagde det om: ”Etter meg kjem ein Mann, som er til fyre meg, for han var fyrr en eg. Og eg kjende honom ikkje, men det var for di at han kunde verta ljosberr for Israel, difyr kom eg og døyper med Vatnet”. Og Johannes vitnad og sagde: ”eg saag Aanden siga ned liksom ei Duve fraa Himlen og verta verande yver honom. Og eg kjende honom ikkje; men han, som sende meg til aa døypa med Vatn, hansagde til meg: den, som du ser Aanden siga ned yver og vera yver, han er det, som døyper med Heilag-Aanden. Og eg hev set, og eg hev vitnat, at han er Guds Son.

 

Dagen deretter atter stod Johannes der og tvo av Dissiplom hans, og han fekk sjaa, Jesus gjekk framom, og segjer: ”Sjaa der gjeng Guds-Lambet”. Og dei høyrde, han sagde det, dei tvo Dissiplarne, og dei fylgde Jesus. Men Jesus snudde seg og saag, dei fylgde honom, og han segjer til deim: ”kva er det, de vil?” Men dei sagde til honom: ”Rabbi (som uttydt er det same som Lærar), kvar held du til?”Han segjer til deim: ”kom so skal de faa sjaa! ” Dei gjekk so med og fekk sjaa, kvar han heldt til, og dei vart verande hjaa honom den dagen; det var ved den 10de Timen. Det var Andreas, Bror til Simon Peter, som var den eine av dei tvo, som hadde høyrt det, Johannes sagde, og som fylgde honom. Han raakar fyrst paa Broder sin Simon, og segjer til honom: ”me hava funnet Messias” (som uttydt er Kristus, den som er salvad). Han tok honom med til Jesus. Jesus saag paa honom og sagde: ”Du er Simon Jonas’ Son; du skal hava Namnet Kefas” (som uttydt er Peter: Fjell).

 

Dagen etter vilde han ganga ut i Galilæa, og han raakar Filip. Og Jesus segjer til honom: ”Fylg meg”. Men Filip var fraa Betsaida, av Byen til Andreas og Peter. Filip raakar Natanael og segjer til honom: ”den som Moses skreiv om i Loven, og Profetarne, hava me raakat, Jesus Josefs’ Son fraa Nasaret”. Og Natanael sagde til honom: ”Fraa Nasaret kann der koma noko godt derifraa?” Filip segjer til honom: ”kom, so skal du faa sjaa!” Jesus saag, Natanael kom framaat seg, og han segjer om honom: ”Sjaa der er mi sann ein Israelit, som det ikkje er noko Farkelag ved”. Natanael segjer til honom: ”kvar kjenner du meg ifraa?” Jesus svarad og sagde til honom: ”Fyrr Filip ropad paa deg, medan du var under Fikentreet, saag eg deg”. Natanael svarad honom: ”Rabbi, du er Guds Son, du er Israels Konge”. Jesus svarad og sagde til honom: ”av di eg sagde til deg, at eg saag deg under Fikentreet, trur du. ”Større Ting en desse skal du faa sjaa”. Og han segjer til honom: ”So sanneleg segjer eg dykker: no heretter skal de faa sjaa Himlen open og Guds Englar fara opp og fara ned yver Menneskje-Sonen”.

 

So gjekk Jesus og Dissiplarne hans til Galilæa, var med i Gjestebodet i Kana og var etterpaa ei Stund i Kapernaum. Deretter reiste han til Jerusalem til Paaskehelgi, og jagad ut av Templet deim, som sat og handlad der. Ei Tid etter var det at Nikodemus kom til honom om Natti.

 

Etter detta kom Jesus og Dissiplarne hans til Judæa Land, og der tok han Husvist med deim og døypte. Men Johannes heldt og paa og døypte – i Ænon (Kjelda) inn med Salim, for det var mykje Vatn der, og Folk kom og vart døypte; for enno var ikkje Johannes sett fast. Der kom so opp eit Kivsmaal fraa Dissiplarne til Johannes med ein Jøde om Reinskingi. Og dei kom til Johannes og sagde til honom: ”Rabbi, han som var hjaa deg hi Sida Jordan, og som du hev gjevet Vitnemaalet ditt, sjaa, han døyper, og alle kjem til honom. Johannes svarad og sagde: ”Ikkje kann ein Mann taka nokon Ting, utan det vert honom gjevet fraa Himlen. Sjølve vitna de um meg, at eg sagde: ”ikkje er eg Kristus, men eg er send fyre honom. Den som heve Bruri, er Brudgom; men Venen til Brudgomen, som stend og høyrer paa honom, gledst inderleg ved Maalet til Brudgomen. Denne Gleda mi er daa og so stor, som ho kann vera. Han maa stiga, men eg siga. Den som kjem ovanfraa er yver alle; den som er av Jordi, ja han er av Jordi og talar av Jordi. Den som kjem fraa Himelen er yver alle, og det, han hev set og høyrt, det vitnar han, og Vitnemaalet hans tek ingen imot. Den som hev teket imot hans Vitnemaal hev stadfest, at Gud er sannordig. For den, som Gud sende, han talar Guds Ord; for Gud giv ikkje Aanden etter Maal. Faderen elskar Sonen, og alt hev han gjevet i Handi hans. Den, som trur paa Sonen, hev eit ævelegt Liv; men den som ikkje vil lyda Sonen, skal ikkje sjaa Liv; men Guds Harm vert yver honom.

 

k.

 

 


Frå Fedraheimen 18.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum