Skuggar og Sol-Glytt.

 

Forteljingar av Jens Tvedt 1880. Kr. 1.50.

 

 

Dette er andre Boki hans Jens Tvedt. – Fyrste, ”Inn i Fjordarne”, kom ifjor.

 

Det er hugnadlegt for oss Maalmenner aa sjaa, at den norske Bokavlen held paa aa auka so gildt, som han hev gjort paa det siste. Og det beste er, at dei Bøker som kjem, er verde aa lesa, noko som ikkje kann segjast um den Flaumen danske Bøker, som kjem no fyrr Jul.

 

Jens Tvedt skriv gildt og greidt Vestlandsmaal. Ein kann merkja, at den Mannen høyrer heime i Stavanger elder derikring. Endaa detta maa vera svært gildt for Vestlendingar, so trur eg, han hadde gjort klokare i aa bruka Normalmaalet meir. Det finst mange Ord og Vendingar i Boki hans, som er eigne for Vestlandet, og som Austlendingarne hev vondt for aa skyna. Maalforfattaranne vaare bør hugsa paa, at det gjeld aa faa heile Landet med seg, og difor bør dei skriva so, at alle skynar det. Det er ikkje so vandt aa gjera det.

 

Tvedt er Romantikar. Forteljingarne hans er skrivne med Bjørnson sine som Mynster. Difor held han seg ogso til Bondelivet. Det er desse gode gamle Forteljingar um lukkeleg og ulukkeleg Kjærleik, Trollskap o. s. fr. Men ein kann merkja, at han gjer Framstig. Medan ”Inn i Fjordarne” berre var sovorne romantiske Livsbilæte, der alt paalag gjeng ljost og lett, so hev han i den nye Boki si ogso teket med Skildringar fraa den myrke Sida av Bylivet. ”Rotta” er i sovori Skildring. Rotta er ei Stavangergjenta. Ho er av fatik Ætt, men framifraa fager, so det straks vert Spurlag etter ho. Lenge fyrr ho vert vaksi, kjem ho ilag med Gutar; men det gjeng samlegt til. Seinare fær ho i stand ein ”Restaurasjon”, som hadde god Søknad. Dei kom der i mengdevis, og alle vilde dei ha fat i Rotta, men ho varde seg godt lenge. Endeleg fall ho, og daa vart det ute med ho med ein Gong.

 

Rotta” minnar i sumt um ”Else” av Kielland.

 

Boki er vænt utstyrat i alle Maatar, og ho vil vera ei høveleg Julegaava aat Ungdomen. Ho er betre enn Mesteparten av den ”Juleliteraturen”, som ellest kjem.

 

L. St_.

 

 


Frå Fedraheimen 18.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum