Skulesaki maa fram no.

 

 

Eg ser, at Dagbladet  i den siste Tidi hev teket Ordet for Umvøling i dei høgre Skularne.

 

Me hev vel Lov til aa tru daa, at me snart vil faa høgre Skular med eit meir demokratisk Grunnlag. Naar no Skulesaki skal fram, so tykkjer eg, at det ikkje var for mykje, um Staten ogso gjorde litt meir for dei lægre Skularne.

 

So som det no er, er det meir enn uretferdugt.

 

Eg vil ikkje tala um slikt som at det finst tvo reint skilde Slag Skular i Landet, so at me alt fraa fyrste Ferdi lærer aa skilja skarpt millom Yverklassen og Underklassen.

 

Det er kannhenda ikkje so greidt med ein Gong aa faa burt det Tankesettet; men Skilnaden millom det som dei høgre og det, dei lægre Skularne kostar Staten, tykkjer eg er altfor strid.

 

Staten hev ikkje Rett til aa stella det so, at den eine gjeng inn i Livet med so stort Fyremon i Kunnskap framfor den andre, at det aldri kann bli Tale um nokon Kappstrid millom dei, sjølv um den siste arbeider og strævar aldri so mykje.

 

I eit land som kallar seg fritt og demokratisk, skulle slikt ikkje kunne gaa for seg. Men kva er det, me ser? Tak du og les sjølv i Undervisningsdepartementets ”Beretning om Skolevæsenet”, so fær du sanneleg sjaa merkjelege Ting.

 

Me kann lesa litt um Kongsberg til Dømes.

 

Paa Kongsbergs Latinskule er det 1 Lærar paa 7 Elevar; og kvar Elev kostar 300 Kronur um Aaret paaleg.

 

Paa Kongsbergs Aalmugskule er det 1 Lærar paa 88 Elevar, og kvar Elev kostar 14 Kronur paalag.

 

Ser du Skilnaden?

 

Me kann slaa upp paa eit anna Stelle ogso; paa Molde til Dømes.

 

Paa Moldes Latinskule finst det 1 Lærar paa 7 Elevar, og kvar Elev kostar 190 Kronur paalag; paa Almueskulen er det 1 Lærar paa 86 Elevar, og kvar Elev kostar 13 Kronur.

 

Eg tykkjer at det ikkje er so verst, dette. Paa Landet er det annarleis naturlegvis; der er det mange Ting, som gjer at det ikkje kann bli so galet der.

 

Skal tru, det blir gjort noko med dette, naar Skulesaki kjem fram?

 

Rolv.

 

 


Frå Fedraheimen 18.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum