Ymist.

 

 

Melding av ”Kommandørens Døtre” kjem Onsdag.

 

Daaen. Nils Enge, President i Lagtinget hev voret og Bankstyrar i Drammen, døydde sist Torsdag, 71 Aar gamall.

 

Enge hadde liksom gamle Ueland, gjort seg sjølv. Han vart fødd 1816 i Tvet. 15 Aar gamall vart han Skulemeistar, seinare Klokkar i Eide og 1849 Lensmann i same Bygdi. I 1861 vart han Lensmann i Sande, Jarlsberg.

 

Enge var med paa Storting fraa 1848-1882, med Undantak av 1873-76, daa Høgre hadde Magti i Jarlsberg. Han vann straks stor Tillit, og daa han var ein dugande Mann, vart han brukat til noko av kvart. I 1851-69 var han med i Justitsnemndi og fekk soleis mykje aa gjera med Juryframlegget, som han elskad sterkt.

 

Like til det siste var han fullt ut trugen mot dei liberale Synsmaatarne sine.

 

Fred yver Minnet hans!

 

 

Søren Bruun Bugge, ein av dei dugelegaste Menner i Landet, døydde Laurdag var her i Byen, 88 Aar gamall. 1825 vart han Professor i Latin. Seinare las han til Presteksamen, som han tok i 1847 og vart deretter Prest paa ymse Stadar til han i 1878 tok Avskil. Endaa i fjor, 87 Aar gamall, gav han ut ”Vidnesbyrd af Kirkefædrene”, umsett fraa Latin. Bugge talad Latin likso lett som noko anna Maal.

 

 

Sparebanken i Arendal  hev og spelt upp no.

 

 

Slarvestell i Postgreidurne vaare. Ein Brevskrivar fraa Voss fortel i Kristianiaposten: Ei Austlands Ekkje, som liver her, hadde i 3 Vikur ventat Brev fraa Son sin. Endeleg fekk ho eit, som hadde turvt – 1 Maanad og 3 Dagar i Posten fraa Aust- til Vestlandet. Det var sendt fraa Røken den 16d Septbr. og kom til Voss 19de Oktober. I Brevet fortalde Sonen, han skulde reisa til Amerika millom 14de og 16de Oktober og han vilde gjerne, at Mori skulde koma austyver, so han fekk tala med ho, fyrr han reiste.

 

 

Ein Mengde Tenestgjentur  hev reist fraa Arendal, nokre til Kristiania og andre til England.

 

 

Madvig, den namngjetne danske Maalgranskaren, er daaen no nyleg.

 

 

Fischer, Styrar i Assuranseselskapet ”Scandia” i Stockholm, hev lurat til seg i alt 515,000 Kronur. Han sit fengslat no.

 

 

Gamalt Kvinnfolk. I England døydde det nyleg eit Kvende, 105 Aar gamal. Ho var forlovat i 1798 og seinare vilde ho ikkje gifta seg.

 

 

Kven eig Barnet?  Paa Sjukehuset i Stockholm var det nyleg tvo Kvende, som fekk kvar sitt Barn. Det eine (ei Sygjente) fekk eit Gjentebarn og det andre (gift Kona) ein Gut.

 

Daa Mødrarne sidan fekk Borni til seg, fekk kvar av dei det, som høyrde den andre til. Dei livde i den Trui, at dette var som det skulde vera, og daa dei vart utskrivne, negtad baae aa byta.

 

Det vart ei heil Røra av dette og tilslutt vart Mødrarne og usams og maatte for Retten. Der vart det endeleg greidt og uppgjort.

 

 

Dronningi i Rumænia  hev yvertaket ein Plass som Lærar i Bokavlsoge paa ein Gjenteskule i Bukarest. Ho skal vera væl inne i Bokavlen aat alle større Kulturfolk og hev sjølv skrivi Diktarverk.

 

 

Det eldste Menneskje i Verdiskal vera ein Negar, Rugent, i Amerika, som er 126 Aar gamall. Han hev set og helsat paa alle amerikanske Presidentar og vitjat nyleg Cleveland. Han sagde daa, at han trudde ikkje han kom til aa faa sjaa fleire. Daa han gjekk, fylgde Cleveland han ut og ynskte, at han maatte liva so lenge, at han fekk vitja Ettermannen hans og.

 

 

Eit dyrt Maaltid.  Lord Mayorsdagen i London sluttar alltid med eit stort Middagsmaaltid i Guildhall. Iaar gjekk det med 47,500 Kronur. Um dette hev ein Prest sendt Bladet Pall Mall Gazette  eit sovoret Brev:

 

Sir! De segjer, at Lordmayorsmiddagen kostad 47,500 Kronur. Kva kunne det for desse pengar voret gjort for dei fatike i det austre London? Endeframt: Ein god Middagsmat, av Uksesteik, Pudding og Kaffi til 200,000 Menneskje, elder Middagsmat til 1000 Menneskje i 7 Maanar elder eit Matmaaltid for 1000 Born i 1 Aar. Dette er den reine Sanningi, daa eg hev kaupt god Middagsmat til 100 Menneskje for Kr. 23,75 og Middagsmat til 100 Born for mindre enn Halvparten av dette”.

 

 


Frå Fedraheimen 18.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum