[Kristiania, den 21de Desbr.] Det vilde stydja Maalsaki.

 

 

um alle Maalmenn vart samde um aa skriva norsk so mykje som mogelegt. Aa bruka Norsken i Brev til Vener og kjendte er noko, som vonlegt Flesteparten gjer. Men ein bør ogso bruka det, naar ein skriv noko i eit elder anna Blad. Det er so mange Hendingar kring i Bygderne, som vert sende inn til Bladi. Sovorne Meldingar bør altid Maalmennerne senda inn paa Norsk. Bladi tek dei inn likegodt, og er det noko Blad, som negtar, so bør ein utanvidare segja det upp. Eit Vinstreblad, som negtar aa taka inn norske Stykkje, siglar under falsk Flagd og bør ikkje stydjast av ein einaste Maalmann i Landet. Det kann inkje Tvil vera um, at dette vilde vera til stor Bate for Maalsaki og difor bør kvar einaste Maalmannen gaa med paa det.

 

Dagbladet  og Vestlandsposten  her i Byen hev i det siste havt fleire Stykkje paa Norsk. Det beste utanbyes Blad i den Maaten er Kristianssands  Stiftsavis, styrt av J. Løvland, som no og er ein av vaare beste Maalmenner.

 

Uppi Trøndelagen hev Bladi jamt havt norske Stykkje og etter som me hev høyrt, skal det koma meir etter Nytaar. Det er Nordtrønderen, styrt av Hægstad, og Nordenfjeldsk  Tid., styrt av H. Wexelsen, som er dei likaste deruppe. Det finst eit og anna Vinstreblad endaa, som er svært rædd Norsken, ja so rædde, at dei ikkje torer taka inn minste Biten. Soleis saag me her for ei Tid sidan fleire Vinstreblad, som ikkje eingong torde taka inn Vedtaket i Seljors Bondevenforeining um aalmenn Røysterett i det Maalet, det var skrivet i; men umsette det paa Dansk. Sovorne Vinstrebald bør ikkje Maalfolket stydja det minste. Naar dei er so glade i Dansken, so lat dei faa danske Tingarar og.

 

Me vonar, at Maalfolket gjev Gaum etter dette. Det er ikkje meir enn alle Maalmenn pligtar aa gjera. Skal me koma nokon Veg, so lyt me bruka alle Midlar me kann.

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum