”Rotta”.

 

 

(Or ”Skuggar og Sol-Glytt”).

 

 

Ho var laakt klædd, den vesle Gjenta, som kvar Dag gjekk med eit Korgabrot paa Armen burtetter Gata og skulde til Bakaren.

 

Andlitet var vænt – vænare enn dei fleste andre, ein kunde sjaa; men det var eit gulbleikt Dæme yver det utav all den Kaffien, ho hadde drukket. Heima var det Kaffi til kvart Maal mest, so nær som naar det var Øl – dersom det vart nokot visst Matmaal. Men jamt laut det vera med inkjevetta og.

 

Far hadde ho ikkje – hadde aldri havt retteleg Far; men ellest var det fint Blod i henne, sagde mori. Hadde alt gjenget rett til, so skulde ho voret Frøken; for Mori hadde rett eingong voret i Moten, ho, um det no ikkje var andre enn Sjauarar og sovoret Skrap, som slengde Kjeften etter henne.

 

Det var laakt med Utkoma no; men ei Tid hadde ho rett havt Skillingar aa rusla med. Og fine Klæde hadde ho og mykjet Stas – av Sylv og Gull. Dei Tider var det ikkje vandt aa liva, for ho var i Vinden, kvar ho kom. Men no var det annat.

 

No fekk ho vera glad, at ei elder onnor Frua let henne faa skura Golvi og sopa Gata. Det var daa alltid so fjerre, ho bergad Livet og hadde ein Mole Mat aa stikka burt i Munnen paa Barnet

 

Men harmelegt var det, at ho skulde ha’ det so naudt og vesalt, medan so mange andre, som ikkje var Haaret betre, gjekk i Silke og Fløyel, aat seg gode og mette og kunde drikka fin Skjenk – sovoren, som ho fekk i gamle Dagar, daa ho var ung og væn og kom inn Bakdøri i fine Hus._ _

 

Det var lenge no sidan. Men endaa kunde ho faa betre Dagar, dersom alt vilde skipa seg etter hennar Hovud.

 

Naar Dotteri vaks til og kunde ”snu seg skikkeleg”, so skulde det vel verta likare med Utkoma, enn det no var.

 

- Og Dotteri var snart vaksi. Ho var vel berra Barnet endaa etter Aldren; men ho var so god og rund og lubbig. Ein kunde radt tru, ho var vaksi longe, slikt Skap ho hadde, og det kunde ikkje vara lenge, fyrr dei fine Herrarne tok til aa glytta etter henne.

 

- Naar ho gjekk burtetter Gata med Korgabrotet sitt paa Armen, fôr ho med slikt Leggjalag, som det skulde voret den argaste Dama. Og Kjolen sat, som han var støypt, og synte den finaste Kvinneskapnad, ein Bilæthoggar kunde ynskja seg til Mynster.

 

Det var ingen Bilæthoggar i Byen til aa furda paa Vænleiken hennar. Men korso var det no dei, som visste aa setja Verd paa ein lytefri Gjentekropp - helst i den Gata, ho gjekk, naar ho skulde til Bakaren.

 

Og so hadde ho eit Par Augo!

 

Dei var reint faarlege, for ho hadde longe lært bruka dei – elder ho var fødd med Kunsten. Gjekk ho burt til ein Herre og med det blyga Maalet sitt sagde: ”Ein Øre til Brø’, far e’ dø’!” og saat paa han med dei faarlege Augo, so var ho viss paa, han kunde ikkje segja nei.

 

Men Damor nyttad det aldri med – ho hadde freistat det so mykjet._ _

 

- Det er mest, som det skulde vera fornæmt, at ein ikkje veit, kvar Stakkaren bur. Men dei fine Herrarne hadde merkt seg, kvar ”Rotta” budde.

 

Det var i ein Kjellar, som vart kallad ”Rotteholet” og var namngjeten yver heile Byen ifraa gamle Dagar, daa ”Rotte-Maren” budde der – ho, som var Millommannen aat so mange fine Karar.

 

Rotta” hadde fenget Namnet etter der, ho budde. Ellest hadde ho eit skikkelegt Namn og, men det haattad berre Mori og ho sjølv. Alle andre, som kjende henne, visste ikkje nokot annat, og ho gjekk etter det, som det skulde voret det retta.

 

Mori brukad ikkje annat, ho helder, og naar ho var full, sagde ho til Dotteri, at det Rotte-namnet var eit gasta Namn, og lo store Skrellelaattar.

 

- I Skulen gjekk det som ein Leik fyr Rotta. Lærararne hadde ikkje nokot Stræv med aa læra henne lesa og skriva; men Leksa kunde ho aldri, for ho hadde ikkje Bidlund til aa sitja roleg so lenge. Men ho var so klødd til aa svara utanbokes, at ho greidde seg korso, og det gjorde, at ho var til Vens med Lærararne, um ho aldri kunde ein Bokstav or Boki. Ho fekk ikkje so mykjet som ein Lusing i all den Tid, ho gjekk i Skulen. Og det var meir, enn Kameratarne hennar kunde kyta utav.

 

Var det eitkvart fyre ut i Byen, so var Rotta med. I alle Krær var ho kjend, og alt visste ho. Kom det Musikantarar, som fôr kring i Gatorne og spelad, so fylgde ho med dei ifraa den eine Enden av By’n til hin. Og ho kunde tralla mest alle dei Laatar, ho hadde høyrt, so var lika so god som ein Spelemann, naar Ungarne heldt Danseleik i dei tome Kol-bingarne.

 

Kom det Karroussel til By’n – og det gjorde det mest kvar Haust, naar det var Marknad _, so var Rotta ei av dei fyrste og siste, som kjøyrde seg. Ho fekk det fyr inkje, ho. Elder ho fekk Skilingar til det hjaa Krambudgutarne, fyrdi dei skulde faa halda henne i Fanget med’ dei kjøyrde. Dei totte, det var so gildt aa halda Armarne kring det lubbiga, varma Tinget.

 

Ho var svært til Vens med Krambudkararne og spaserad med dei um Kveldarne. Og so fekk ho Sukkersnask og Rosinor, fyrdi dei skulde faa halda henne um Livet, naar dei sette seg til aa kvila. Det kunde ikkje vera nokot galet i det, totte dei, for ho var no berra Barnet. Dei meinte ikkje nett nokot vondt med det, men vilde berre læra seg. _ _

 

Soleids vaks Gjentungen upp og heldt seg mest paa Gata. Der var det, ho fekk meste Lærdomen sin. Ho vart tidleg vaksi i Tankar og Meiningar og visste Greida paa alt, for ho livde Livet med opne Augo og vare Øyro og sankad soleids Vismun um mangt og mykjet, som mange aldri kann lesa seg til i Bøker.

 

Men det var ikkje alt av det goda, og dei Frukter, det bar, var helder ikkje dei beste.

 

Og Aari gjekk.

 

Ein Haust stod daa ”Rotteholet” tomt. Rotta og Mor hennar hadde leigt seg Hus midt i rusknaste Byen og dreiv det med ”kold og varm Spise”. Og so Øl .

 

Dei hadde god Søknad, heldt opet baade seint og tidlegt og tente gode Pengar.

 

Politiet hadde ei spansk Tru til detta Huset og fôr og rek der kring Noverne alt i eitt. Men dei fann ingen Krok til aa hengja Hatten paa korso, for Gamla var ei, som hadde lært aa snu seg.

 

Det var Rotta, som drog Folk til Husar. Ho var vaksi no og eit faarlegt Ting aa sjaa paa fyr Mannfolk. Dei fôr og rende etter henne, nett som dei skulde voret galne; men Rotta var eit Agn, som det ikkje var godt aa faa Tak i. Best som dei trudde, dei kunde taka henne i ein Glefs, so var ho reint burte fyr dei.

 

Detta gjorde dei berre endaa meir hipne. Dygdi hennar trudde ingen paa. Det er ikkje Dygd alt, som ser ut til det, og ikkje Englar alt, som hev Vengjer, tenkte dei og strævad kvar paa si Vis med aa gjera seg til Vens_snart med Mori og snart med Dotteri.

 

Ein gamall Riking, som hadde gjenget og siklat etter Rotta, lika sidan fyrr ho vart vaksi, baud paa Resten beint fram Mori Pengar fyr henne – mange Pengar. Daa han inkjevetta naadde med det, tok han til aa bera mykjet Stas til Dotter. Og ho tok imot, som inkje var; men daa han vilde krevja Løn fyr det, fekk han ei lang Nos og vart synt Døri.

 

Sama eins gjekk det med mange andre.

 

Men so vart Mori so fælt tung paa Flaska. Ho drakk, so ho litet kunde styra seg sjølv – endaa mindre Dotteri.

 

Daa gjekk det skikkeleg galet. Det vart eit fælt Hus med Drykk og Dus og Styggeskap paa alle Maatar. Um Kveldarne stod det mest alltid halvnakne Kvinnfolk i Gatedøri og skulde fiska dei, som gjekk framum. Og det var nok av dei Fiskar, som bita vilde.

 

Rotta hadde leikat so lenge med Vermen til ho brende seg, og so gav ho seg reint dei vonde magter i Vald. Daa var det ikkje berre Pengarne, som drog, elder Stasen; men ho laut.

 

All Ukjurskapen, ho so lenge hadde demt upp fyr, braut ned alle Stengslor. Ho var verre enn eit Dyr, for det var, som ho ikkje kunde verta stettad. Og Samvit hadde ho aldri aatt.

 

- So kom Politiet ein Kveld og rudde Hytta. Ein fæl Styr og Staak vart det i Gata med Kjerringar, Ungar og fulle Folk, som stimde i hop. Sume vilde meinka Politiet, og sume vilde hjelpa. Det var Skraal og Skratt, Banning og Husering. Men Politiet fekk Yvertaket, og dei, som hadde tèt seg verst, laut paa Politikammerset og svara fyr seg. – Rotta og heila Bølet hennar vart sende paa Sjukehuset, so Doktararne kunde furda paa dei.

 

Ellest slapp dei lause med sama, Rotta og Mor hennar, for dei hadde nok ”Bispen til Morbror”. Men dei andre kom paa ”Stalten”.

 

 

Nokre Aar seinare fann dei ein Morgon eit Kvinnfolk i Parken. Ho laag burt i ei Kraa, halvnaki og mest daud, med ei tømd Brennevinsflaska attmed seg.

 

Det var Rotta.

 

Jens  Tvedt.

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum