Aat kyrkjedepartementet!

 

 

Fraa mange kantar klaga dei paa, at det ingenting vert gjort for aa fylgja det paalegg, som er givet alle lærarar i folkeskulen, at dei skal bruka barnet sitt eiget maal. Det skal endaa vera lærarar, som knapt vita um, at der er nokon instruks um denne saki.

 

I alle tilfelle vilde det vist vera til største gagn i denne sak, um kyrkjedepartementet vilde senda ut eit rundskrift og minna prestar og lærarar um si pligt i dette stykke. Det heve synt seg paa mange umkverve, at slike brev hava gjort godt, og det er inkje tvil um, at det vilde gjera stor nytte i dette stykke ogso, naar brevet lautkoma aat kvar lærar i landet.

 

Namsos den 13de des. 1886.

 

Med høgvyrdnad

 

Marius  Hægstad.

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum