Burt med Toll paa det som alle brukar i det daglege Livet!

 

No kjem Vinteren, sur og kald; det er den verste Tidi for dei fatike, for alle dei, som hev lite aa fara med.

 

Um Vinteren er det verst aa faa Arbeid; og det er fleire daa enn elles, som gjeng arbeidslause, og mest ikkje veit, korleis dei skal faa Mat til neste Dagen.

 

Lat oss ikkje gløyma dei no i Joletidi.

 

Eg veit nok det, at me ikkje kann faa burt all Fatikdomen med ein Gong; men lat oss daa i det minste gjera alt det me kann for det.

 

Lat det ikkje finnast i Landet slike Lovar, som gjer det enno verre for dei fatike, enn det er naudturvelegt.

 

Hev me slike Lovar daa?

 

Aa ja!

 

Lat oss berre hugsa paa den eine Tingen, at ein fatik Arbeidar for kvart Kilogram Sukker, han kjøper, maa betala 41 Øre i Toll til Staten.

 

Naar han kjøper eit Kilogram Kaffi, so betalar han 40 Øre i Toll.

 

Og naar han skal ha eit Kilogram Petroleum, so maa han ut med 10 Øre i Toll.

 

Lat oss endeleg ikkje gløyma det. Det ligg ein høg Toll paa det som alle brukar kvar einaste Dag.

 

Her maa den fatikgaste Arbeidaren betala nett likso mykje som den rikaste Grosseraren.

 

Um ein er so fatik, at ein mest svelter, so skal ein hjelpa til aa fylla Statskassa med ein stor Del av den vesle Dagløni si.

 

Er dette retferdugt?

 

Men lat oss daa tenkja paa det, no naar den sure kalde Vinteren kjem.

 

Lat oss hugsa paa det, at me kannhjelpa dei mykje, naar me berre vil.

 

Og um dei ikkje vil det, dei som styrer, so viser det, at me hev lite Hjartelag, og at me hev langt igjen enno, fyrr me blir eit fritt Folk.

 

Rolv.

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum