Hjaa Cammermeyer hev komet ut:

 

R. B. Anderson: Nordisk  Mythologi  h. II. 1.00. Dette er ei framifraa Bok, som me skal koma attende til seinare. Ho er skrivi av den namngjetne Landsmannen vaar, Anderson, amerikansk Utsending i Kaupenhamn.

 

K. Knudsen: Kven skal vinne? 1.50. Vert meldt seinare.

 

Runeberg: Samlade Skriftar h. 19,20. Fänrik Staals Segner  h. 5-8.

 

 

Nora  hev komet ut med eit Jolehefte, som inneheld: Arne Garborg: Johan Mork (med Bilæte), Johan Mork: Ein Draum, Ingjald Kjennerud: Fraa Finnland (med Bilæte), Jens Tvedt: Eit Diktar-Emne og Nokre Ord til Slutt. Det er vænt utstyrat i alle Maatar, og me vonar, at Maalmenner vil koma til aa lika det.

 

Nye Tingarar paa Nora fær det fritt. For andre kostar det 25 Øre. Det er verdt Pengarne. Nora kostar bert 1 Krona Aaret og kjem ut med 12 Hefte.

 

Innhaldslista for 1886 vert sendt med Januarheftet 87, daa ho ikkje vart ferdig tidsnok hjaa Prentaren.

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum