Jonas Lie: ”Kommandørens Døttre”.

 

 

Det er noko, som er verdt aa merkja seg detta, at alle dei store Forfattaranne vaare iaar hev skrivet um Egteskaps- elder Kynsforholdet. Det er eit Tidamerkje dette. Det syner, at soleis som det no er lagat, kann det ikkje verta verande. Det maa brigdast paa ein elder annan Maaten.

 

Forfattaranne er, som Bjørnson hev sagt, Profetar. (En Digters Kald Profetens er). Dei stend framum si Tid og hev større Evne enn oss andre til aa skoda inn i Framtidi og segja, korleis det daa vil koma til aa taka seg ut. Difor gjeld det ogso for oss aa gjeva Gaum etter det, dei hev aa segja og ikkje gløyma det burt, so snart Boki er lesi. Det er deira Tankar, som i Framtidi vert Kjøt og Blod.

 

Kva er det so, Jonas Lie vil med Boki si? Eit fullt Svar paa dette, er ikkje so greidt aa gjeva.

 

Kommandørens  Døttre er ein Teikning fraa Storfolkslivet. Personarne er Kommandør Witt med Fruga, Sonen Karsten, Døtrerne Cecilie og Marthe og nokre til. Kommandøren er av det gode gamle Slaget, som vyrder eit Menneskje etter Dugleiken og ikkje etter Rikdom elder stor ætt. Han hev sjølv freistat, kor godt det er for ei Menneskja sjølv aa arbeida seg fram, og han hev vel so ofta røynt, at det er Arbeidet, som adlar Mannen. Fruga hans er nett det motsette. Ho held Selskap for det beste i Verdi og dei, som tek seg best ut i det Livet, dei set ho og størst Pris paa som Menneskjur. Ho er byrg og kry og toler knapt sjaa andre enn Storfolk. Difor er ho og so glad i Karsten, ein stakkarsleg Ungdom, som det vidle vera formykje aa kalla Mann og difor er ho ikkje nøgd med Døtrerne sine, som meir liknar Faren. Ho er ypperlegt skildrat denne Fru Witt, det er som ein ser ho framfyre seg.

 

Utanum sjølve Huslyden er det ein ung Sjøgut, Jon Børresen, som bur i Huset, medan han les til Styrmanseksamen. Han og Marthe kjem godt yvereins og soleis som Forholdet millom desse tvo er skildrat, maa det ein sann Diktar til aa gjera. Det er noko av det mest storslegne, ein kann tenkja seg, og visseleg det beste, Jonas Lie endaa hev skrivet. Soleis som ho gjeng ikring med han, medan han er i Huset, korleis ho utfrettar Cecilie baade um det eine og andre, naar dei skal til aa leggja seg, so ulukkeleg, barnsleg og trufast ulukkeleg, ho er; daa Jan er reist burt og ho veit, at ho høyrer han til, alt dette er skildrat so framifraa godt, at det skal leitast etter noko liknande. Eg veit ingi Bok Jonas Lie fyrr hev skrivet, som tek ein somykje som denne. Det skulde kanskje vera ”Lodsen og hans Hustru”.

 

Og seinare, naar Jan kjem attende, og dei vert samde um aa beda Foreldri um Lov aa gifta seg. Den Maaten, Mori tek det paa: ”Det var som om Loftet var faldt ned over Kommandørinden, da Jan kom med sit Andragende”. ”Hun havde et helt fortærende Raseri i Brystet”. Ho, Kommandørinne Witt, skulde gifta Dotter si burt med ein fatik Skippar! Meiningslaust! Aldri i Verdi.

 

Her ligg Lærdomen i Boki. Den unaturlege og byrgsjuke Mori toler knapt aa sjaa Jan i Huset. Minst av alt toler ho, at han og Marthe er saman. Og difor plaagar ho Marthe med alle mogelege Ting. Det skal gjerast og det maa ikkje verta gløymt o. s. fr., so at ho aldri fær Høve til aa tala med Jan. Men Kjærleiken er sterk og det hemner seg aa vilja kuga han. For aa faa tala med Jan, lurar ho seg um Natti ut or Romet sitt og burt til hans. Det er umogelegt for ho aa halda seg; ho maatala med han.

 

Jan reiser. Han skal koma att um 4-5 Maanar. Men han kjem ikkje. Skipet hans, lastat med Parafin, brenn upp midt paa Havet og heile Mannskapet gjeng til. Kommandøren ser det ein Dag i Bladet, fortel Fruga det og Marthe fær det og aa vita. Ho fell i Uvit, vaknar opp att, mannar seg upp og gjeng like til Faren paa Kantoret og segjer han, at ho gjeng med Barn...

 

Det kann vera eit Spursmaal, um det var moralsk Rett aa stella seg soleis. Flestalle Folk vil segja, at det ikkje var naudturvelegt og slettikkje rett. Men ein Ting er viss: Mori var Skuld i det heile. Hadde ho stelt seg annarleis og letet dei faa gifta seg, so var dette ikkje komet.

 

Cecilie, eldste Systeri, hev og fenget sitt Ideal, Løytnant Fasting. Ho elskar han; men nett daa han vil til aa tala um Kjærleik, er ho so kry mot han, at han trur, ho ikkje vil hava han. Han vert seinare gift med ei Venine til Cecilie. Karsten giftar seg med 100,000 og ei Dame, men um ei Tid spilar Far hennar upp, og soleis vert han like fatik att.

 

Kommandørens Døttre” verkar ikkje so endefram som t. D. Mannfolk. Ho verkar meir umvegs (indirekte). Men ho tek ein med seg, so ein kann ikkje halda seg roleg, medan ein les ho. Ein vert sinnad paa ei so unaturleg Mor, som ikkje vyrder noko anna enn det ytre Glimet, og som ikkje er rædd for aa drepa det beste i ei Menneskja, og det som nettupp kann gjera ein til Menneskja: det indre personlege Kjenslelivet. Fær ikkje det Lov aa veksa fritt, so vert det lite Gagn i ein og. Ho stend ikkje aaleine Fru Witt. Det finst mange Mødrar som ho, Mødrar som aldri burde voret det. Og likso lite, som ein kann halda Sinnet mot Mori nede, likso lite kann ein løyna Varmhugen med den kugande Dotteri og hennar Jan. Ein gløymer helder ikkje lett den gamle Nella, Tenestgjenta, som hev voret i Huset so mange Aar og som, endaa ho ikkje segjer noko, veit og kjenner til meir enn nokon trur.

 

I det heile maa ein segja, at Jonas Lie aldri fyrr hev naatt so høgt i Diktarkunsten som no i ”Kommandørens Døttre. Det er den beste Boki hans.

 

 

L. St.

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum