Jul-Helsning.

 

 

Littauen ved den Russiske Grensa.

  

Eg hadde tenkt aa skriva nokre faa Ord til den eine og den andre av Norske Kjenningarne mine og ynskja kvar ein ei rigtugt glædeleg Jul. Og so var det daa vel den eigjennyttuge Tankjen, aa faa høyra eitkvart atter ifraa Noreg, ifraa eit Lann, der eg hev voret so mykje, men som eg no, daa mest ikkje nokon skriv aat meg, synest so reint aatskild ifraa, som Kometen skulde hava faret tvert igjenom Kattegatet og skoret Jordi i tvaug Stykkje, som no tok kvart sin Veg igjenom Rømdi og aldri atter fekk møtast paa Ferdi si. Ikkje for den  Grunnen, maavita, at eg hadde gløymt Noreg. Det hava vel Lesararne av Fedraheimen  og set, og skyna trast, at det  ikkje var Tilfellet. Men for meg, aa faa eitt svar ifraa dei fleste av hine Kararne deruppe, det er no so vidt, at ein kan segja, at det  er mest som umoglegt, te kalla. Jau, det laut vera ein reint avbragsleg Aatgerdskall, han, som kunde faa deim  te kanna  einkvann paa so pas lang Leid, og som kunde baska seg fram til eitt Svar ifraa ein av dei Kararne, eg talar um. Det hjelper annanstad ender og Gong, at ein vert kyndug og sendes eitt Brevkort med eitt fullt-adressert Svar ved Sida, so den andre berre heve aa rita nokre faa Ord paa det vesle Romet, ferdugt lagat for slikt. Men eg veit ved Røynsla, at dette ikkje hjelper altid ved den  Posten, som fer atter og fram imillom Hamburg og Noreg. ”No nett  ikkje”, segjer vel den, og i slike Tilfelle, so naturlege, og i Grunden agtverduge, Traalætes- og (ein kunde gjerna segja) Andføttes-Hugen i det menneskjelege Hjartat. Men so vert det daa og andføttes og Traalæte paa baade  Sidom.

 

Nei, fær eg daa aldri eitt Svar ifraa snille Kjenningarne mine der burte, som, med eitt  Spraak og med berre Norsk Brevskriveri, hava meir aa rutla, lell, og mindre Stund te overs, lell, enn eg finn meg her med meir enn eit Halvdusin Spraak og Lann te forsyna med Brev – fær eg daa aldri eitt Svar, daa vil eg no og sleppa aa skriva i Maafaa”, sagde Kryheite mi, som er vel likaso naturleg og heve likaso mykje Rett fyre seg, som Dovenskape  deira. So vil eg daa berre skriva eitt Brev aat alle tesamen, og ynskja deim alle samen glædeleg Jul, lel, enn um dei  vilde sleppa aa ynskja meg slikt. Og, nær eg daa  ikkje fær nokot Svar, daa gjer det ikkje nokot vidare, for eg kan daa  idetminnste tenkja, at eg kunde  hava fengjet eitt, hadde eg serskilt aat kvar. Umtrent som den Skalden ved store Utstillingi i London, han som skreiv eitt Dikt aat Engelske Dronningi; og Diktet var visst ypperleg godt, berre han kunde ikkje finna nokot Rim i eitt Vers. So hjelpte han seg daa med det, at han gjorde ein stor Blekflekk paa den Staden, so Dronningi skulde sjølv tenkja seg der eitkvart gildt Orde. So fær eg daa og tenkja meg alt Slag gilde Svar, og kan det daa og paa den Maaten.

 

Dersom eg no vøre so kry til aa kunna tenkja, at einkvann av Kjenningarne mine kunde bry se um, kvat Slags Jord det er, som Lagnaden min no heve atter eingong kastat meg ned paa, daa vilde eg segja, at det er den nordostlege preussiske Grensa, som skil Tysklann og Russlann. Det er eit Lann, der det ikkje finns nokre andre Steinar, enn dei, som stygge Folk kasta i Vegen fyre andre, og som dei taka, Gud veit kvarifraa. Elst finns det berre dei store Granitblokkarne, som kom med Isberg ifraa Skandinavien, og som nog ber fram tryggare Helsning nordifraa, enn korkje Brev ell Brevkort. Jau, dei  ligg som utstraadde yver Marki her _Gudskelov, at dei idetminnste er for tunge for Folk te aa kasta og deim  i Vegen! Lesaren vert vel mest rædd berre ved aa høyra um dette Lanne. Det er no, paa ein Maate, betre her, lell, paa denna Grensa, enn paa ”Grensa” i Christiania paa denna Aarstidi. For det er ikkje heilt so fult her fyre det, at ein i dessa einsamme Skogarne kunde bli kjøyrt yver av tallause Sledarne i Ægyptisk Myrker. Ikkje at det var mykje ljosare her, enn paa Christiania ”Grensa”, dette Leite. Men fyre det fyrste, som sagt, fer det ikkje so mange Sledar her. Og so veit ein tryggt fyrr, kvat Slags Ljos ein fær venta um Kvelden, anten det finns Maaneskin etter Kalendaren, ell ikkje.

 

Men det finns andre  Faarar her, lell, som eg skal tala um. Ikkje so mykje det, at det kunde vera nokot faarlegare her, aa yttra sitt Littauiske Hjartalag, derson ein heve slikt, enn det skal vera endaa i Noreg, aa yttra sitt Norske Hjartalag. Det kan visst vera  soleis, men han vert so van ved det  med, og bryr seg vel ikkje so mykje um den Faaren, som Folk langt burte kanske kunde tru.

 

Men ein av di største Faararne er, at ein kan bli kastad utur Sleden i Myrker ell Snjofok. ”Ja men var det daa nokot faarlegt?” spyr du reint haanfullt, maavita. Det kunde nog vera ymse med det au. Men so er det no altid Von, at ein dett noko blautare  her, lell, der det jo ikkje finns nokon ”stygg” Stein ell nokot hardt Svaberg, men berre Leir og Sand. Forresten, nær Sleden, ved at venda hastugt umkring ein skarp Kant, sviv ifraa ein stor Snjohaug og kastar ein Vonoms fortare ned paa ein hardtfrosen Leirflate, som er reint berr og snjolaus, so som det hende meg, daa er Forskjellen ifraa ein snild liten Dask paa Norsk Svaberg ikkje so stort mætande.

 

Men Gudskelov, det gjekk no reint ovlege lukkelegt med det, lell. Og det var no heller ikkje det, som skulde kunna vera mest faarlegt ved aa kauta paa desse Kantom. Nei, det faarlege ved det er berre det, at ein kan kanta og reint ufriviljug falla  inn i Russlann. Sakji er den, at det finns Vegar her, som hava Tysklann paa ei  Sida, og Russlann paa den andre. Nær ein no skulde kanta ell bli kastat so fult, at ein datt yver Grensa  paa den Russiske Sida, daa vøre det fult fyre det, at Straschnikarne (Grenssyldatarne), dersom det var etter Solarglad, kunde taka fat i ein og halda ein atter i Russlann, til Soli rann næste Dagen (ureknat Multi, som ein laut leggja fyre det  at han hadde faret yver Grensa forutan ”Legitimation”, ell Pass-Sedel). Og um Notti lyt ikkje nokon, endaa med ”Legitimation”, skrida yver Grensa, so nær som med Jernbane-Toget; for det  fer og um Notti, maavita. Dette er gamal Læg og gamal Orden. Og det er greidt, at det lyt vera Orden. (Det tenkjer og hine vore rare Maalstrævarar imot  Maalet, og forstend det berre bakvendt, og strævar, dei med, so flittugt, at dei og  maatte kvar faa sin Orden, so éin, som glaamar paa Strævet, kunde faa reint vondt i Mage og kyrmast. Men det er no ikkje nokot, som Russarne hava nokot aa gjera med).

 

Jau, slikt eitt ufriviljugt Innfall i Russlann, det  er det fulaste her, ved aa fara paa desse Grense-Vegom (som, tedels, ikkje er nokotvidare te Veg, dette Leite). So aalvorslegt er det med Solargladet paa den Maaten, at eg eingong sprang, mest som det galdt Livet, for aa uppnaa Grensa, med Soli skein, og soleis sleppa aa gjesta eitt jødisk Nattkvarter der burte. Ein vert van ved slikt. I Noreg er det Fjellet, som set seg imillom Grenn og Grenn, og hindrar lett Samkvæme. Og her er det ”Grensa”. Annat Lann, annat Lag. Det er elst nog so hyggjelegt lenger inn i Russlann. Men Jøde-Kvarteret ved ”Grensa” heve ikkje nokot vidare te freista oss. ”Grensa” i Christiania er daa altid tylegare, lell.

 

Men – enn um eg no hugsar med rigtug Glæde og Moro det gilde Eventyret i Fedraheimen um han Per og han Ola, daa dei skulde kaupa seg Jul-Brennvin i Byen ifjor, og Baaten deira tok deim so reint uventat attende aat Byvaagen, - er det no nog so sikkert, lell, at eg knapt skal vera so lukkeleg, som dei (idetminnste for so vidt) voro, lel. Livsbaaten min vil, var det likt seg, laga slik Yverraskelse for meg, at eg skulde finna meg i Christian atter fyre Jul iaar.

 

Det einaste, som eg, for so vidt, kan vona og ynska, er vel det, at ein fager Draum kanske ber meg fram aat Gudbrandsdalen, aat dei kjære Fjellbygdom mine, so eg fær høyra deim syngja, som me voro van ved aa syngja umkring Jultreet:

 

No ver Du lovat, Jesu Krist”, og

 

 

No koma Guds Englar med Helsning i Sky,

Guds Fred og velsignad dei bjoda,

No stig ifraa Jordi ein Helgasong ny,

Som skal gjennom Himmelen ljoda”.

 

 

Med dessa Songarne daa enno eingong glædeleg Jul! Russarne, framifraa og i dette, ropar det 12 Dagar seinare, etter Kalendaren sin. Men ifraa den Littauiske Skogen, der det er det sama, som i Noreg, og kvar som helst Gud gjer at eg fær vera denna Julkvelden, er det no det, som eg ropar atter og atter imot Noreg: Glædeleg Jul!

 

Sauerwein.

 

 

(Kanna, at kjende eller ville kjende igjen. Kyndug, paatrængende. Andføttes-Hug(i Skjæmt), Oppositions-Lyst. Ageverdug, respektabel Rutla, at støie og sysle med noget. Kyrmast, at have Beklemmelse).

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum