Kristiania, den 21de Desbr.

 

 

Kyrkjelovarne. Det hev i fleire Dagar voret paa Tale her i Byen, at soframt Kyrkjelovarne vert framsette paa komande Ting, so gjeng Kyrkjestatsraaden Blix, Statsministar Richter og Statsraad Arctander av. Det er Sokneraadet dei er rædde.

 

Det vert fortalt, at Jakob Sverdrup vil ha dei fram, endaa Kyrkjestatsraaden gjeng sin Veg. Ingen skulde daa vel ha meir aa segja i dette enn Kyrkjestatsraaden. Men Kyrkje- og Revisjonsdepartementet gjeng for det same no, ser det ut for.

 

Snodig Stell i Regjeringi no!

 

 

Den svenske Stortingsmann Borg hev framsett eit Forslag um dei diplomatiske Saker, som gjeng endaa vidare enn Qvam sitt. Han vil, at det skal staa Kongen fritt aa velja anten ein Normann elder ein Svenske til Utanriksministar. Um han var norsk, skulde han berre vera med i det norske Statsraad og berre vera andsvarleg for norsk Riksrett og var han svensk, skulde han høyra til det svenske Statsraadet og berre vera andsvarleg for svensk Rett. Dette Forslag liknar det, den norske Regjeringi sette fram i 1847. Det er bygt paa fullt Likskap utan aa utvidga Sameiget.

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum