Til Ivar Mortenson.

 

 

Takk skal du hava for det du skriv i Stykkjet ”Rødur fraa Seljor”, det var greidt og hugheilt skrivi, men eg likar ikkje det, at du vil stempla alle Telarne for aa vera Ordskrytarar berre, der er dugande Folk der og skal eg segja, og det er ikkje Rett aa døma den uskuldige med den skuldige. Det vil du nok skyna sjølv, og naar du fær tenkt deg um, men du er so blinda av Seljoringarnes Lyte, ser det ut til, at du utan vidare gjev alle  Telar Skuldi. _

 

Men Seljordingarne kann i so maate seint faa formykje. Etter det eg kjenner dei, er dei sjelda held aldri verd aa lita pa. – Sjaa no Jørund Telnes t. D. For tvo Aar sidan var han slik, at alle, laut tru han var god Ven av Ullmann og Skulen hans, og knapt eit halt Aar etter høyrde me gjete, han arbeidde imot, der han berre fekk Tak – ja kann ikkje halda seg ifraa aa hæda  han; anten no J. Telnes er Uven av alle Folkehøgskular, hell han er so smaaleg, at han set Person yver Saki, kann eg ikkje vita, men det eine er verre enn det andre. Me ventad verkeleg at slik ein aandsboren Mann som Telnesen gjeld for aa vera, skal hava gjort seg ei stødare Meining um so stor ei Sak, enn at ho skal blaasa burt av fyrste Vindgufsen.

 

Det var ein Ting til eg skulde sagt, og det er best aa gjera det med ei Gong. – Du Sivard tikje eg er alt for næpen paa det. Vist er det bra aa minna Folk um, at det er norsk, som skal skrivast, men det er ikkje verdt aa vera altfor vand paa det, det kann gjønne skræma Folk fraa aa prøva paa det, dei trur dei kann so ikkje gjera det rett kor som er; men jamen tikje eg det er betre aa sjaa, at Folk vil prøva aa skriva norsk lell, um det so er ein heil Del iblandt, som du vilde kalla unorsk.

 

Med Uvyrdnad

 

Ei Telemarksgjente.

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum