Ymist.

 

 

Nye Bøker. Runeberg: Samlade Skrifter H. 19 og 20, Fånrik Stål H. 5-8. B. Andersson: Mythologi II. K. Knudsen: Kven skal vinne? eller de historiske dansk-norske målstræveres standpunkt.

 

Hjaa Huseby & Co. limit:

 

Chr. Krogh: “Albertine”, Kr. 3.28 og Claude Bernard: “Den eksperimentale Videnskap”.

 

 

Stor Uppfinning. Ein Amerikanar, J. Johnson, hev uppfunnet ein Maate aa utvikla ein Gas paa, som vil verta billegare og betre enn den Gasen, me no hev. Han skal berre vera Luft, som er pressat gjenom Vatn og Olje. Naar Olja er brukat, skal ho ha likso stort Verde som Smurning, som ho fyrr hadde som Ljos. Paa den Maaten vert Gasen likso billeg som Dagsljoset.

 

Uppfinnaren hev alt tent seg 1 ½ Million Dollars.

 

Gasen skal ljosa betre enn Kolgas og vermer meir enn naturleg Gas. Eit Blystykkje, som vart haldet i Varmen, smeltad straks.

 

 

Tollen paa Sukkerskal dei tenkja paa aa faa burt i Amerika.

 

 

Fyrelesning um Flodhesten. Professorne: Eg maa beda dykk, mine Herrar, vera uppmerksame. Det er reint umogelegt aa dana seg eit Bilæte av det fælslege Dyret, um de ikkje ser væl paa meg.

 

 


Frå Fedraheimen 22.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum