[Etter Nyttaar vert det ein ny Skipnad med ”Fedraheimen”.]

 

 

Etter Nyttaar vert det ein ny Skipnad med ”Fedraheimen”.

 

Me hev røynt, at det jamt vil falla noko ulagleg til med Forteljingar og lengre Stykkje i Bladet.

 

Me vil no samla slike Ting i Smaabøker til Sending aat dei, som betalar i rett Tid, og Bladet, som daa vil koma ein Gong for Vika, vil meir kunne halda seg til Politikk, Dagsspursmaal og mindre Skildringar.

 

Kor store Tillagsbøkerne skal vera, det kjem til aa avhengja av, kor glupe Folk vert til aa betala. Um dei vart reint ovglupe i den Vegen, kunne det nok henda, at dei fekk meir Lesestoff jamvæl enn dei hev fenget fyrr.

 

Me vil daa helst freista aa faa fat i originale Forteljingar og gode Umsetjingar og kannhenda Smaahefte med Utgreiding um ymse Samfundsspursmaal. Me hev for det fyrste Von um aa faa ei morosam Forteljing av Jørund Telnes.

 

Naar 1ste Boki skal koma, anten i 1ste elder 2dre Fjordungsaaret, skal seinare verta tillyst.

 

No kjem det ikkje fleire ”Fedraheimar ” til dei, som ikkje hev betalat for 4dre Fjordungsaaret.

 

 

Bladstyrar: Ivar Mortenson, kand. teol.

 

 


Frå Fedraheimen 29.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum