”Nekrologer”.

 

I.

 

Dau-Lars.

 

Naa æ han endeleg regtig dø, so dø, at han maatte begraves, men fyrr dæ kom so vidt, gjekk han rundt i mange Herrens Aar aa va ”levendes død”.

 

I sin Ungdom va han ein reint framifraa Kar og hadde eit fælt godt Hove, men so tok han paa aa ville læra seg Styremannskunsten sjæl aa so heldt han paa aa skrive aa reikne aa spekkelere – ta Høide aa mæle ut kaa langt der va te Maane aa Stjerne aa so sprengde han Hjernen. Sian gjekk han rundt aa tutle aa inkje dugde te no’n Ting – som ventans va. Dæ einaste han tog sæg te va aa gjifte sæg med Thonetta aa so sidde aa fiske; so døydde Far hans langt om lengje aa so fekk han Garen.

 

Denne Garen dreiv han paa ein underleg Maate. Av aa te naar dæ stakk’an, arbeid’ han nokso hævt, aa naar han so trudde dæ kunne vera Sønda, gjekk han opp paa Fjelle bakfor Husan aa saag ette om Folk paa Nabogaren va ude aa arbeide. Saag han so ingjen, so gjekk han inn aa vaska sæg aa tok paa sæg den sie Trøya aa gjekk te Kjørke. Traff dæ sæg daa so, at dæ inkje vaSønda hell dæ inkje va Præken den Sønda’n, gjekk han inn paa Veien te Dotten Svogeren sin, aa der sad han heile daen aa inkje sa’ eit Ord.

 

Husan te Dau-Lars va so skrale som dei kunne bli, men Løa va møgje skralar. Paa Laaven fantes der inkje Taaga, der va bare eit Trev, aa te Klænning hadd’an ’kje a’nt hell ein stor Lem, som han flytta fraa Framsia aa te Baksia ettersom Vinnen bles te. – Dau-Lars trøskde aldri før der inkje fantes Mad igjen i Husan, aa va dæ inkje regtig godt Ve’r, trøskd’an ’kje daa heller. – Han kaste aldri Kodn som andre Folk, men naar han hadde trøskt ei Stunn te han va lei a dæ, so fyld’an Rubb aa Stubb, Kodn aa Bos i Sække aa bar dei opp paa Laavetreve. So tok han Lemmen ifraa Vinnsia so dæ strauk lystig gjenom Laaven, aa so sto han paa Treve aa heldte Kodne langsamt aa besindig ner paa Laavegolve. Agne, Snerpe aa Bos raug Troll i vald aa Kodne blei liggans igjen upaaklageleg reint.

 

Dæ kalde Dau-Lars aa ”blekkje dæ”.

 

Han va ein dugeleg Fiskar denne same Lars, for han va aldri furten. Naar han hadde sett sæg te paa eit Plass, blei han siddans der, aa dersom inkje Fisken beid om Føremiddaen, hænde dæ tit, at han beid om Ettermiddagen. Lars blei siddans te dæ beid, han, aa alt som tiast kunne han senne Tonetta paa Bygda aa sæle eit Gran. Forresten gjekk han rundt Bygda aa gjore reine Klokkan for Folk, dæ kald’an aa renovere. Dæ gjekk nokso glatt mæ aa faa teie Klokka fraa einannan, men naar han sko setten i hop, fekk han alt som best eit Hjul hell tvo te øvers, aa dæ stakk han inn unne Fladbrøe hell au la’n dæ i Borskuffa hell paa eit Plass, so dæ inkje sko vara altfor lengje før dei fant dæ atte. Ette slike Lemlæstelse kunne Klokka inkje gaa no’ga Ti, som va aa snakk’ om, aa om ho hinkte aa gjekk, so slo ho no slett inkje. – Lars blei aldri henta meir hell ei Gong for aa renovere same Klokka, aa te seinsten blei han slett inkje henta fyste Gonga.

 

Dau-Lars hadde tvo store Reise kvart Aar. Den eine va aa bitala Skatten te Futen aa den den andre va aa bitala Offerskjeppa te Presten. Han kunne aldri gjera dei Ærenan fraa sæg paa ein Da, men maatte vera hjaa Dotten Svogeren sin om Notta. – Lars ”blekte” Kodne sitt som fyrr æ sagt, aa dæ va ’kje fritt for, at dæ va fullt a Snerpe. So kom han ein Da te Presten mæ ei ”blekt” Skjeppa, aa Fritzner, som daa va Prest, sa’, at han maatte ut aa ”rense Kornet” fyst. Han vilde ’kje ta’ imot dæ hellest. Men so sa’ Lars ganske høgt aa tydeleg: ”Dæ gjer eg slett inkje. Vil I ’kje ha dæ, so vil æg gaa like te Eggjelann aa torke aa male dæ”.

 

Fritzner tok Kodne som va ”blekt”. Han tenkte, som sant va, at han inkje fekk noko a’nt.

 

Dau-Lars blei, forunderleg nok, hængans mæ Garen sin, skjønt han inkje aatte 2 Skjelling i ’an. Men Kjyra hans blei seld ifraa ’an aa likeneins den aarsgamle Kalven. So hadde’an berre tebakers Tonetta aa 3 Søne, 2 Saue aa ei Geit, som dei kallad ”Trollbeiste”. Denne Geita rende rundt i Fjell aa Skore som ho va besett, aa ein Da kom Sonen Reinert heim graatans aa sa’, at no sto ”Trollbeiste” i Skorsfesta i Sædbergje aa skreik som ei Ulukka. No datt’o visst ner aa slo sæg ihæl. Lars gjekk aa spekkelerte aa funderte bort te Middag aa so tog’an eit langt Bastetoga aa labde opp i Fjelle. Reinert aa Tønnes, Søn’an hans fydde med. Lars fant ut, at han kunne knytte Bastetogje om Live paa Reinert aa fire han ner i Skora, der Geita sto, so kunne dei fyrst dra Geita op aa sian Reinert. Daa Reinert fekk Togje paa sæg aa sko ut for Fjelle, klort’an sæg i Hove aa sa’ han va rædd Togje inkje sko holle. Dau-Lars klorte sæg ogso i Hove aa tænkte der kunne vera noko i dæ. So fant’an paa, at dei fyst fekk prøve Togje. Dei fekk hengja noko paa, som hadde same Tyngd som Reinert aa fira dæ ner fyst. Reinert sa’, at den gamle Slipesteinen, som laag unne Løveggjen va akkurat so tung som han va sjæl, dæ hadd’an set ein. Da han hadde lagt Slipesteinen paa den eine Ennen a ei Planka, som laag øve ein Stein, aa sætte sæg sjæl paa den andre Ennen.

 

So gjekk Lars heim aa henta Slipesteinen. Reinert aa Tønens sat paa Fjelle dæ bel, aa daa dæ lei stygt imot Kvellen, tok Lars Lomma full a Komse mæ te dei. Dei tok Bastetogje aa stakk igjønom Høle i Midten a Slipesteine aa sette ein Knute for Ennen. So firte dei. – Jau! Bastetogje heldt, men daa dei so sko dra opp igjen, glapp Knuten aa Steinen rulte nerøve Fjelle Troll i Vald aa slo sæg i Fille. ”Dæ va rigtig godt dæ inkje va Reinert”, sa’ Dau-Lars. So tok han Togje unne Armen aa ladde heim, aa der inkje Geita fant ut a sæg sjæl, stenne ho i Skorsfesta enno.

 

M. Skeibrok.

 

 


Frå Fedraheimen 29.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum