6,000,000 Kr.

 

 

At Gud stundom straffar det norske Folk med Armodsdom, fordi me ikkje vil arbeida, det tykkjer eg ikkje er noko underlegt.

 

Naar han sender Mat for Millionar inn til oss, so det er berre aa lata upp Haandi aa kalla og taka imot, naar me kunne skapa Vælstand for Tusind Heimar, som er nedsokne i Armod, berre me vilde sanka ihop Guds Gaavur, og me so likevæl ikkje gjer det, daa er det ikkje anna venta, enn at her maa verta Armodsfolk.

 

Tru ikkje Gud gjer si Pligt, naar han sender Rikdomen til oss? Skulde me verkeleg ogso krevja, at han skulde koka og stella Maten fram paa Bordet vaart?

 

Ja det ser mest ut so. For naar Gud gjev oss so mange Godar, at det er berre aa ausa upp i Gryta, daa finn me paa i Staden aa beda og lesa og syngja, som um me endeleg maatte hava Guds Hjelp til det, som er sømelegast aa gjera for oss sjølve. Men imedan so tek Gud si Vælsigning burt, og me fær ei rettferdig Straff for Latskapen vaar.

 

Naar Fisken kjem til Nordland og Gud let dette henda i den Tidi, som Almanakkmakaren hev sett Paasketidi til, so lyder me mindre Guds eigi Matklokke, som ringjer til oss fraa Havet, enn Almanakknmakaren. Og me set oss til aa lesa og beda og syngja (elder drikka og tura) i 8 Dagar, og daa hender det altfor ofte, at Gud tek sine Gaavur attende og jagar Fisken til Havs att, til Straff for, at me ikkje skynad ”vaar Besøgelstid”, men sette eit Mannabod  yver Guds  Tilbod um Mat og Pengar.

 

6 Millionar Krunur  hev dei reknat ut, at me misser ved det at Paaskehelgi fell i Fisketidi.

 

6 Millionar Kr. hev det arme norske Folket Raad til aa ofra ikkje til sann Gudsfrykt men paa Faavitenskaps og Mannatrældoms Alter.

 

 


Frå Fedraheimen 29.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum