Henrik Ibsen: ”Rosmersholm”. Skuespil i fire Akter.

 

(Del 4 av 4. Fyrste delen.)

 

III.

 

(Framhald).

 

Rebekka  West  var motsett Johannes Rosmer i alle Delar.

 

Ho var ikkje av nokor god Ætt, elder uppali i nokon Heim etter visse Grunnsetningar.

 

Ho var uægte fødd og uppali hjaa Mor si i Finnmarki, til dess at Mori døydde og Doktor West tok ho til seg. Der fekk ho Tak i mange Slag Bøker og var visst hugad til aa lesa. Men elles so vart ho ikkje noko Bokmenneskje elder ”emansiperat” Kvinnfolk paa vanleg Maate; ho hadde ein medfødd Villskap i Blodet, som vart nærd av Naturen der nordpaa, som med si Blanding av det kalde lange Myrkret og den stutte braavarme ljose Sumaren tykkjest paa ein serskild Maate hava Magt til binda det jamne klaare Tankelivet og løysa alle Naturens Villkrafter, vekkja upp i Hugen eit lengtande svermande Drag etter solljose Land, og so braakvekkja han til ”vilde, ubetvingelige Begjær”, som tek ein ”som et Veir ved Havet”, ”det tar en, _og bær en med sig _ _ _saa langt det skal være. Ikke Tanke om at staa imod”.

 

Det som Rosmer hadde av Kultur, det hadde ho so mykje meir av Natur  og Lidenskab.

 

Rektor Kroll skildrar hennar aandelege Skapnad paa ein Maate, som ho sjølv maa sanna han hev Rett i: ”De har læst Dem til en hel Hob nye Tanker og Meninger. De har faat vide et Slags Besked om Forskninger paa forskjellige Omraader, – Forskninger, som synes at omstyrte adskilligt af det, der hidtil hos os har gældt for uomstødeligt og uangribeligt. Men alt dette er bare ble’t en Viden hos Dem, Frøken West. En Kundskab. Det er ikke gaat Dem i Blodet”.

 

Daa no denne Villgjenta kjem ilag med denne fine Kulturhamen Rosmer, kjem Hugen hennar i Sviv.

 

Slike Naturer, som er uppalne i Einmenne, men som hev i seg ein Traadom etter rikare Liv, og som kjenner atterhaldne Krafter i seg – dei vil gjerne kjenna seg overlag modige og viljesterke, naar dei slepp ut i Livet. Dei maa hava noko til aa øva Styrken sin paa. Daa gjer dei Herfang. Rebekka gjorde straks Herfang, daa ho kom til denne nye Huslyden. Ho lagde straks Garni sine ut etter Johannes Rosmer, ”jeg mente som saa, at jeg nok skulde komme til at gjøre min Lykke her. Enten paa den ene Maaten eller paa den anden. _ _Jeg tror, jeg kunde drevet igennem, hvad det saa skulde være – den gang. For da havde jeg endnu min modige, fribaarne Vilje. Jeg kendte ikke Hensyn at ta”.

 

Men daa var det, at ho miste Magti yver seg sjølv, og det kom upp i ho dette ”vilde lidenskabelige Begjær” etter Rosmer.

 

At ho hadde Hug til aa faa Magt paa Rosmersholm, det er lett aa forstanda, verre er det aa skyna, korleis ho kunne hugleggja so heilt ein slikein som Rosmer. For det var daa ikkje Mann som var Liken hennar.

 

Men slikt noko ser me likevæl hender ofte, at sterke Vinnarar vert hildrad i hugsjuk Lengt etter det tome armodslege Skalet, som dei kann knysja millom Fingrarne sine.

 

Gjekk det ikkje Romaranne so daa dei kom til Hellas og lagde Folket der under seg? Gjekk det ikkje sameleis med Germanarane, daa dei hertok Romarveldet? Og er det ikkje likeins den same Villmannens Knebøyging for ein veik og mergstolen Kultur, som me hev set hjaa Bondekrafti vaar i alt Strævet deira etter aa verta Bymann og Storkar lik?

 

Det er mange, som elskar utan Vit, og dette raakar kanskje oftast til hjaa den, som er sterk i Kjærleik. Den, som ikkje er so elskhugsvarm av Naturen, han hev lettare for aa lata Tanken og Kritikken fylgja med i kvart eit Sviv og Slag, som Hugen gjer, og han kann hevla i Tid, naar han ser det horver ulagleg til. Den hugrame elder lidenskabelige er det annleis med, han treng ei mykje større Aandsdaning, mykje sterkare Vilje og mykje meir Vit og Mannakunnskap til at ikkje Hugen hans skal laupa vilt.

 

Hugrame elder lidenskabelige Folk er dei evnelegaste og dugelegaste, naar dei slepp til paa rette Maaten; men det er Ulukka, at Samfundet vaart er so ringt og vesalt, at det ikkje hev Bruk for dei, det hev ingen Plass for dei, det hev ikkje naatt det Maal av Kultur, som kann bjoda dei ei høveleg Utdaning, dei vert misskøytte og ugjerest snart.

 

Rebekka vantad den faste Grunnfestingi i Vit og Viljeslov, som kunne styra Hugen dit ho ynskte. Ho hadde visst vandt um aa faa noko sant Syn paa Rosmer, ho vart for snart hildrad i sine eigne Draumar. Med det Fantasilivet, som den nordlanske Natur og ei halvfengi Aandsdaning hadde gjevet henne, kom Rebekka visst mykje lettare enn andre burt i denne Klumsingi, som synkverver so mange elskande, dette at dei ser meir av sitt eiget Idealbilæte enn sjølve Personen, slik som han er, hjaa den, som dei elskar.

 

Rebekka hadde soleis store Tankar um Rosmer, og ho fekk jamvæl han til aa faa den same Trui um seg sjølv, som ho hadde. Det var Krafti hennar, som han vart uppglødd av til aa faa Livsplanar; han vilde visst ikkje hava Kraft til aa føra dei fram, endaa dei i Samarbeide nok kunne hava magtat det; men likevæl paa ein langt klenare Maate, enn um ho hadde funnet ein annan Mann, som det hadde voret rett To i, ein som heilt ut kunne samarbeida med henne.

 

Ved Sida av at Rebekka fraa fyrstundes hadde Hugen til aa faa Magt paa Rosmersholm, hadde ho og ein god Tanke, den aa driva Johannes Rosmer fram til noko stort. Men denne Tanken vart mykje forskiplad, daa ”det vilde Begjæret” kom, endaa den gode Tanken aldri heilt vart døyvd ned.

 

 


Frå Fedraheimen 29.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum