Ho Marit Porsaleite.

 

 

Marit heiter ho, og fraa Porsaleite er ho; men Trollkjering er ho inkje, for dei les Fadervaar bakvendt au, naar dei skal gjera nokon gode att fraa Mein; men det gjer aldri ho. Det er berre Flekkjen (Ster) paa Augo, ho kann gjera godt for, men det gjer ho au tilgagns. Ingen gjeng fraa henne, utan dei hev vorte gode att; nei aldri ein einaste utan han Vraal Svartabø, men han kom for seint, og desutan var det inkje Flekkjen, han hadde. Det er berre eg og slike skikkelege Karar, som fær vita, korleis ho bær seg aat, naar ho gjer dei gode att; for ho veit, at eg segjer det inkje til nokon; - bevars vel! skulde Galningar og slike faa spraka upp det, so hev dei det berre til Glis og Latt, og daa er det liksom det inkje hev den Verknaden, det skulde hava. Naar du vil gjera nokon god for Flekkjen, segjer Marit, so skal du taka ei Flaske og hava Brjostmjolk ned paa, og so skal du les desse Ordi tri Gonger ned gjenom Flaskeholet: ”(Namnet paa den, som hev Mein) den dyra Dronningi hev fengje Mein paa Auga sitt. Eg skal bøta deg Samaritan, for Flekkjen, for Stein, All Verkjen dovnar, naar Kristi Likam somnar”; og so Fadervaar tri Gonger. Rør so dette væl i hop med Mjølki og strjuk det paa Auga. Ja, men so maa dei daa hava lært det, alle dei du hev gjort gode att, naar du les upp denne Rarrensla for kvar? Langt ifraa. Naar du held Munnen væl yver Flaskeholet, so kann dei inkje høyra det. Vert dei gode att daa? Ja, likso visst som du ser dei tvo Hønur sit burti Sengi der. Vert dei gode med det same? Nei, ein lyt leggja Alun og Eggjakvite paa Auga, og so binda eit stort Plagg fyre, so der inkje kjem Kjøl til. Men no maa du inkje tru, det er Trolldom, segjer Marit, for det kann ein vita av dei merkjelege Ordi: ”Verkjen dovnar, naar Kristi Likam somnar”: Nei langt ifraa. Daa lyt ein lesa det bakvendt au daa.

 

Ho er gamall, Marit, 80 Aar, og daa ho berre skulde liva eit Par Aar til elder so, kann det vera godt, at einkvar annan au fær læra Kunsti hennar, so mykje den inkje, liksom so mangt annat nyttugt, gjeng i Gløymeboki. Difor hev eg fengje lært det, daa ho veit, at eg er ein paaliteleg Kar, som inkje lærer Galningar det.

 

Der er jamvel gode Folk, slike som er framheldne til Stortingsmenner, som hev voret hjaa Marit, at det er av Høgre, segjer seg sjølv; for Vinstre er so vantrue dei, maa vita. Elder kanskje det kan hava seg av, at Høgrefolk jamnare er utsette for Flekkjen hell Vinstre?

 

Det er vonast fleire au her paa Vestlandet, som inkje just er Trollkjeringar, men som likevæl kann trolla.

 

T. Braasten.

 

 


Frå Fedraheimen 29.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum