Johan Mork.

 

(Arne Garborg i Nora).

 

 

Liten og tett og ljos, med Nosi i Sky og berre Mod i det unge Aasyn, so paalag hugsar eg Guten fraa den fyrste Tid.

 

Det var i dei heitaste Vetodagar, og han var ofte innum meg og talad Politikk. Han fylgde med betre enn eg, og hadde Greide paa alle Røyrekunster og all Daarlegdom i Vinstre. So stod han daa burtmed Glaset og togg paa ein liten Tobaksbuss og sputtad og smilte og meinte, at me skulde nok klara det. Det var ikkje so faarlegt.

 

Han hadde voret Lærar i Eidsvoll, og der hadde han havt det berre so midt-i-Lag. Høgreherrar og Novembermenn hadde voret etter han, fordi han dreiv Vinstrepolitikk og eglad upp ”de arbeidende Klasser”, og Presten hadde dessutan funnet, at Mork var mindre ivrig enn han skulde vera i Pontoppidan. Og so hadde nok Guten voret forlovad. No var det slutt med alt dette, og no gjekk Mork her i Kristiania og stellte med Fedraheimen  og arbeidde hjaa ein Utvandringsagent og livde for 20 Kr. um Maanaden og saag ut som han var svært fornøgd med Verdi.

 

Han var Fridomsmann fødd og gjenomnorsk. For sin eigen Part hadde han liksom ikkje noko aa bry seg um lenger, og so livde han berre i Politikk og slikt. Det var, um han kunde faa gjera litt Nytte. Det galdt, um det store Fridoms- og Norskdomsarbeid kunde bruka han til nokon Ting, um det var aldri so lite. Ja um det var slikt Arbeid, som me andre maklege Folk kvidde oss for. Som daa det kom ut eit Ord um, at der gjekk underlege Ting for seg um Nætterne nede paa Akershus. Strakst var Mork den, som tok paa seg og faa Greide paa dette. I lange Nætter gjekk han og tuslad der nede og vakte og fraus; men so fekk han daa og sjaa det han vilde, Baaten, som ved Midnottes Bil med stille Aaretak drog seg att og fram millom Hovudøyi og Festningi.

 

Det var ikkje lengje, han var hjaa Utvandringsagenten; for Mork dreiv Vinstrepolitikk kor han kom, og der maatte ikkje vera Politikk i ei Forretning. Sidan var det Fedraheimen, Mork stelte mest med.

 

Han og Ivar Mortenson staukad saman. Dei heldt seg i ein Krok uppi Pilestrætet; der hadde dei Ekspedisjon og der hadde dei Redaksjon, og der arbeidde dei og der sov dei. Dei hadde ikkje noko anna aa trøysta seg med enn ”han Svarte-Lars”. Det var eit sant Maalstrævarbøle. Dei arbeidde gladeleg fraa Morgon til Kveld for ingenting. Maalmennerne sveik dei som Maalmenn plar gjera; men dei trudde og var modige like godt. Og dei drakk Kaffi og røykte Tobakk og drøymde um den glade Tidi, daa Fedraheimen  skulde ha 10,000 Tingarar. ”Fedraheimen  er ein Kapital”, sa Ivar Mortenson.

 

So kom Bronkitten.

 

Det var ikkje noko aa bry seg um; slik ein liten Bronkitt gjekk snart yver. Dessutan um det hadde voret noko. Det var ikkje so plent naudsynt aa liva endelig.

 

Men Sjukdommen heldt seg. Og smaatt i Senn aukad han paa. Slik ein liten Bronkit skal ein ikkje tru meir enn maateleg.

 

Det unge Andlitet bleiknad snart. So tok det til aa folna. Han var hjaa Doktaren, og denne sende han tilfjells. Der uppe laag han heile Sumaren 1885 og trudde at han kom seg. Me andre trudde det og, fordi me vilde tru det. Han vilde nok helst liva sjølv og no.

 

Um Hausten kom han innum Byen; daa vilde han til Hardanger. Den milde Vinteren der skulde hjelpa han. Berre han kunde sterkna litt til; det var ikkje stort anna enn det som vantad.

 

Daa saag eg han siste Gongen, det var uppi den gamle Kroken i Pilestrætet, i ”Ekspedisjonen”: Han laag, som so ofte fyrr, i Avishaugen. Han var graa. Mælet hadde han misst so reint, at det berre var som ei kvæsande Kviskring. Det ljose Haaret, som eingong krullad seg so modig um den stutte Nakken, laag no utyver gulnande Tindingar og visnad.

 

So reiste han til Hardanger. Han døydde med det same han var komen der burt.

 

Farvæl, Mork”, skreiv eg, daa eg høyrde dette.

 

Du var ein av dei gode; den Ros skal du hava; ein av dei beste var du, um faa kjende deg”.

 

Di største Dygd var visst berre Natur: det aa vera trufast. Andre kunde svika deg. Men du trur eg aldri kunde svika”.

 

 


Frå Fedraheimen 29.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum