Kristiania, den 28de Desbr. Skamløyse.

 

 

Det stend ein Støkk av Kristiania uppgjenom Bygderne, Folk hev ei Vitring um, at her gjeng det for seg Ting, som aldri skulde finnast i eit kristelegt Land. Bygdefolk flest hev ikkje nokor stor Greide paa, kva det er for noko, anna dei hev høyrt gjetet, at her skal vera fælt i alle Maatar.

 

Kristianiafolket kann ein vita, er fælt rædd, for at det skal koma ut for mykje um Styggedomen sin, for daa skynar dei, at Kristianiakulturen vilde faa eit fælt Hogg, Byen vilde missa baade Magti og Vyrdnaden sin, og Landsfolket vilde taka Hovdingskapen ifraa dei. So dult som dei hev haldet det, so hev det likevæl komet ut eitkvart litt um Senn, og no paa det aller siste er det allvisst tvo Menner, som hev teket seg for aa lyfta Dekkjet til Side, so at alt Folket kann faa sjaa, kva det er for eit Dyr me hev alet upp, kva det er for ein Raaskapens ufyselege Ukjurur, som driv sitt Spil i vaar kristelege Hovudstad. Les berre Arne Garborgs ”Mannfolk” og Chr. Kroghs ”Albertine”, og sjaa, um ikkje Hjartat maa graata av Sorg og Skam for all den Synd og Naud og Vesalldom og Skamløyse og Usedugskap og all Slag lidderlegt Stell, som her blømer upp i Ly av Kyrkje og Stat. Les berre desse Bøkerne og eg skal vaaga, at du reiser deg i Harme og spør, korleis slikt er mogelegt; les berre, og eg skal vaaga, at naar det norske Folket fær upp Augat, so vil det reisa Krav til sine Talsmenner og krevja Rekneskap av sine Tenarar i Kyrkje og Stat for den ustyggelege Skam.

  

For ei liti Stund sidan stod det meldt i Bladi um ei Soge fraa Stavanger. Det var eit Kvende der, som hadde Bordell; ho heldt Kvinnfolk, som kvar kunne gangat inn til mot Betaling; dette vart meldt, og det vart Sak imot ho; ho vart dømd, men skaut til Høgsterett, som og dømde ho, men gjorde Innstelling til Kongen um, at ho skulde naadast. Daa Saki kom til Regjeringi, er det fortalt, at alle Statsraadarne var samstelte um, at her skulde det ikkje gjerast for stor Naade, i slike Saker, der det galt Sedugskapen, der maatte ein lata Straffelovarne hava sin Gang.

 

Av denne Saki her skulde ein væl læra, at slikt Bordellstell er ulovlegt, og at Statsraadarne tykkjest vera strenge paa Sedugskapen.

 

Dette var ei Soge fraa Stavanger. Der skal soleis Loven hevdast.

 

Men korleis er det i Kristiania?

 

Jau daa er det Skilnad.

 

I Kristiania er det so langt ifraa, at det er Straff for aa driva Forretning med Skjøkjur, at tvert imot sume av Byens beste Borgarar, som stod jamsides Bispar og Professorar under Kristendomsuppropet, driv slik Forretning, og at Kommynen brukar ein Del av Skattarne, som Arbeidsfolk betalar, til utgifter ved Bordellvæsenet, og det er Embætsmenner under Justitsdepartementet, som hev Uppsynet med det, so at ein paa ein Maate mest kunne segja, at det er Justitsministaren sjølv, som er øvste Sjefen for Skjøkestellet i Kristiania. Den same Mannen altso, som stend med Loven i Haand og hemner alt slikt sedlaust i Bygder og Smaabyar, han stend sjølv som Styrar og Ordnar for Sedløysa i Kristiania og – vernar  um ho.

 

Han hev nyleg gjort eit slikt Strek til Verning for Sjøkestellet, som heile Landet vil bisna yver.

 

Maalaren Christian Krogh hev skrivet ei Bok, som fortel, korleis ei ung skuldlaus Gjente vert lokkad ut paa Villstig og forførd av ein Politimann, som daa til Slutt innfører ho i Bøkerne yver dei offentlege Skjøkur.

 

Det er rimelegt at Kristianiaborgaranne ikkje likar, at Folk flest skal faa vita um det, som denne Boki skildrar, og det vilde naturlegvis vera til stor Skam for Justitsministaren, naar alle fekk vita, um at han hadde med slik Lovløyse aa gjera. Det vilde vera godt baade for han og for mange andre, um slike Bøker ikkje kom ut. Og han kneip Boki; han fann ein gamall Lovparagraf aa halda seg til um den ”som krænker Blufærdigheden”, han skal ha Straff. Men alle vituge Folk vil skyna, at naar det skal talast um aa ”krænke Blufærdigheden”, so er det ikkje Chr. Krogh, som hev gjort seg skuldig, han hev berre fortalt Folk, at dei høge Herrar her i Kristiania unaggad fær ”krænke Blufærdigheden” hjaa Arbeidsfolks Døtrar, men den, som burde bera Skuldi, var Statsraad Sørensen, som for det fyrste ikkje hev gjort si Pligt som Lovens Stadfestar, men imot all menneskjeleg og guddomeleg Lov hev latet Syndens Væsen veksa upp fyre sine Augo og under sitt Uppsyn. Um han vart klagad for Riksretten, vilde han vonleg faa sin Dom, der vilde det rimelegvis lite hjelpa, um han sagde, at dei fyrre justitsministrarne hev voret likeso sljoe og likesæle med Sedløysa som han.

 

For det andre hev han synt sin eigen Daarlegdom so mykje meir ved det, at han hev ”beslaglagt” ”Albertine” og stoppat Munnen til den, som vilde fortelja Folk, kva det er for Tilstand, som me hev. Han hev set igjenom Garbrogs ”Mannfolk” ogso, um det der kunne vera noko, som han kunne faa Tak i. Men han hev ikkje funnet Flekk elder Lyte der, so den Boki gjeng daa fri.

 

Det hev i lang Tid voret paa Tale aa faa burtskaffat Prostitusjonen elder den offentlege Skjøkestellet. Arbeidarar og Smaafolk hev klagat og jamrat seg lenge for denne fæle Institusjonen, som røvar Døtrarne ifraa og leiger dei ut i Djevelens Teneste, men Statsmagterne hev voret kalde og harde for Smaafolks Sukkar og hev unt dei store aa hava noko aa leika med, so at dei kunne faa liva etter sine Lyster. Prestarne hev og talat, men stilt og smaatt, so ingen høyrde det; og so hev dei vaskat Henderne sine og sagt: me hev gjort det me kunne, me hev ikkje Andsvar i skuldlaust Blod. I Staden for, at dei skulde ha vaagat heile si prestelge Stelling og ropat, so det høyrdest til Himmels og helder meldt seg ut or ei Statskyrkje, som heldt uppe eit slikt Djevelens Verk. Men nei, dei var nok for glade i Postarne sine til det.

 

So hev dei havt Møte i ”Sedelighedsforening” og sovoret og vedteket Resolusjonar; men slikt hev ikkje munat. Justitsministarne gjorde ikkje noko til aa meinka dei.

 

Resolusjonar kann ein gjera mange av, fyrr det munar. Det som gjeldst er, at Folk verkeleg fær ein Hjartans Mothug imot Styggedomen, so det reiser seg eit Folkekrav som ein Storm, eit Folkekrav baade fraa Land og By. Og ingen Ting kann verka so mykje som ei god Bok. Og ei slik Bok er ”Albertine”, ho vilde verka meir til aa faa Styggedomen burt enn baade Prestar og ”Sedelighedsforening” og ”Massemøte” til saman. For den Boki er skrivi med det rette Hjartelaget og difor kann ho og naa til Hjartat paa kvar den, som ikkje er Stokk og Stein. Ho er skrivi med slik innerleg Samhug og Medkjensel med Smaafolks Kaar i Kristiania, at det er vandt aa finna Maken. Og ho er skrivi med Aalvor, som det sømer seg ei slik Aalvors Sak. Og ho er skrivi med ein Finleik som berre ein sann Kustner kann gjera det.

 

Ein skal ikkje tru det verste um Folk. Ein skal ikkje tru, at det var difor Statsraad Sørensson stoppad Boki, at han sjølv heldt Prostitusjonsstellet for aa vera so gagnlegt for Samfundet, so at han difor maatte stogga alt, som kunne eggja Folkestemningi for hardt imot det. Ein hev ingen Grunn til aa tru det um Stastraaden.

 

Dei einaste Grunnar ein hev Lov til aa tenkja seg, maa vera, anten at Statsraaden sjølv ikkje hev forstadet Aalvoret i Boki, elder at han trudde det um Stordelen av Folket, at me var ikkje mogne til aa tenkja yver slike Emne med det rette Aalvor, og at me vilde mistyda Boki. Men det meiner me, vilde vera ei stor Fornærming imot det norske Folket. Nei den maatte sanneleg vera meir lagad som eit Dyr enn som eit Menneskje, som vilde faa ei syndig Lyst elder ein urein Tanke kveikt ved aa lesa denne Boki. Det maatte daa einast vera for Born og lettsinnig Ungdom, um so var, at ho kunne vera til Faare i so Maate. Og det er sant, ho er ikkje skrivi til Barnelesnad. Endaa eg trur nok det, at for Kristianiagjentur av same Stand og Stelling som Albertine, vilde denne Boki verka meir til Aatvaring og Burtskræming fraa Syndevegen enn mangein Traktat og moralsk Formaning.

 

Me maa hugsa paa, at det er mangein god og nyttig Lesnad for vaksne, som ikkje er tenleg for Born. Um me berre held oss til Bibelen, so er det der mange Stykkje, som den bibelkunnige Lesar vil kjenna, utan at eg nærmare peikar dei ut, mange Stykkje iser i det gamle Testamente, som kristelege Foreldre ikkje torer lata Borni sine faa lesa.

 

Dei hev liknat i hop ”Albertine” og ”Mannfolk” med ”Kristianiabohemen”. Men det er stor Skilnad. Me held endaa paa, at ”Kristianiabohemen” ikkje var nokor tenleg Bok til Folkelesnad og at det difor var vegtige Grunnar for aa stogga den; men ”Albertine” er det annleis med, for her er det Moral, som alle maa skyna.

 

Det er væl ein Grunn til, som hev verkat med, naar Justitsministaren tok ”Albertine”, Hensynet til Storfolket i Kristiania. Men liksom den fyrste Grunnen var daarleg, so er denne andre mykje verre. Me ventar av Statsraadarne vaare, at dei skal kjenna Folket og ikkje halda oss for Smaaborn alle saman, og me ventar av ei frilynd Styring, at ho ikkje skal ganga Storfolks Ærend til aa løyna burt Styggedomen deira og til aa halda nede Smaafolsk Krav um Hevding av Lovarne.

 

Det er sagt, at heile Statsraadet var med paa aa taka Boki.

 

Der hev Johan Sverdrup sviket si Fortid, sine store Tankar og si Tru paa det gode i Folket; der hev Baard Haugland sviket si Stelling som Bondens Talsmann i Kristiania, der hev Blix og Jak. Sverdrup sviket sine Pligter som Tenarar i Guds Kyrkje paa Jordi. Heile Regjeringi hev vist, at dei ikkje hev det rette Aalvors Syn paa ei samfundsvigtig Sak, at dei ikkje hev tru paa det norske Folket, at dei alt er sokne so djupt ned i Kristiania-kulturen, at dei ikkje magtar aa halda Lov og Rett, men let seg tygla og tøyma av Stormannskapen i Byen.

 

Den, som hev skjemt seg mest i denne Saki er kanskje Vestlandsposten. For det fyrste er han baade ukunnig og styven i alt, som vedkjem Bokheimen. For det andre segjer han, at han er fælt harm paa Prostitusjonsstellet, men vil likevæl ikkje bruka dei beste Midlar imot det. Nei han segjer som so, at dette er noko, som ikkje vedkjem Folk flest, det er berre me ”som ifølge Kaldsstilling har at beskjæftige sig med saadant”, som skal greida det. Me Prestar og Statsraadar veit nok, kva som er Moral og korleis me skal gjera det, meiner Bladet. De andre Folk hev ikkje noko med det aa gjera, me skal væl passa vaare eigne Tølur, passe De dykkar eigne Saker.

 

Det prestelege og statsraadelege Samvitet kann ein skyna er saart, dei torer ikkje lata Folk faa kika for væl inn i sine statskyrkjelege ”kristelege” Institusjonar.

 

Nei Godtfolk, no hev me set lenge nok, kor udugelege Prestar og Ministrar hev voret til aa hevda Sedugskapsloven, kor tolsame og veike dei hev voret imot Syndestellet i Hovudstaden, at me ikkje kann lita paa dei meir. Folket sjølv maa ganga fram og i Lovs og Kristendoms Namn krevja Styggedomen burtskaffad.

 

Bladet skriv um ”Mannfolk” og ”Albertine”.

 

Er det for at vække Afsky for alt dette liderlige Væsen, at man gjør saa?

 

Vi skal ikke udtale os derom. Men vi vil betone, at det ogsaa kangjøres, fordi Forfatterne derved vil nyde de skildrede Scener i sin egen Fantasi. Ja, det kan endog gjøres i den Hensigt at vække Lidenskaberne hos Læserne”.

 

Dette er væl det styggaste og raaaste av alt. Naar Jak. Sverdrups Organ ser, at Prestar og Statsraadar hev voret so duglause, at andre Menner, som ikke hev fenget ”Kald” av Kongen til aa hjelpa til, kjem og vil fremja ei god Sak, so sender dei ut ein fæl Mistanke imot dei, at dei hev skrivet berre for aa eggja upp so mykje meir til den Ufysna, som dei vil faa burt.

 

Rett-tenkjande Kvende og Menner vil sjaa paa ein slik presteleg Tankegang med Gru og Harme.

 

 


Frå Fedraheimen 29.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum