Maaneskin.

 

 

(Or Frihug, Bladet til Folkehøgskulen i Seljor).

 

 

Svart er Notti, svart er Skog, svart er kvar ei Rute, enn ligg Folk og kviler i Morgodraumen god.

 

Berre Drosi fagre, bleike Maaneskjegla, ho einast ikkje søv.

 

Og Gøysen stende logar i glotrande Glans, og Bjørki stende didrar sylvkvit og bjart kringum Liastaulen.

 

Ein gulraud blenkjande Straalestraum renn beint yver Dalen og burti Mælefjell. Der det lyser og skin.

Myrke Skyer kvelver seg fraa Lifjell til Mjølteheidarne, og i aust ljosnar det av Dagsrandi. Upp gjennom Fjorgapet veltar Dagen seg fram, sveipt i tunne graae Skyer liksom i ei graa Vadmaalskufte.


Rømer du Maane? Er du rædd den graae Mannen, endaa han ikkje hev med seg den blanke Solmøyi, som gjer dit Andlit kvitt av Aabryskaps Rædslur? Er du rædd sidan du hev gøymt dit Auge bak dine Augnebruner? Dine Augnebruner er av Sylv, Filegransarbeid, kostelegare enn Ryngjomen kann gjera det.

 

Du hev gøymt ditt Auge bakum Hattfjells breide Brun, frammed Skorves trauste Bringe glytter du burti i Gruningsdalen, der Nutarne dansar i Draugedans og Trei skjelv, klumsad av ditt Augas daarande Glans. Der skuggar Lifjell og løyner unda so godt for den graae Dagmannen. Der kann du umeinkad driva ditt Spil.

 

Ei Stjerne midt upp for Skorve skodar beint nedi Andlitet ditt, ho bivrar og bragar so taamt i ditt bleike Ljos. Er det ei Taare som blinkar i hennar Auga?

  

Gøymt hev no Soli sitt raudlette Andlit, hugsjuk og bljug smyg ho bakum alle Mjølteheidar, og sender berre eit gløyrande Augnekast upp til Aasheimgrend og til Øverland. Utgarde Lokes Ætt syner ho ikkje sin Glans.

 

Dagen skrid, graaleg dreg han attum Nordbygdi.

 

Daa ligg Gygresoli lurar attum Lifjell og ventar, til Dagen avlitar og alt hev vortet stilt. Lyfter so Hovudet varsamt og ser ned i Bygdi.

 

Truskuldig ligg Bjørgegardarne innunder den bratte Lid, og vitrast ikkje den skjeglande Drosi, som smøygjer seg attum Nutarne.

 

Ho sig nedum att, smyg til den næste Nuten; ho totte det var fortidleg enndaa. Der lyfter ho Hovudet hugsmeikande upp, skodar utyver, ser ho er eismal, sviv so inn paa Tilet i den blaatekte Salen med Himlens tusunde Stjernur uppi Himlingi neiar til høgre og vinstre og sveiver seg i dansen med Drust og Vyrdnad. No veit ho med seg sjølv, at ho er den fagraste av alle. Hugmjuk og smeikjande gloser ho ikring seg med den daarande Magt i sitt smilande Andlit. Hundarne gøyr imot deg, men Kattarne leikar seg og Draumarne sviv i Mannahugen.

 

Og dei ser Maanen.

 

 


Frå Fedraheimen 29.12.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum