Fraa Volden paa Sunnmøre.

                                      

Gode Fedraheim!

           

           

Det er ikkje Kvardagsmat for Lesaranne aat Fedraheimen aa faa høyra noko fraa desse Kantar. Det er støtt liksom Folket her ikkje hev noko aa sermerkja seg med, som paa Austlandet. Men no paa det siste hev me byrjat aa herma etter Austlendingen i ymse Umvølingar; og me hev fenget den Voni, at um eit Bil kann det koma til aa verta eitkvart herifraa og.

           

 

Ein Folkehøgskule hev voret i gang i Volden no sidan i Haust, og det hev me tykt var eit heilt Framstig, at nokon her vilde selja Namnet sitt til eit sovore Yrkje. Mange Ungdomar hadde stor Hug til aa koma paa denne Skulen; men det vart som jamnaste avteket av Foreldri. Difor vart det so faae Elevar, at Skulen laut slutta no til Jol. Men det er Meiningi, han skal prøva att, naar Hausten kjem.

           

 

Kvar Fredagskveld hev det voret Ordskifte um dei Saker, som er mest uppe i Tidi vaar. Ei Mengd Folk hev samlat seg aat desse Møti, so det hev vore trøysamt aa lyda paa. Men trøysamast var det daa den Kvelden Maalsaki var framme. Det meste, som vart umrødt, var korleis ein paa beste Maaten kunne fremja Maalet. Flestalle meinte, at Ungdomen burde skipa seg saman og halda Fedraheimen, skriva seg inn i ”Det norske Samalget” o. s. b. Berre ein Talar mælte mot. Han tykte me er so godt farne med Dansken, at me turvte ikkje um aa tulla oss burt no, daa me er so langt komne paa alle Leider. Per Riste og Rasmus Steinsvik svarad paa dette. Dei synte, at me ikkje er so godt farne med eit framandt Maal, at me vilde vera komne enno lenger i Upplysning, um Norsken hadde sote i Høgseten.

 

 

Leselag og Samtalelag hev ymse Bygdelag skipat. I desse Lagi hev det voret Tanken, at Fedraheimen skulde vera losen. Men mange hev tykt, han rødde væl lite um Politikk, at ein berre sjeldan kann sjaa nokon Brevsending fraa desse Kantar. Og halda han berre for Maalet, tykkjest mange for flaatt.   

 

 

Fyrr eg sluttar denne veilutte Brevstubben, fær eg ikkje gløyma aa ynskja Fedraheimen og alle Maalvener kringum eit godt nytt Aar.

 

 

24_12_86.                                                      

 

. .n.

 

 

 


Frå Fedraheimen 08.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum