”Framgang”.

 

 

Kva?

           

Jauvisst stend det so.            

 

No, tenkte eg, no hev me eit nytt Maalblad i Farvegen. Vælkomen! Gudbrandsdølerne er noko anna hell Oftedøler lel dei.     

 

Men so var det berre ”Oftedalisme” likevæl.         

 

Men kvifor det Namnet?

           

Kunne ikkje Fremgang voret betre hell godt nok til dette Bladet tru? Nei – fram, fram! det er eit norsk ”nasjonalt” Ord det; det lyt me ha, um me enn er so ”folkelige” aa skriva vaare ”nasjonale” Tankar paa Dansk. Nok er det, Klaven er norsk, men Kui er dansk – Haarhamen er daa iminsto. Skin(n)et er ”kristelig” og ”nasjonalt”, men Kjøtet og Innhaldet elles er ”Oftedalisme”.

           

Enno ein Gong: kvifor heiter Bladet Framgang? Hadde me voret so velsignat her i Landet som i Holmestrand hell Arendal, at me hadde havt nestan berre Høgrefolk, og so nokre hadde vortet leid av aa gaa ”paa Stedet mars” hell som Grisen i Trynetaumen, og dei so hadde skilt seg ut, daa kunne det voret Meining i aa kalla Bladet sitt Framgang(Fremgang) og skriket fram, um dei daa ikkje helder hadde viljat ropat: Framåt! mot eit betre Samband med Sverike.

           

Men no er det so, at me hev ein Vinstrefylking, som hev boret Framgangen dei siste Tjugeaari, ein Fylking, som med Johan Sverdrup i Fyreenden hev arbeidt for Fridom og tjodleg Framvokster her i Landet, og so er det ei ”Gruppe” av denne Fylkingen, som skil seg ut, vil halda att litt paa ymse Leider og segjer, at hitt Vinstrelag gjeng for fort fram, kastar seg utfyre ”Stupet”; og denne ”Gruppe” kallar Bladet sitt Framgang. Eg spyrr eg: ”Finst det Vit i slikt?”

           

”Holdigjen” hadde voret eit høvande Namn.

           

Og so kjem denne ”Gruppen” og segjer, at det er dei, som held paa gamle Sverdrups Riksstel, og at dei ”reine” hev brotet seg ein ny Veg, som ber utyver Stupet. – Kannhenda at Riksstyraren Sverdrups Riksstell og ”Oftedalismen” ligg nære; men Stortingsstyrar Sverdrup Oftedøl!!! – Nei, korkje Oftedøl hell rein hell Høgremann kann finna noko so uvitugt.

           

Er Sverdrup no vorten Oftedal av Prov paa, at Manden bliver gammel enn kven kann for slikt, kven hev Raad xxx, at Mannen vert gamall? Slikt hev hendt fyrr, og i sovorne Tilfelle bør me ikkje fylgja Mannen inn i Barndomen, daa det vart aa negta den gilde Fyrrtidi hans.

           

K. M. Falsen, ”Grunnlovens Fader”, vart au for gamall; men me er alle takksame for, at dei gamle Venerne hans ikkje fylgde honom; og noko liknande kann segjast um F. Stang.

           

Men det er saart aa tenkja paa – nei, eg vil ikkje tru, det hev gjenget den Vegen med Johan Sverdrup.

 

Det maa vera ymse Høve, som me Smaafolk ikkje hev Greide paa enno, som gjer, at han lyt fara so varsamt fram. Me veit ikkje, kva ein norsk Vinstrestyrar kann ha aa staa i enno. Kannhenda lyt han ha Umsyn paa Sverike – ja Rusland med.

 

- Johan Sverdrup vil visst ikkje, at me alle skal verta Oftedøler.

 

Ein Ting er likevæl viss: er Johan Sverdrup Oftedøl (”folkelig”), so hev han vortet det tidan 26de Juni 1884.

 

Fyrr aatte han ikkje oftedalsk Augnemerke.

 

Korhelst stod han t. D. i Saki um dei sertruande? Ilag med Lars Oftedal kanskje? Kor stellte han seg i Spursmaalet um Sereige Ægtefolk imillom? Nok er det, han kom i stor Unaade hjaa Saxe, og Morgenbladet hev sagt, at Høgre og Oftedøler hev mange ”Berøringspunkter”. Korleis var han i Dagarne fyrr 9ande Juni tru? Skalv han? Var han rædd? (Enn Riksrettssaki? stakar Bruun). Røystad han ikkje, og talad med, for Reisepengar aat Garborg kanskje? (Ja Haugland med; det torde kanskje ikkje vera or Vegen aa merkja seg det au). Og eg vil spyrja Oftedølerne, um dei torer sjaa nokon midt i Augo og segja, at dei trur fullvisst, at Stortingsstyrar Sverdrup ikkje hadde røystat for Diktarpengar aat Kielland – ja kanskje Riksstyraren med.

 

- Nei, me hev ingen Ting, som tyder paa, at Sverdrup hev voret ”folkelig”.

 

Og so kallar dei seg med so mange vakre Namn, desse Oftedølerne. Dei nemner seg sjølve ”kristne”, ”nasjonale” og ”folkelige”. Andre lyt maa vita etter deira Syn og Skyn vera det motsette; for elles er Namni meiningslause, daa det er klaart, at Namnet paa ”Gruppen” skal syna oss, kva ho hev serskilt og umframt hine: Altso – Oftedølerne er ”kristne, nasjonale og folkelige” i Motsetnad til, umframt hine Vinstrefolk.

           

 

Men kva skal ein segja um slik Tale! Eg kann ikkje skyna, kva Sjølvdøming sovorne kann ha, som kan tvinga slik Sjølvros – ja slikt motbjodlegt Tøv yver Tunga si.

           

Tenkja seg ein Oftedøl, ja ein som ikkje eingong ”lever Troens Liv” – for ikkje aa segja den verste Gudløysa – koma til ein Mann som Ullmann hell Wexelsen og segja: ”Eg er kristen eg du”. Hell um sjølve Lars Oftedal kom uppaa Skrivarstova til Fedraheimen og sa: ”Eg er av ”det nasjonale Partiet” eg, Guten min, men kva er du?” Hell um t. D. P. Sønju kom til Bjørnson hell Arvesen og sa: ”Eg er folkelig” eg, Far min”. Kva skulde me so segja? Jau, at det var Tøv og tome Ord for ikkje aa segja noko verre.

 

Dei ”folkelige” fører Tøv og tome Ord i Munnen sin og graateløglegt – ja harmelegt er det, naar ein lyt tru, at Christopher Bruun er Fyrstemannen med i slike Heimløysur. -                                                                                                                                

 

..e. E.

 

 


Frå Fedraheimen 15.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum