Boksjaa.

 

 

Thorvald Klavenæs: En Efterglemt. Drama i 4 Handlinger. Huseby & Co. limit. 2.25.

           

”Nei no skal du sjaa”, tenkte eg, daa eg fekk sjaa dette Boknamnet, ”no tek desse Bokskrivaranne til aa handsama Attegløymurne au; aa ja-ja, det skal verta morosamt aa sjaa koss ei ægte Møykjering vil te seg i fullt Dagsljos; endaa eg støtt hev voret galen paa desse kvistlause forturkad Samfunds-trei”.

 

- Men eg vart reint skamnarrat au den Gongen lell. For dei attgløymde, det var Lausungarne det, og naar eg tenkjer paa, at me skal dragast med eit sovoret Namn paa nokre Born, daa vert eg so eitrande sinnad, at eg mest ikkje veit mi arme Raad, for skulde eg maala Livet med den Tummestokken, so vart det reint tufs med heile Greida.

           

Der skal Borni koma til Verdi etter den og den Lovparagrafen for aa vera ægte Born?

           

Nei, det er meiningslaust dette, og det meiner han Thoralv Klavenæs au i det Spelstykkjet, han hev lagat.

           

Han krev full Rett for dei alle.

 

- Stutt og endefram: Han Frank fær Barn med ei Gjente; Anna heiter ho; men Far vil han ikkje vera. Ho Anna tek seg fælt nær av dette, kann ein vita; for ho hadde elskat han og trudd han.

 

Men ho vil ikkje liggja nokon til Tyngsel, og so tek ho Barnet, han Herman, og fer fraa Huset; men aaleine var ho og hjelpelaus, so tok Samfundet til aa gnaga paa Livsvoni hennar, det gnog ”Tomme for Tomme”, og tilslut vart ho Ludder. Frank giftad seg seinare, og Kona hans heiter Nini. Ho hev fenget Greide paa Barnet hans med ho Anna; men ho tek han likevæl. Det lider ei Tid; men dei fær ingi Born; daa tek ho Nini paa med det, at dei skal ta til seg han Herman og Mor hans; men Frank han vil ikkje; han er Diktar og det vil skjemma Diktarnamnet hans ut. Men Kona gjev seg ikkje med det ho; ho fær Bladstyrar Mork til aa hjelpa seg, og daa vert Endskapen den, at Frank lyt gjeva etter; men daa er det for seint: Ho Anna er daaen og han Herman hev drepet seg.

 

Eg kunne koma med Godord um denne Boki, for Skuld den gode Meiningi med ho. Det er paa Tidi no, at me gjer vaar Skuldnad aat desse Stakkaranne som: ”I Skyggen føder de. De dør i den. De har faat Livet ved Fødselen, men ellers intet uden al den Foragt, Samfundet kaster over dem, fordi de ikke kjender sin Far”.

 

Desse Kararne kann aldri verta noko tess. Dei kjem til aa gaa skamfulle heile sitt Liv, og anten bit dei Hovudet av all Skam og vert reint nokre Ukjurur, elder so vert dei nokre skuggerædde Puslingar.

           

Og Mori, ho trur ingen meir, og lite vyrd vert ho. So veit ho for det meste ingi anna Raad enn aa taka til aa driva Handel med sin eigen Kropp; men ho hev ikkje sjølv valt den Livevegen, og ho er ikkje sæle med han.

           

At alle Born vart jamngode, vilde soleis gjeva Prostitusjonen eit Knekk au, og kanskje me vilde verta reint kvitt denne meiningslause Kjøpekjærleiken, han er so ikkje noko tess likevæl.

           

Dalman, ein Doktar, er godt maalad; og ho Alma au, ei Gjente som svingar att og fram som ei Kompasnaal; den eine Gongen peiker Kjærleiken hennar aat Dalman, den andre Gongen aat Mork; ho er eit vanlegt Kvendfolk, og dei gjeng slik og skal velgjast og vrakast.

           

Men no kjem eg med Vondordi. For det fyrste var det no slet ikkje verdt aa lata han Herman drepa seg. Han var ein Halvvakstring paalag 14 Aar, og slike Karar vil so fælt gjerne liva dei. Det kann ikkje hjelpa um dei so stend mo aaleine i Verdi hell. Og ho Anna høyrer fælt so lærd ut, tykkjer eg; ho stend fram takomtil aa held heile Fyredrag.

           

Hadde det ikkje voret betre aa letet han Mork koma med mykje av det ho ber fram? Ogso trur eg det vilde fata Varme i den gamle Kjærleiken hans Frank og hennar Anna, naar ho kom i Huset att, og det som ”hans Søns Mor”. Me fær hugsa paa, at ho Nini og han var bornlause, og Kjærleiken, han er rar han.

           

Ho Stina, ho er luks livande med sitt: ”Æsch, De er en væmmelig Fisk. Naa staar De jo der og kysser mig ogsaa”. Ho Anna stend væl ikkje fælt mykje høgare enn ho, elder koss?

           

Boki er verd aa lesa ho. Ho dreg fram ei Sak, som ”Blufærdigheden” hev skubbat til Sides; ei Sak som Kvendfolki skulde ha drivet gjennom for lenge sidan, hadde dei voret noko til Folk. Dei hev voret late, segjer Strindberg. Tru han hev Rett?      

 

 

Ola Fet.

 

 


Frå Fedraheimen 15.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum