Eit par ord aat Sivard.

 

(Framhald frå nr. 78-1886.)

 

Eg skulde for lenge sidan hava sendt eit litet svar paa det, som Sivard skreiv i no. 78; men det heve voret smaatt um tidi endaa i jolefridagom. Og so er det vist ikkje helder so naudsynlegt aa skriva so myket meir; for Sivard tykjest vera so pass spakvoren i den sidste kritikken sin, at det ikkje er so myket aa svara paa. Difyre berre eit par ord til aa visa hr. Sivard, at det vilde vera svært gildt, um han var ein liten grand gløggare, naar han skal kritisera. Han segjer, at det stend einstad i Dag: Det, som merkte at denne uppsedingi var eit maatehald, o. s. fr. og han fær ingen meining i dette. Eg kann trøysta Sivard med, at det skal vera slik etter handskrifti: ”Det, som merkte ut denne uppsedingi, var eit maatehald”, o. s. fr. Ein kar, som heve leset alt det Sivard reknade upp, burde vera so gløgg, at han kunde tenkja seg til dette.

           

Eg skal ikkje gjera lesaren keid med aa lysa upp i dei andre mistak, hr. Sivard heve gjort.

 

Sivard er denne gongen so snild aa skriva ”normal-maal”; og han skriv det i alle fall betre og stødare enn sitt eiget normalmaal, og det er so gledelegt aa sjaa, at eg ikkje vil pirka burti det.

         

Fraa fleire kantar av landet heve eg fenget brev fraa dugande maalmenner, som er samde um aa halda uppe Ivar Aasens maalform, og som er ille nøgde med dei ”nyare skrivemaatarne”. Dersom alle maalmenner vilde semjast um denne same støde skrivemaaten, skulde maalsaki gjera munarleg framgang i det nye aaret.

   

Og dermed ynskjer eg alle maalmenner god lukka med maalarbeidet. Lat oss arbeida alt det me vinna, kvar paa sin kant.

   

 

Marius Hægstad.

 

 


Frå Fedraheimen 15.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum