Fraa Hardanger.

 

 

Hr. Bladstyrar!

           

Ei heil Tid er det no sidan eg saag noko i Fedraheimen her fraa indre Hardang. Enn um eg no – gapen og gauken som vanlegt – sette iveg med aa fortelja Dykk lite um og ifraa Bygderne vaare herinne, kva vilde so mine gode Sambygdingar segja? Vrengja paa Augo, naar me raakast og snaudt svara um eg helsar, men segja so mykje meir sidan?

           

Det fær skura. _

           

Religionen og dei Greidur, som til honom høyrer, er det, som lagar Prøvesteinen for kvar vaksen Mann med sitt ”Gehæng” – Kvinna – no um Dagarne. Fyrst paa Lista lyt det difor standa hjaa meg med.

           

Presten vaar er ein dugande Mann, preikar, so det berre skurar etter. Kyrkja er difor ogso som oftast full av Folk, som fær høyra mangt og mykje av det, som godt er, serleg om kor gildt det er med Drikk og Dus, Dans og Nattelaup. Dei er berre gode Born alle saman, utan nokre faae, som han hev seldt utor. Alle dei andre skal faa det varmt og godt, men desse skal ganga den trange Prestevegen.

           

Ja mange hæve Ting fær me høyra fraa Preikestol og Kyrkjegolv, so du kann tru me er glade ved Presten vaar.

           

Me er svært glade i Statsraad Sverdrup sitt Kyrkjelagingsforslag, berre med ei ørliti Brigding: Folket skal ikkje berre hava Rett til aa velja sine Prestar, men ogso hava Rett til aa avsetja dei, naar dei ikkje duger.

           

Ute i den store vide Verdi Noreg held dei nok paa og gjer upp for seg sjølve og andre, anten dei no høyrer med til den litle Verdensluten Europa elder det gjeng ein Mur tversyver Kattegat, Skagerak og Nordsjøen. Uppe i Ishavet og Kvitehavet er det ikkje so nøgje um der ingen Mur er, vil eg tru? – Me bur no so langt inne i Landet, at denne Muren ikkje er til større Hinder for oss. Kjem me so langt ut, so kliv me nok yver me med, men dei som no styrar i Bygdi er visst for gamle, dei vinn visst ikkje yver. Aka seg ned mot Stavangerkanten skulde ein no tru, dei kunne, naar dei berre vilde. Det var daa litt nærare Europa det med.

           

Blad held me mange av og av mange Slag: Like fraa Dagbladet, Verdens Gang, Fedraheimenog Magne ned til Fædrelandet og Luthersk Ugeskrift.

           

Ungdomen i Bygdi hev lagat seg til Skjotarlag, der det visst gjeng nokso godt.

           

Dei gamle hev havt mangt for seg og millom anna ei Vinstreforeining, ikkje aa tala um alle dei Missjonsforeiningar, som Kvinnurne hev lagat.

           

Men innanfor Muren høyrer det nok ikkje med til vaksen Mans Tale aa tala um, kva Kvinna kann klaara, og kva ho hev Rett til.

            

Likevæl vil me tala, lat dei so kalla oss Europæarar lenge nok. Me hev etter dei store Ordi i Grunnlov og sidan um Likskap og Fridom i gamle Noreg, Rett til aa krevja – Røysterett for alle, Mann og Kvende. Lat det verta ei av Merkesakerne paa Valprogrammet vaart til neste Val!

            

Hardang i Desember 1886.

                                                          

 

Truls.

 

 


Frå Fedraheimen 15.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum