Fraa Ulefos

 

 

er det ikkje stort aa faa sjaa, Hr. Bladstyrar! Dei karar og arbeider kvar for seg, so dei ikkje hev Tid til aa tenkja paa Bladskriving. Men no hev det voret so lang ei Helg for oss Arbeidsfolk, at me kunne ha skrivet ned alt, som hev hendt heile Aaret. Men so er det det galne med det, at me er for lite skrivelærde, me Arbeidarar. Liekvæl vil eg busa iveg med eit Brev til deg, gode Fedraheim. Um det no ikkje nett er skrivet som det skal, so tenkjer eg, du rettar paa det.

     

Det finst tvo Skjotarlag i Bygdi. ”Bjørndalens Skjotarlag” høyrer til ”Centralforeningen” og ”Holdens” høyrer til ”Folkevæbningssamlaget”. Det hev voret freistat paa aa faa desse tvo til aa slaa seg saman til eit; men det er lite Von um, at det gjeng. Skjoting driv me Arbeidsfolk med kvar einaste Sundag um Sumaren, og det finst mange glupe Skjotarar millom oss. Um Vinteren hev me eit Samtalelag, der me sit og talar um alle Verdens Ting. Ei Rid sidan hadde me fat paa Maalsaki. Eg hadde ventat kvass Motburd, men det gjekk tolegt endaa.

           

Skilauping driv me mykje med her. 2dre Januar vart det haldet Kapplaup etter Innbjoding fraa Hans Aal og Johan Høien. Det møtte mange Skilauparar. Alt gjekk godt; men paa Slutten vart det litt Moro med Skilauparen Helgetveit fraa Lunde og Styret. H. sagde, at dei hadde fjuskat med Mælingi o. s. b. og daa vart det Uppstyr, kann du tru!

           

So tilslutt nokre Ord til deg, du Fedraheim. Eg vart fjetrad, daa eg saag, at du vilde koma ei Gong i Vika heretter. Men det er vel no, som det hev voret fyrr: Maalmennerne gjer ikkje somykje, som dei kunne gjera, so det hev vel ikkje voret so rart med Avsetningi, kann eg tenkja.

           

Det vilde vera hugnadlegt, um so mange som mogelegt av Gutar og Gjentur vilde skriva i Bladet og arbeida, alt dei kann, for han.

           

 

Ja, sanka dykk Gutar um Fedraheimen,

hugs’ paa, han hev i seg den rette Eimen.

Han Meldingar hev baad’ fraa Land og Stad

og fullnorsk han er meir enn andre Blad!

           

 

I Januar 1887.

                            

Kr. Mikkelsen.

 

 


Frå Fedraheimen 15.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum