Klerikalisme som Slagord. (Svar til Oddm. Vik).

 

(Del 2 av 3. Fyrste del.)

 

Kva er Klerikalisme?

           

Pave- elder Prestevelde, segjer Hr. Vik. Lat gaa. Men kva er ein Prest? Er det berre ein sovoren, som hev fenget Kall (av Kongen) elder kann ein ogso taka kvar kristen med, soleis som Apostelen gjer, naar han talar um ”eit Folk av Prestar”?

           

Det er dette, det kjem an paa.

           

Um det greske Ordet klerus tyder berre det fyrste elder baae, skal eg ikkje segja noko um, daa eg ikkje hev leset gresk. Eg er mest hugat til aa tru, at det kann brukast um baae Slagi.

 

Men er det Tilfelle, so er ikkje Vestlendingarne so lite klerikale helder¹).

 

I ”Bjørn Berge” hev Oddm. Vik skildrat den vestlandske Klerikalisme. Og, etter mitt Skyn, hev han gjort det godt. Eg hev ikkje Boki hjaa meg, men eg skal likevæl freista aa koma med ein Bite.

 

Bjørn, den unge Seminaristen, hev komet heim att. Medan han var ute hev han set litt av Verdi og fenget Tak i Tankar, som fyrr var framande for han. Det er Folkehøgskuletankar, frie og motige, sovorne som t. D. dei, Ullmann kjem med. Komen heim, sankar han Ungdomen ikring seg, held Fyredrag for deim og skapar eit nytt Liv i Bygdi. Sundagskveldarne vert det haldet Dans og andre Leikar og alt ser so gildt ut. So kjem Pietistarne. Aalvorlege og med Hovudet paa skakke, kjem dei. Det er daa reint forgalet med dette Ustellet, som hev vortet i Bygdi paa det siste. Dei maa daa skyna, at denne Vegen ber galet avstad. Bjørn vert stemplat som ein Forførar, som burde jagast burt o. s. b. Alt dette, berre av di han hev andre Meiningar um Dans og sovoret enn Pietistarne.

 

Denne Skildringi er skjerande sann. Eg er viss paa, at paalag kvar einaste Vestlendingen hev voret Vitne til noko liknande. Nett som Pietistarne fer fram mot Bjørn Berge, soleis fer dei fram mot alle, som ikkje er einuge med dei. Dei toler ikkje andre Meiningar enn sine eigne og allraminst frie Meiningar. Det hev paa ein Maate utviklat seg eit Spionsystem hjaa dei, og Gud betre den, som er komen i Unaade hjaa dei!

 

Det er denne Klerikalismen, som er faarleg her i Landet. Det er denne Klerikalisme, som no kjem og krev Menigheitsraad. Det er nett same Aandi, som var med og negtad Kielland Diktarløn, og som ikkje vilde velja Garborg til Statsrevisor.

 

At det finst mange tolsame Folk, som arbeider for Menigheitsraad, vil eg ikkje negta. Eg vel sjølvsagt ikkje tru, at Menn som O. G. Ueland og Johan Sverdrup vilde vera med paa Aandstrælking i nokon Maate. Eg trur, dei hadde altfor mykje Fridomsaand i seg til det. Og det er kjent nok, at Ueland arbeidad for det, nettupp for aa taumkøyra Prestarne. So um alle hadde same Synet som han, so hadde ingen, utanum Prestarne, noko aa ræddast for. Men soleis er ikkje Mesteparten av dei Folk, som arbeider for Menigheitsraad. Det, som kannhenda for deim stend som det gildaste ved heile Menigheitsraadet, det er Tanken paa, kor godt det daa vil verta aa faa Tak i Motstandaranne sine. Eg hev sjølv høyrt nokre av vaare dugelegaste Lægprestar koma med denne Tanken, og det er helder ikkje for inkje, at det er Pietistarne, som er mest hugat paa han. Fær me Menigheitsraad, so fær me Inkvisisjonsdomstolen. Dei kann ikkje taka Livet; men dei er ikkje rædde for aa taka Livebraud og andre for Livet naudturvelege Ting fraa Motstandaranne.

 

Denne Klerikalismen er verre enn Prestestyre.

           

At det finst Folk, som kallar heile Kristenlivet Klerikalisme, det er ei kjent Sak. Det er ikkje berre Brandes; men kvar einaste Fritenkjaren, som segjer det. Naar dei ikkje hev Trui paa Gud, so er det sjølvsagt, at det er dei paalag det same, anten ein Mann er klerikal elder liberal. Han er ikkje deira Mann, kva han so er ellest. Men eg trur ikkje, at det er i denne Meiningi Ordet klerikal oftast vert brukat. Eg trur, etter det, eg fyrr hev skrivet, at ein ikkje kann koma burt fraa, at det er klerikale Folk, som arbeider so ivrig for Kyrkjelovarne, og at ein difor hev Rett til aa bruka Namnet um dei. Striden um Kyrkjelovarne (Menigheitsraadet) er ikkje noko Tak millom kristne og Fritenkjarar; men millom dei ymse kristelege Synsmaatar. Dei høgkyrkjelege vil ikkje hava Menigheitsraadet, av di dei trur Folket fær for stor Magt yver Prestarne. Grundtvigianaranne og dei frikyrkjelege vil ikkje hava det, etterdi dei ræddast for, at det vert Kjættardomstol av det. Med desse siste gjeng Fritenkjaranne, daa dei veit, kva dei hev aa venta, um det nokor Tid gjeng gjennom.

 

Men det er ikkje Kristenfolket si Skuld.

 

I det heile, gjeld det um aa framhalda, at Striden um Menigheitsraadet og det Parti ein der tek, ikkje hev noko med det personlege Kristenlivet aa gjera. Ein kann vera ein like god kristen, anten ein er med elder mot det. Det det her kjem an paa, er eit praktisk Skyn. Nokre meiner, at Menigheitsraadet vil gagna Kyrkja, andre at det vil skade.      

 

Dette gjeld det aa halda klaart fram.

          

 

L. Stavnheim.

 

 

¹) Soframt Ordet klerikal berre kunne brukast um Folk, som arbeider for Prestestyre elder Velde, so er eg fullt ut einug med Vik i, at Vestlendingarne ikkje er klerikale. Det er kjent nok yver heile Landet, at det ingenstad hev voret so sterk Strid nettupp millom Prestar og Lægfolk som paa Vestlandet.

 

 (Meir.)

 


Frå Fedraheimen 15.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum