Kristiania, den 14de Januar.

 

  

”Albertine” og ”Fra Kristiania-Bohêmen”

  

er etter vaart Skyn heilt ulike. Me totte Justitsministaren gjorde si Pligt i fjor, daa han tok Boki hans Hans Jæger. Me totte det var ei greid Sak, at ei sovori Bok inkje godt gjera kunne.

            

Krogh og Hans Jæger hev stadet kvarandre nær. Me veit, at det var ingen, som ropad somykje paa ”Afsky” i fjor som Krohg og ingen, som meinte det ærlegare enn han helder.

            

Daa det vart spurt, at han skulde koma med ei Bok sjølv, tenkte me difor, at det vart vel paalag same Slaget som Bohêmen. Me ventad ikkje anna fraa den Kanten.

            

Boki kom endeleg.

            

Daa me hadde leset ho, var me reint fjetrad. Er det mogelegt, at det er Kristian Krogh, som hev skrivet denne Boki? Hev han vortet Moralpreikar paa det siste?

            

Det finst mykje styggt i Boki. Det er ikkje hugnadlegt aa fylgja Albertine korkje i Tolbodgata No. 5 elder paa Politistasjonen. Og Forfattaren gjer seg ikkje fyre helder for aa faa oss til aa lika oss der. Han skriv ikkje; men maalar det stygge for oss, maalar det slik, at ein maa verta uppmerksam paa det.

            

Boki er skjerande sann. Det hev komet mange Motlegg mot ho, som ventande var; men det er ikkje nokon, som hev vaagat seg til aa segja, at det ikkje er det verkelege Liv, ho skildrar.

           

Er Krohg Moralpreikar?

            

Vp. fortel, at han svarad nei paa dette Spursmaalet i Kunsterforeiningi. Han sagde, han vilde ikkje gjeva seg av med aa preika Moral for Folket.

            

Dette kann no vera som det vil. Ein Ting tykkjer me er viss: Boki uppmanar til Sedugskap. Me hev Hug til sjaa den Mannen i Augo, som etter han hev leset Boki, ikkje er med og skrik ”Afsky” yver Sedløysa her i Byen. Me kann paa ingen Maate fata, at nokon kann verta hugat paa aa kasta seg nedi Svineriet, naar han hev fenget set, kor fælslegt det ser ut. Og det syner ”Albertine” paa det klaaraste.

            

Den, som set ”Albertine” og ”Fra Kristiania-Bohêmen” tilliks, hev ikkje Skyn paa Bøker, det me skynar. Det er ein so stor Skilnad millom desse tvo, at ein maa vera blind, anten av Fordom elder Faakunna, naar ein ikkje kann augna sopass.

 

 

Paa Folkemøtet i Seljor førde Ullmann fram Kyrkjelovsframlegget og dei diplomatiske Sakerne. Møtet gjorde denne Avgjerdi: ”Me vil ikkje hava noko Menighedsraadsforslag framsett”.

            

Med Umsyn til dei diplomatiske Sakerne sluttad me oss til Hamarresolusjonen med Konows Tillegg.

            

Baae Vedtaki var samrøystes (enst.).

            

Tilstades umlag 200 Kar og Kvende.

           

  

”Nora” bed oss aa melda, at Joleheftet til nye Tingarar vert send saman med No. 1, som snart kjem ut. Innheftad Eksemplarar av 1886 er ikkje ferdug enno, men skal snart koma.

 

 

Kyrkjelovsforslagi fylgjer i dag Fedraheimen som Tillegg.

 

 


Frå Fedraheimen 15.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum