Ymist.

 

 

”Fædrelandet” inneheld i No. 1 for iaar Bilæte av Emil Stang. Livsskildringi byrjar med tvo Vers av Ivar Aasen. (Lat det merkjast i meir enn i Ordi o. s. fr.).

            

Naar no Hr. Aubert vert vant med aa skriva av norsk ei Tid, so vonar me, det vert mindre Prenteveilur av det, enn det denne Gongen er. Ein kann ikkje krevja meir i Fyrstningi, sjølv um Hr. Aubert er Lærar i norsk. Han kjem seg nok.

  

 

”Albertine” vart Sundag var upplesi i Arbeidarsamfundet av Bladstyrar (i V. G.) Thommesen. Det vart avgjort, at det imorgo skulde gaa eit Arbeidartog til Stiftsgarden og beda um, at ”Albertine” maatte sleppa laus att. 700 var tilstades og heile tvo røystad imot Avgjerdsla.

 

           

Kunstnarforeiningi heldt Møte her ein Kvelden. Garborg sette fram eit Vedtak, som gjekk gjennom med 30 mot 16 R. Det var soleis: ”Kunstnerforeningen anser Beslaglæggelsen af ”Albertine” som en Krænkelse af norsk Kunst”.

 

            

Det ligg so mykje Snø paa Jæren no, at det er raadlaust for Jarnbanetrænet aa koma fram fraa Stavanger til Ekersund.

 

            

”Svarteboki” er komi paa Mote i Stavanger. Det er ikkje same Slaget, som Peder Dass og andre vise Menn fyrr i Tidi hadde. Den nye Svarteboki vert brukat til aa skriva inn Namnet paa Folk, som ikkje betalar det, dei kauper, for at ikkje andre skal verta narrat. Naar soleis t. D. ein sel Sko til ein, og denne ikkje betalar, so vert Namnet ført inn i Svarteboki og alle andre Skomakarar fær det aa vita.

 

            

L. Berentsen er valt til Ordstyrar i Stavanger Formannskap. Oftedal fekk 8 R.

 

       

Lambrechts, Høgsterettsdomar, er utnemnd til Fyrstedomar i Høgsterett.

 

         

Bohêmen er no ”beslaglagt” i Sverike og. ”Albertine” gjeng fri der og det vert selt i mengdevis av ho.

 

         

”Firda- og Sygnafylkes Avis” heiter eit nytt Blad, som kjem ut i Bergen. D. O. Bakke fraa Holmedal er Bladstyrar. Vinstreblad fullt ut. Ser ut til aa vilja arbeida gildt for Maalsaki, daa mest halve Innhaldet er paa Norsk. Kann det halda paa soleis i Lengdi, vilde det vera hugnadlegt.

 

        

Kaptein Krogh hev skrivet lange Stykkje i Bergens Tid. for aa prova, at Landet vaart ikkje er so armt, som det jamt vert sagt. I næste No. skal me taka inn det vigtugaste av det, han kjem med.

 

  

Snøstorm. Ein Brevskrivar til Dagbl. fortel, at det trast fyrr Jol, var eit so ovstort Rennedrev i Leipzig og derikring, at det var reint umogelegt for Jarnvegstogi aa koma nokon Veg. Uveret heldt paa i 3 Dagar, og det vart paalag Naud i Byen, daa det var raadlaust for Bønderne aa koma inn med Varurne sine.

           

  

Ministeriet Salisbury er det visseleg straks ute med. I desse Dagar hev det voret Statsraadbyting. Churchill hev gjenget av, og Goschin, Vinstremann, kom istaden. I det heile er det Von um, at Gladstone snart vert Fyrstestatsraad att.

 

 


Frå Fedraheimen 15.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum