[Kristiania, den 28de Januar.] Regjeringi

 

            

kann ikkje faa heile Vinstres Medhald i Styringi si, fortel Folkets Avis. Det skal vera vonlaust aa tenkja paa, at heile Vinstre kann draga i Rad lenger no; det maa kløyvast sundt, og daa vil der av den eine Luten kunna lagast eit Parti, som vilde fylgja Regjeringi i alt det, ho vilde. Den andre Luten laut daa setja seg imot Regjeringi og sjaa til aa faa ho burt so snøgt som mogelegt.

            

Skal dette vera naudsynelgt, so ser det ikkje ljost ut for Framgangen i Landet. Mange andre Blad læt mest paa same Vis no um Dagarne, so det ser ut som dei trur at Politikken lyt sviva liksom ei Ida og mala seg sund til ingenting. Ja naar kvar og ein er vreisten og vrang og ikkje vil lata seg tala til rette i nokon Ting, so vert det Vesaldom og Armod av det heile. Men me maa daa tru det, at dei Spaadomar, som Bladi no gjev ut ikkje vil faa framgang. Ingen vitug Mann kann vera so uvyrden mot Land og Folk, at han vil segja som so: fær ikkje eg alt etter mit Hovud, so vil eg skilja meg ut og setja meg paatverke kor eg kann, for daa er det aa skapa for dei hine, at det gjeng galet med heile Vinstre so Høgre kjem til aa vinna.

            

Vinstre hev hidtildags gjenget fram med Støigleik og jamnat seg i hop til eit folkelegt Livssyn, og dei, som fyrr hev gjenget som Styresmenner og fylkat heile Vinstre, dei vil nok gjera det heretter og. Ingen kann daa for Aalvor tru, at dei vil skiljast og draga kvar 
til sin Kant, fordi um dei i ei elder onnor Sak ikkje skulde hava plent same Meiningi.

            

Me kann ikkje faa oss til aa tru, at Johan Sverdrup, Rektor Steen, S. Nielsen, Haugland, Konow o. fl. no skal hava minkat burt so, at ein elder annan Villstyringen kann eggja dei upp til aa skiljast i Politikken og dermed gjera Landet øydeleggjande Skade. Nei, me skal nok faa sjaa, at naar Stortinget kjem i hop, so vil Vinstre standa samlat og einig og arbeida for aa føra fram dei Grunntankar, som er Livsvoni i Framstiget. Den store Siger, som me hev vunnet, gjev Hugnad i Arbeidet. Kvar Mann veit, at dei Tankar og Meiningar, som hev Sanningi i seg, dei vil vinna fram, naar dei hev klaarnat og lagat seg ei Form, som Folket i det heile kjennest med. Framgang maa det verta jamt og Eldhug maa driva Verket, men ingen maa vera vond og vrang fordi han synest det tek Tid fyrr ein varmhugad Tanke vinn fram til full Kjensle i den store Mengde. Fær ikkje alle det plent som dei vil med fyrste Ropet, so lyt dei gjeva Tol til Folk roar seg, men ikkje fara fram som Villmenner og skamføra dei, som ikkje kann vera med i fljugande Farten.

            

Det er ikkje lett Arbeid aa vera Regjering no og faa rettat alt rangt i ei Snøggvending. Me lyt gjeva henne Tid. Me veit, at ho gjer alt, det ho kann, for aa gjera til lags alle dei Krak, som er til Bate for land og Folk. Men Regjerigni maa ikkje venja seg til aa vera furten for det, um Stortinget ikkje steller med kvar Sak paa det Vis, som ho helst vil.

            

Samarbeid maa der til millom Regjeringi og Vinstre baade i og utanfor Stortinget. Og so vert det visst og. Dei Snurlur, som synest aa hava komet fram no, kann lettvint løysast. Det er berre Smaating og Mistydingar. Vinstre og Regjeringi er einig i dei store Grunntankar um Landsstyringi. Bladi skulde lata vera aa vasa jamt og samt um Kløyvingi i Vinstre. Dei skulde manna Regjeringsmenner og Stortingsmenner upp til aa gjera det, dei kann, for aa halda heile Vinstre samlat. ”Her er so myket vent og stort, som vel og fort, fyrr Kvelden kjem maa vera gjort”. Det er vel so, at der gjeng ymise Aandsstraumar no i Tidi, og at ikkje heile Vinstre fylgjer den same Leidi, men dette er noko, som liksom ikkje høyrer til den praktiske Politikken. I den skal ikkje takast med annat, enn det, som høver med det store Folks aandelege Kjensle. Men likevæl er her so mykje aa gjera og so mange Rettarbøtar aa faa i stand, at me hev fullt Arbeid i lange Tider. Tankarne lyt brotast og Aandsmagterne lyt prøvast, men me set ikkje i Verk noko, som er uklaart og som ikkje hev samlat Folket i Samhug.

 

 


Frå Fedraheimen 29.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum