Ein Retsleik.

 

 

Fyrre Torsdagen var det heiltupp Komedi aa sjaa her i Seljor.      

  

Det var Saki imot Ullmann, fordi han hadde haldet Husandakt paa ein Maate, som Lensmann Knudsen ikkje likad.

            

Ullmann hadde stundom teket med Nattverden i Husandakti si, plent som dei gjorde i gamle Dagar. Folk hadde funnet dette ”rørande og høgtidelegt”, ingen hadde teket Forarging av det utan lensmann Knudsen – nei han helder hadde nok ikkje teket Forarging, han berre spurde ut Folk likevæl, korleis det hadde gjenget til. Og han syntest væl det ikkje kunne gaa an, at Ullmann skulde faa føra inn nokon ny Skikk der og. Det er ikkje nok med, at Ullmann innfører nye Skikkar i Jordbruket, i Politikk og sovoret, men han innfører nye Skikkar i sin eigen private Husandakt. Slikt agalaust Verk totte naturlegvis Lensmannen var for galet, han som er Utsending fraa Bygdi ved Stortingsvali som Repræsentant for den Seljorske Halting paa baae Beini og som attaat er Lensmann og Kristendomsuppropar i Bygdi, han kann ein skyna maatte passa paa, at ingen fekk Fred til aa gjera etter sine eigne Innfall heime i si Stoga – slikt maatte han melda, um kanskje dei høge Herrar skulde faa Hug til aa gjeva Ullmann litt Ris.

            

Jau daa, dei gode herrar likad dette godt, her skulde visst ikkje Ullmann gaa fri. Det maa daa vel vera Maate med Kristendom og; tenk driva Kristendomen so vidt, at ein held Nattverd heime i sitt eiget Hus; kva vilde det verta av vaar gode offisielle Kristendom, um fleire tok etter paa den Maaten. Bygdefolket vilde ikkje koma til aa faa sjaa kvar Gong Skrivar og Fut gjekk til Alters, Kristendomeen vilde verta ei personleg Sak, og kor vilde det so verta med dei statskyrkjelege Institusjonar og Embætsmenner?

  

Sorenskrivar Fabritius, den fyrre Formannen av Novemberforeiningi fekk Domsveldet i Saki, og han sagde det straks, at Ullmann skulde nok verta dømd.

            

Men so maatte ein finna seg ein liten Lovparagraff aa halda seg til. For Folk kann ikkje dømast utan ein hev § den og den i Lov den og den, som ein kann stydja Domen paa.

            

So leitad dei att og fram i Lovboki, um det ikkje kunne finnast ein Paragraff, som kunne gjera Ullmanns Husandakt lovlaus; fyrst fann dei ein, som dei meinte kunne brukast, men so var det so mangt anna uliklegt ved den, at dei fann han uhøveleg og leitad upp ein annan ein, som handlar um, at det er ulovlegt aa blanda seg inn i ein Embætsmans Forretningar. Um Ullmann vert dømd etter den, so maa det daa verta paa den Maaten, at det vert liksom sannkjent, at det er Prestarne einast, som hev med Gudsdyrkingi aa gjera, anna Folk fær lita seg med det, som dei vil gjeva, elles fær dei halda seg ifraa.

            

Det var mykje Folk tilstades no daa Saki var forseghavd. Skrivaren grein og likad ikkje dette, og daa det so vart bedet um aa faa eit større Rom, so alt Folket kunne sleppa inn, grutte han i, at han ikkje vilde ”skvætte” fraa det eine Romet til det andre, fordi um det imot all ”Formodning og imot Reglerne” var so mange tilstades. Men ved Hjelp av Futen fekk me han daa til aa tukka seg likevæl.    

  

Ullmann lagde ned Protest um,at Domaren skulde vera ugild elder inhabil, fordi han hadde sagt si Meining fyreaat, so det var faafengt aa prosedera; og Sakførar Christophersen kom med so mange leide Ting imot han, at ein skulde tru han skulde ryma langt av helder enn aa sitja som Domar der. Men han ”eragtede” det Domaren, at han vilde sitja der han sat.

  

So vart det Forhøyr paa nytt att, dei vilde ha Greide paa, korleis Braudet var lagat, som Ullmann hadde brukat, um det var søtt, um det var rundt elder firkantutt, kva Slag Mjøl det var i det o. s. v. og paa det dei sagde um dette, skulde dei gjera Eiden sin, og Domaren las upp ei lang Lekse um alle dei evige Straffer, som den norske Loven sette for dei, som braut Eiden. Det vart mykje Laatt og Løgje, daa han las upp um all Styggedomen i Helvite, som Loven tottest vita so fælt god Greide paa.   

  

I det heile var det eit løgje Retsmøte, Fabritius sat midt inni Mannaringen som ein annan Misgjerningsmann og dei lo mest alle saman.         

Heile Skulen var der; Dagen etter heldt Ullmann Fyredrag um Retsstellet og forklaarad det, dei hadde set og høyrt.

  

 

I. M.

 

 


Frå Fedraheimen 29.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum