Fraa Hardanger.

 

 

Godt Aar!

           

 

Tenkjer De, De skal faa ein forvitneleg Brevstubbe med mange Tidender, Bygdenytt og sovore, so lurar De Dykk, skal eg segja.

            

Eg vil berre masa litegrand.

  

De segjer i fyrste Nomeret Dykkar for 87, at i 86 hev det gjenget so av og til med Maalsaki. Det er visst sant. Men so vilde eg ha Dykk til aa furda væl etter, kvar Grunnarne er aa finna.

            

For eit Bil sidan talad eg med Hr. Johs. Helleland. Han sa, at no burde det vera forbi med den Tidi, daa ein laut kjøpa det, som vert skrivet paa Landsmaal berre fordi ein vilde stydja Maalsaki.

            

Eg likad dette so godt, at eg fortel det vidare, endaa han sa det privat. Vert han sint, ja so fær han banka meg for det, daa.

            

Politikken høyrer ein ikkje noko stort gjetet her inne no. Striden millom dei tvo Vinstreflokkar hev stadet mest millom Personar. Alle hev voret fjukande sinte, hev gøytt ein god Del aat kvarandre. Og so hev me leitnat. No tegjer me stille.

            

Nei, no laug eg. Me talar um ”Albertine” og er alt anna enn blide paa den ”frilynde” Regjeringi vaar. Her um Dagen var det ein bibelsprengd Kar, som kom og vilde ha meg til aa skriva eit Stykkje i Verdens Gang og krevja av Statsraad Sørenssen, at han skulde versgod beslagleggja det gamle Testamente no med det fyrste.

  

Til Oddm. Vik vil eg segja, at han veit svært godt, at dei vestlandske ”Lesarar” berre lær ut Fædrelandet, naar det sutrar um Vantrui. Men naar Pastor Oftedal segjer det same som Fædrelande daa trur dei han. Ymse Høgskulelærarar gjev Oftedal ein god Dag; men naar Chr. Bruun slær til Ljod og segjer seg samd med Oftedal, - daa kvekk Høgskulelæraranne og gjeng trast yver til det ”kristne” Vinstre og vil ikkje ha meir med det gamle Vinstreprogram aa gjera. Og so vert dei klerikale alle saman.      

 

 

Naa, 15de Januar 1887.

                            

J. E. Maakestad.

 

 


Frå Fedraheimen 29.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum