Hven skal vinne?

 

eller:

 

De historiske, dansknorske målstræveres standpunkt.

                       

Av K. Knudsen. Pris Kr. 1.50.

           

            

Det er mykje for Pengarne her og, som alt det Knudsen gjev. Allvist er det mykje aat Maalmennerne, - kanskje Mesteparten av Boki er etlat aat dei, - og mykje, som dei kann hava godt av aa lesa, berre dei er grunnfestad nok og ikkje for snare til aa taka alt for god Fisk. Derimot den vonde Svien, ”som salt i sure øjne”, som Bokskrivaren sjølv fæler for, er det visst ikkje so faarlegt med. – Takk vere Knudsen og hans trottuge, trugne Arbeide, som no iminsto hev lært flestalle Maalmenner til ikkje berre aa tola, men paaskyna det dansknorske Stræv, likesom Knudsen og paa si Sida beintfram vedgjeng, at det dansknorske Stræv trenger saart til Landsmaalet, ”så det vilde gå oss ille, om det skulde lægge sig til at dø”, - endaa han seinare i Boki kallar Landsmaalet sjølv ”dødfødt”.

 

Ellest ser det ofte likast ut til, som det er meint mest som ”Vringl” mykje av det han kjem med, for aa hemna seg paa Maalmennerne, som han skuldar for aa vera so leide i den Vegen. Soleis naar Matias Skard hev sagt, at Knudsen berre skriv ”nok saa god Dansk, med en 6-8 Udanskheder paa Spalten”, so skal det vera det same som aa segja, at alt det andre (utan dei 6-8 Ord) er Dansk altsaman og ikkje Norsk. Naar Maalmennerne hev liknat Strævet her i Landet ihop med Maalreisingi i Finland, so hev dei dermed sagt, at det er same Skilnad paa Norsk og Dansk som paa Finsk og Svensk! Naar Mallmennerne hev haldet fram, at ”de er Formi det kjem an paa”, og sume kanskje med hev misbrukt denne Læra, so skal dei endeleg vera so vetlause, at det er berre Formi det kjem an paa. Det er nettupp dette um Formi, og so den gamle Læra um Norsk og Dansk som serskilde Spraak, som mest fær laupa Spitsrot denne Gongen.

            

Knudsen hevdar derimot den Læra han, at Norsk og Dansk og Svensk i Grunnen er eit og same Spraak, og bryr seg ikkje med aa nemna det eingong, at Danskarne so gladeleg driv og umsetjer Bøker fraa Svensk. Men alt det som skal prova dette, kann med same Rett brukast um Norsk og Tysk ogso, elder andre meir elder mindre nærskylde Maal, jamvel det som han legg mest Vigti paa: aa kunna forstaa kvarandre utan Tolk, i Vissa um det ikkje kom so mykje an paa ”Formi”¹).      

  

Er det Raad anna det lyt vera ”Vringl”, naar ein skal stridast um slikt? Og so den gamle Motstrævar-lira, som Knudsen helder ikkje held seg for god til aa veiva paa: at Landsmaalet er ”lagat”, ”sviv i Lufti” og meir slikt. Er det daa meir lagat, for det um det er tiljamnat med Bygdemaal med Gamallnorsken til Grunnlag elder Rettesnor, som daa er Grunnlaget for alt Maal her i Landet, so sant det er Norsk, - meir det hell Knudsens eiget Maal, som er tiljamnat av Kristiania-Maalet (elder –Maali) og Bygdemaal, med Dansk (elder Dansknorsken) som Grunnlag.

            

Likeso faafengt er det vel aa stridast um, um Dansknorsken med Tidi kann verta heil, egte Norsk. For det um Engelsken ikkje kunne verta Fransk i England, so kann vel Dansken verta Norsk i Noreg, allvist med god Hjelp av Norsknorsken, so det for den Skuld kann koma paa eit ut kven som vinner, berre det vert arbeidt so det munar fraa baae Kantar.

  

Nei daa er det likare, som Knudsen og uppmanar til, aa sjaa til aa koma i Samarbeid, iminsto der me tydeleg kann sjaa at det er til sams bate. Soleis i Strævet mot Framandordi, som no oftast er til Tyngsla og Meinska for Maalet, um dei fær aldri so norsk Form, og endaa meir dei som aldri kann faa rett norsk Form og Sving paa seg. Her hev Knudsen tvillaust Rett til aa krevja av Malmennerne, at dei skal vera paa sin Post og gjera sin Skuldnad, anten dei skriv Landsmaal elder Bokmaal.

            

Men det skulde vel vera fleire Sprursmaal endaa, som me maatte kunna semjast um betre hell hit-til, t. D. Skrivemaaten, som kanskje ikkje er so uvigtig endaa, som sume vil hava det til. Tru ikkje Knudsen her hev komet til aa skada sitt eiget Stræv meir sjølv hell nokon Motstrævar, og nettupp stengt for det som han arbeider mest fyre: norsk Skrivemaate og Upptak av norske Ord. Kann han venta at Folk skal slutta med aa skriva Fjeld og Mand, naar dei ikkje fær skriva Fjell og Mann, men fjæl og man? Den Kroken sin (fjæl’) fær han so aldri Folk til aa bruka lell. Men Knudsen hev set seg so rædd paa dei duble Medljod – utan millom tvo Sjølvljod – i eldre Dansk og den Dag idag i Svensk, so han ”skyr dei som Pesten”. Enn i Tysk, og Gamalnorsk, og Landsmaal, - og jamvel andre Spraak, som ikkje hev vidare Bruk for dei tess helder, - er dei han slikt ”Huskors” der? Og ”det er ilde at nogen Ting forsverge vilde”, som han segjer Wessel. Skal det vera heil Norsk, so lyt me hava noko slikt. Me kann ikkje skriva Tak og Takk likeeins, elderstut-tenktforstutt-tenkto. s. b. i Mengdevis. Sant nok, det er ikkje verdt aa hava meir hell godt gjer av det Slaget. Og det kunne kanskje for det fyrste lita seg med aa bruka det til Skilnad millom ellest samljodande Ord, eller der Folk hit-til er vane med aa hava anna istaden. So kunne ein til Vederlag gjerne skriva prædike f. ”prædikke”, PolitikPolitiken og meir slikt. Regelen vart kanskje noko laus; men betre det hell ”stut-tenkt”, som dei gjerne vert slike Reglar, som er til aa slaa gjennom Veggen. Livet er no eingong slikt, at ein lyt bøygja og laga seg, skal ein ikkje stanga seg fast baade her og der.

            

Og so er det alle desse umogelege æ’arne, som det aldri kann verta Greide med og ingenstad høyrer heime, korkje i Europa elder Noreg, allerminst i det ”landsgyldige” egte Kristiania-Maal, der reinæer sogodtsom ukjend utan medretter, medan det ellest, meir hell med noko anna Ljod, skiftar fraa Bygd til Bygd utyver Landet. Sume trur vist det skal vera so mergnorsk dette æ. Men Knudsen kjenner daa for godt til Gamalsvensk og Gamaldansk – og Nydansk med – til aa meina det. Ikkje rettare eg hugsar, so er det noko anna som er Hovudgrunnen for honom, som berre gjelder Dansknorsken og ikkje Landsmaalet: at det ellest vilde verta altfor mange e’ar. Ja det let seg høyra; men ikkje alt det Snakk um Rettskriving og Vrangskriving, og den gamle Regel um til æ, som vel er likeso stut-tenkt som mange andre. Men er det ikkje verre, so gjeng det vel an aa slaa av iminsto og bjoda Forlik solengje, til me kann møtast paa heil norsk Grunn og sleppa væl fraa baade dette og kanskje fleire slike Stridsspursmaal.  

  

Ellest er no Boki langt ifraa berre eit Stridsskrift, men gjev baade Utgreiding og Rettleiding til aa skriva Dansknorsk, som det no brukast, elder som det kann koma til aa brukast; i det heile slik at Maalmennerne hev god Grunn til aa vera vælnøgde.

                                                                                             

 

F.

 

 

¹) Soleis kann eg fortelja um ein Sognebonde, som hadde funnet ut, at Tysk var daa ikkje so vandt aa forstaa helder. Han hadde fylgt ein Tyskar yver Sognefjellet; og daa dei var komne yver Høgdi fram paa Fjellet, so sa’ Tyskaren: ”Schlechter Weg”. ”Ja-ha”, svarad Sogningen, - ”det er nok so slétt og pen veg”, - mot flestalle Gjeitevegar nede i Bygderne paa Vestkanten, meinte han daa. Men um han aldri i Livet hadde høyrt elder set Dansk elder Dansknorsk, vilde han daa vera betre faren, um ein Danskar hadde sagt: ”slet’ Vaj”.

 

 


Frå Fedraheimen 29.01.1887
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum